Takk vere først og fremst Lisa, men og Bøje, har me eit lite håp om litt blomsterflor også på vår parsell. Alle desse plantene har sitt opphav frå hagen deira oppe i Ceglie. Dedikert blomsterelskar er vel ikkje å ta veldig hardt i om ein skal omtale Lisa. Ho jobbar iherdig med å stelle nøye utvalde blomar i hagen deira. Hentar frå alle stader der tørkeherdige blomar er å finna. Resultatet er overmåte fint, og heilt uventa midt oppi alt det brunnsvidde etter månadar utan nedbør.
Skal ikkje sjå heilt bort frå at nokre av desse kjem frå Villa Serena der nye eigarar nå har inntatt festningen.Livar har opp gjennom åra vore ein framifrå kontaktskapar. Alle dei norske rundt Ceglie har me blitt kjent med via han. Her er gjengen samla hos Aud og Leon. Dei skaffa seg hus like ved Ceglie for 6 - 7 år sidan. Dei hadde funne Livar sin blogg om livet i Puglia, og tok kontakt med han. Då dei var nedover for å ta i øyensyn eit hus dei ville ha som dei hadde sett på nett. Akkurat då var Livar i Stavanger, medan eg var i huset vårt på Cda Coltura. Slik fekk eg møte dei først av alle oss i gjengen rundt Livar. Me møttes på hjørnet av Piazza Sant'antonio i Ceglie. Hos Stefano på Osteria del Coco Pazzo i Martina Franca fekk me mat og tid til å bli litt kjende.
Hus fekk dei og godt integrert med roglianarane har dei blitt. Før dei reiste sørover nå i haust, vart dei lovformelig gift, så bacalaopartyet Livar tok initiativ til, vart mest som eit lita bryllupsfeiring. Det kom og eit lite og forsiktig ynskje frå kokken, han meinte me kunne jo feire meir kjærleik når me først var samla. Og feire kan me visst meir enn gjerne. Gerd passerte testen med glans. Ei elskelig dame seier Anne Marie.
Dagen etter, 6.oktober tok me på heimveg. Planen var eigentlig å reise mandag 7., men då med ein ganske så lang førsteetappe. Latiano - Bussolengo er 925 kilometer. Grei nok dagsetappe om ein startar tidleg og kjem seint fram. Men same kor god bil ein kjører, blir ein sliten. Ladepausane er ikkje samla sett lenger enn mat og pisssepausar, så total kjøretid blir nokså likt har me funne ut. Vasto, sånn omtrent midt mellom vart nytt mål.
Me trega ikkje på besøket i den byen. Mykje fint å sjå, både gammalt og nytt.
Byen ligg på kanten av eit platå,
noko som gjev fin utsikt sørover langs kysten.
San Nicola di Tremiti kjem me sikkert aldri nærare enn dette.
Denne portalen var heilt tilbake frå romersk tid.
Delvis murt opp av murstein.
Og der dukka sanneleg San NMicola di Tremiti opp att,
denne gongen med bakgunn av lyset frå ei oppadgåande sol.
Inspirert av Lisa, fekk Anne Marie med seg eit håp om meir blomsterprakt på Cda Coltura. Men dei tålte ikkje transporten til Vigrestad. Hadde fuktig transport og fekk så mykje vatn dei ville ha, men dei ville rett og slett ikkje meir.
Resten av ferda nordover gjekk som normalt, med eitt par unnatak. Like nord for Verona, i Bussolengo overnatta med på l'Upupa, ein stad me har overnatta på før. Me visste kva me kom til der me fann vegen inn gjenom bom og inn i eit stort gartneri. Vertinna Zara tok imot oss som om me i årevis hadde vore faste gjester der. Etter ein del fram og tilbake mellom anna på leit etter lading, vart me enige om å gå på ein kafe/restaurant i tilknytning til eit idrettsanlegg. Ganske enkelt egentlig, men du verden for ein pizza dei kunne servere. Pizza med tomatsuas, masse parmaskinke, burrata og konfiterte tomatar. Betre pizza enn det har eg aldri smakt før, og dette var altså på ein plass tilsvarande kafeen på idrettsklubben heime på Vigrestad. Absolutt utanom det normale vil eg sei.
