At det går an å vera så vekkreist. Helst vanskelig å tru, men nå sit eg første vakt denne natta. Vaktskifte klokka 4. Men kva i hendelse har skjedd som krev vakande natteteneste?
Morgonen etter valgnatta såg Anne Marie ein solstol som stod oppetter muren halvvegs opp til vegen som passerer forbi her. Hadde eg plassert stolen slik? Ikkje lett å forstå, for verken ho eller eg hadde flytta på stolen seint på kvelden før me la oss. Sjå der sa Anne Marie, panseret på bilen er ikkje heilt lukka. Eg løfta på for å sjå, og der var det rota til og startbatteriet var heilt fråverande. Det same var forresten vindusviskarane og, bare spindelen dei er festa til stod att. Litt meir kikking inni bilen avslørte at eit pipenøkkelsett, startkablar, lydkabel, Gps, ein myntboks, reparasjonssett med lakk og ikkje minst eit par pakkar med tyggegummi var borte vekk.
Endå ein gong fekk me hjelp til opprydding, sjølv om me meir enn gjerne kunne klart oss utan den hjelpa.
Etterkvart gjekk det opp for meg at eit sett nøklar til huset med fjernstyring til alarmen også var borte.
Når me parkerer Roomsteren hos Meggie og Pascalone let me alltid att eit sett med nøklar om noko skulle skje med huset. Etterpåklokskap er i grunnen veldig enkelt, bare så synd det
ikkje hjelper. Med nøklar på videvanke er det ikkje lett å finne roen denne natta. Låssmed hadde ikkje rett størrelse på låssylinder. Han ville skaffa det, og koma for å montere på torsdag.
Batteri fekk me på Autopro, ein tidlegare bitteliten verkstad inne i San Michele. Ryddig og reint var der, men mange av reparasjonane vart utført på fortauet på grunn av plassmangel. Verkstaden har sett opp nybygg i utkanten av byen, og der er det ikkje snakk om plassmangel verken inne eller ute.
Nødbatteriet Pascalone kom med og som gjorde at eg sjølv kunne kjøre til Autopro vart demontert og nytt friskt sett inn i staden. Vindupussar og vinduspussar armar vart bestilt, så problem med å kjøre i regnver slik som i dag skulle det ikkje bli. Ikkje meir enn kjørt vidare frå verkstaden får eg telefon om at eg kan kome til Pascalone og hente pussar som er klare for montering. Var oppe hos Autopro i dag. Det mangla ein mutter elles var det nokså enkelt. Hadde nok fått det til sjølv om eg bare hadde hatt mutteren. Kor mykje skal du ha for de spurde g karen når han var ferdig. "Andare via. Niente" var svaret. Han brukte vel 5 minutt på jobben, men betalas skulle der ikkje.
VigilNova lova å koma i morgon for å omprogrammere telekommando som dei seier her, fjernstyringa til alarmen. Dei baud seg sjølv til å patruljere forbi her fleire gonger i løpet av natta. Men så vart Anne Marie og eg likevel samde om å sova på skift i løpet av natta. Om 12 minutt er det min tur i senga, så reknar eg med at svevnen tvingar seg på nokså fort.
Rett innforbi døra der nøklane er på videvanke, plasserte me ei gardintrapp med diverse metall kjøkkenredskapar på. Reknar med at det vil vekkje dei som søv på innsida av døra om nokon prøver å opne den.
Dagens hyggeligaste: Då eg var hos låsmannen som kanskje er litt yngre enn meg, kom det ei eldre dame inn. "Det er mor mi" sa han, "ho har budd på Contrada Coltura". Han hadde alt fått mi adresse med tanke på at han skal kome hit ned på torsdag. Men kor på Cda Coltura har ho budd lurte eg på. Ved sida av Lina, ho med to søner i Roma fortalde ho og Netta i neste hus og så i huset deretter, der hadde ho budd. Og det er faktisk huset vårt.
Eg fekk slikt godt inntrykk av dama. Ho helsa med begge hendene og hadde slik ein varme i ansiktsuttrykket. Så mor til låsmannen har altså budd ein del år i det huset me bur i her i Puglia. "Il mondo non è grande". Kanskje me skal invitere henne på ein liten visitt?
Translate
onsdag 11. september 2019
lørdag 7. september 2019
Ein dryg halvtime vatning
Nok vatn for ei stund.
