Translate

lørdag 12. oktober 2024

På reisefot

Det vart eit lite tomrom når det gjeld blogging mi. 

Men i magen blir det ikkje noko tomrom. Broadway klarer å fylle magane våre med pizza av beste slag. Me måtte innom der for å få oss litt mat før me inntok huset i Strada senza nome a Contrada Coltura.

Då me kom hit til huset vårt på Contrada Coltura, var alt på stell med unntak av internett. Linkem ville ikkje samarbeide med oss. Kom faktisk så langt at eg bestemte meg for å demontere både modem/ruter og antenne for å ta det med og levere tilbake på butikken der me kjøpte det. Å bruke chatfunksjon for å kontakte Linkem var slett ikkje lett. I så fall måtte me funne ein stad med dekning på mobilen, oppretta chat med Linkem for så å oppdage at det stoppa opp i mangel på felles språk. Litt italiensk forstår me jo etter 12 år med jamnlege besøk, men ikkje nok til å løyse innfløkte tilkoplingsproblem. Får prøve endå ein gong å ta straumen til modem/ruter tenkte eg, ofte hjelper det å nullstille utstyret. Hadde gjort det alt mange gonger i løpet av første veka her, men nå, nå hjalp det. Plutselig var me her langt ute på den puglianske campagnaen linka opp mot WWW. Det blinka i rette lamper og inn på mobilen strøymde bilete og tekst frå verdsveven. Ikkje like lystelig alt der nei, men fint å kunne kommunisere med venner og kjente.

Me fekk bare helse på Signe ein gong på denne turen. Pranzo på La Silvana på første søndagen. Etter det fekk ho utført ein hofteoperasjon med opphanld på rekonvalisering etterpå. Blir gild å møte henne igjen når me reiser nedover eit par veker sist i november.
Kjølande vatn er herlig i varmen. Frå den 135 djupe borebrønnen held vatnet nokså stabilt 19 til 20 grader. Kraftig sirkulasjonspumpe med tur innom ei halvkule som fungerer som solfangar gjorde at temperaturen steii løpet av få dagar til 28. Det er i grunnen nok. Bassenget er ikkje så veldig stort, men litt meir enn å væte føtene i er det i stand til. Går an å symje litt distanse i det og om ein bare aksepterer at ein må snu ganske så ofte. 200 meter var lengste strekket eg tok. Del det på 5, så får du tal på vendingar.
Lurt å alliere seg med Biltema. Deira insektfjernar på sprayflaske er utrulig effektiv. Då me kjørte bubil opp og ned til Puglia var ikkje aerodynamikken heilt på vår side. Fronten av påbygget vart nesten svart av ihelkjørte insekt. Slett ikkje så ille på Id5, likevel fekk me godt nok bruk for hjelpemiddlet frå Biltema. 

Gjester er gildt å få, og når gjestene i tillegg er gilde er det ekstra gildt. Me fekk besøk av Arna og Palle. 

Anne Marie lagar deig og og pizzafyll. Mitt bord har blitt å kjevle ut til passande emne for pizzasteiking. 
Då me kjøpte huset vårt var ein av føresetningane at der skulle vera forno a legna. Me har hatt mykje glede av den. Det tek rett nok lang tid å fyre opp, men når temperaturen er nærare 400 grader, då er den klar. Og fort går det å få pizzaen steikt.

Globetrotter Palle med kona globetrotter Arna ser ut til å vera nøgde med resultat av steikinga. Me brukar å la gjestene sjølv få velgje kv dei vil ha på pizzaen sin, så legg me til rette så godt me kan.

Palle reiste eg i lag me på mitt første besøk i Puglia, 7.februar 1998. "The more you know, the more you grow"  var mottoet i vårt Comeniusprosjekt. Me avtalte å treffe Palma, kollega frå samarbeidsprosjektet og Ubaldo mannen hennnar på restaurant  den dagen Arna og Palle skulle heimover. 


Me fekk ein triveleg ettermiddag med mimring og oppdateringar. Maten kunne vore verre, absolutt. Det er Meggie som tok oss med på Spilu, og ho gjekk etter kvalitet. Antipasti som jo er forrettar blir nesten som eit heilt måltid i seg sjølv. Var vel bare Ubaldo som såg syn på ein heil hovudrett etterpå. Me andre delte hovudretten på 2.

Når me var skikkelig mette var det tid for avreise for gjestene våre. Avskjed med Ubaldo og Palma og deretter transport til flyplassen for Arna og Palle som reiste heim att via Gdansk. Og me, me gjorde oss klar for neste besøk, også denne gongen folk med opphav frå Hårr.