Utanom det normale nummer to var då me stoppa ved Lantz på Brenner. Der er det mulig å lade med Tesla sine superladarar. ABB Stazione di Ricarica ligg like ved. For første gong sidan 20 mars 2024 slo ladeangsten til for fullt. Rett nok straum nok til å kome seg heilt til Tysklsnd utan lading, men det var jo på grunn av bilen sin evne til å lade seg opp ved kjøring nokså mange høgdemeter ned frå Brennerpasset til landskapet flatar ut ved Innsbruck. Teslaappen fekk ikkje kontakt med ladestolpane. ABBladaren ville ikkje autorisere verken ladebrikke eller bankkort. Prøvde meg på oppringing via knapp på ladestolpen til ABB, men ingen svara i andre enden. Enden på vår vise vart etter etter litt leiting og gjennomtenking å snu tilbake mot Italia for å kome over på vestsida av motorvegen. Der fann me ladar som funka og roen i heimen kunne senke seg att. Medan me venta på ladinga fekk me sjanse til å besøke OUTLET. Merkevarer av alle salg hadde dei å by på i ganske så smakfulle lokale. Tregar endå at eg ikkje kjøpte dei Adidas og Salomon turskoa som eg har så god bruk for. Men, men, det får heller kome ved eit seinare høve.
Kø og litt forvirra sjåfør, det var eg som starta kjøringa frå Brenner. Me enda på ein liten smal veg nedst i dalen og såg bare hovudtrafikken på bruen som slynger seg langs dalsida.
Etterkvart overtok Anne Marie og då blir det fart på sakene som de ser. men bare ta det med ro, nå er me over på motorveg og mulighet til å kjøre såpass fort.
Der la me Danmark bak oss.
Bare timar att før me kunne svinge inn i gardsrommet for siste gong.
For siste gong med Id5 får eg vel seie. På heimveg svinga me oppom Fossveien Tengs og fekk eit lite glimt av dette gliset. Pippi sa jo at dette har eg aldri gjort før, så det klarer eg heilt sikkert. Eg har heller aldri kjøpt bil i Egersund frå adresse Contrada Coltura. Alle avtalar klar for overtaking så raskt som mulig etter heimkomst. Betaling vart utført langs vegen frå Kristiansand til Mandal. Forsikring var alt ordna før meir tok ut heimover. Omregistrering vart også gjort mellom Kristiansand og Mandal, så då var handelen så å seie fullført før me som sagt svinga inn i gardsrommet heime for siste gong med EF91925.
Utrydding frå bilen vart gjort kjemperaskt. Ein runde med børstane til Kjell Gunnar på Best pynta på utsida så godt som gjerast kunne. Innvendig rydd og vask måtte eg sørge for sjølv. Klokka 10 fredag 11. oktober kunne eg levere nøklane til den gamle som egentlig var nokså ny den og.
10 til 15 mil lenger rekkevidde er gunnen til galskapen.
Når dette blir lagt ut på nett er det 27 dagar att til Lufthansa tek oss sørover til Bari og 2 førjulsveker i Puglia.
Fat mod. De gule "Lanterna" som Anne Marie kigger på og købte og som desværre ikke overlevede den lange vej til Norge og her kommer Lisa ind i billedet som den frelsende engel, hvor hun allerede har fremavlet adskillige eksemplarer af disse smukke planter, hvoraf nogle er til jer når i kommer igen. Tilmed har Lisa adskillige andre kønne planter og blomster i mange farver, også beregnet til Anne Marie og dig. Fælles for alle nævnte planter er, at de klarer sig selv næsten uden vanding, kun i deres spæde start på livet, er de lidt tørstige. Så når i kommer her igen, så står planterne klar til afhentning og at blive plantet i jeres jord i Contrada Coltura i november måned som er det ideelle tidspunkt for beplantning. Special greetings from Lisa og selvfølgelig også en stor hilsen fra Bøje, som er født og opvokset på landet i Vestjylland nær Vesterhavet.
SvarSlett