I dag kan du sei det var ikkje nødvendig å ta turen innom dusjen før evt bad. Dusjinga kunne naturen sjølv ta seg av på dei 15 - 20 metrane ned til bassenget.
Merkelig korleis det kan hølje ned i ein halvtime eller så, før det stilnar av og ein bare ser vatn som har samla seg i pyttar rundt alle stader. Jorda her inneheld mykje leire. Av den grunn er bakken lite lek, det byggjer seg ganske fort opp små dammar der terrenget er litt lågare. 2 smågutar drukna faktisk bare eit par hundre meter herfrå i ein slik dam, men då regna det nok i meir enn ein dryg halvtime. Det er reist ei minnestøtte etter dramaet for rundt 100 år sidan.
Som lukka var kom nedbøren kun i væskeform. Hagl på storleik med klinkekuler som dei nettopp hadde litt lenger nord, det slapp me. Eg reknar med at naturlig vatning av olivenlunden er av det gode, i allefall så lenge ikkje det blir skade på dei umogne olivenbæra.
torsdag 5. september 2019
Puglia pensjonist
Då eg jobba som lærar i Honningsvåg var det ein liten førsteklassing som truande med knyttneven hytta mot meg, og spurte om eg ville sjå Honningsvåg frå lufta. På søndag fekk me sjå Vigrestad frå lufta, men situasjonen elles var ikkje slik som i Nordkapp. Me var bare i gang med Anne Marie sin første tur til Puglia som pensjonist.
Dette var det siste me såg av Vigrest før pilotane tok oss utover Nordsjøen med kurs for Schiphol. Vel landa i Nederland og ønskt velkommen av Telenor til å bruke samarbeidande nett i Nederland, kunne me cruise vidare mot gate for Roma. Me rakk ein stopp for mat på den ferda. Kom til Roma heilt i rute. Leonardo Da Vinci ekspressen tok oss inn til sentrum av byen. Me såg ikkje noko til det varsla regnet, men vasspyttar avslørte at metereologane ikkje var heilt på bærtur.Skikkeleg hyggelig kar i resepsjonen på Hotel Pisa, men han undrast fælt på gjestene som sjekka ut nesten før dei hadde sjekka inn. Rommet var lite, i kjelllaren, men likevel heilt ok. Aircondition på veggen gjorde sitt for å halde kjellarluft unna. Badet var mikroskopisk, hadde det vore mindre trur eg knapt eg hadde fått plass der inne.
Me tok oss ein tur ut på søndagskvelden, men etter ein heil reisedag er det litt begrensa kva ein orkar. Finaste objekt i denne blomsterhandlen kan du bare gisse deg til kva eg syns er. Forresten trur eg ikkje den er til salgs.
Me hadde oss mat i to omgangar på same stad. Først pasta på veg ut på tur. Det smakte særs godt, så då var me rett og slett så kjedelige at me hadde ein stopp der før me tok kvelden på hotellet. Det var slik ei lett stemning mellom kelnerane. Smittar for over på gjestene det. Salto in bocca alla Romana. Salto er nok same ordet som me har i salto, då kan ein tenkje seg mat som gjer salto i munnen pga av at det er så godt.
God mat, hyggelige kelnerar og overmåte morosamt doskilt.
Eg kan ganske mykje, men å ta gode selfiar treng eg visst meir øving for å få til.
Bak kvar ei vellukka kvinne står det ein stor mann. Han her er verkelig stor både i figur og i kunnskap om god mat.
Jeann og Linda har vorte eit begrep for oss. Har møtt dei hos Meggie, men har også hatt dei på besøk hos oss. Var forresten dei som kjøpte Apen til Sofie. Den lever visst i beste velgående.
Medan me sat der kom søster av Jeann med mann, dattar og mannen hennar pluss endå eit par. Festlig med slikt lag. Kanskje me ser meir til dei? Heile gjengen kjem forresten frå Belgia.
Tilbake på eigedommen vår prøver me å finne ut kva naturen kan by på dette året. Litt druer var her. Nokså små og med steinar i så dei er travle å eta.
Anne Marie hausta nok til druemarmelade, så får ein sjå kva det blir til med heimtransport.
Om me hadde mange mandler i fjor å styre med, så kan du seie me kan slappe ganske så godt av for det i år. Dette er heile hausten frå nære på 50 tre. Kan nok kome til å blir ganske stor haust neste år.
Abonner på:
Innlegg (Atom)