Du kan sei det slik at varmepumpe som heller lagar is enn varme, det er det lite hjelp i. Einaste fordel måtte vera at trongen for isbitmaskin blir mindre. Bare å fikse ei lita hylle under innerdelen, plassere glas under og vips så er isen klar.
Det vart verre etterkvart. Til sist var heile innerdelen fylt opp av is, og ganske så utgjort, verken fjernstyring alle anna makta å slå kjølevidunderet av.Då var der ikke anna å gjere enn å sjalte ut ENEL, dei me kjøper straum av. Av med hovudsikring, opna koplingsboksen og vips, det vart det det dei kallar ein hard stopp. Endelig ville varmepumpa lya. Mange gonger hjelper det å slå hardt av når elektronikkk ikkje funkar som det skal, eller ein Pc har hengst seg fast i ein bagatell og ikkje vil vidare.
Påskeførebuing på det praktiske planet. Arbeider ein med klorin, skal ein ikkje nøye seg med å håpe det går godt. Ut med alt som skal ta skade. Deretter ikle seg passande verneutstyr for eigen del. Adams drakt fungerer forresten fint til slikt.
Mugg i taket fekk seg ein omgang med sprøyta,
og vips; der vart taket like kvitt og fint att.
Slike temperaturar som dette hadde eg ikkje kvar dag, men denne dagen stoppa ikkje søyla før på 26 i sola i skuggen. Då var det kortbukse og T-skjorte som gjaldt.
Av alle lame namn på etestader må vel Broadway vere mellom kandidatane til ein pris når plassen er å finne i ein liten by nede på hælen av Italia. Namnet skjemmer ingen, men her er det like på kanten. Men eg et jo ikkje namnet på restauranten, det er maten som tel. Pizzaen her er god, passe stor, har fylgje av god drikke, blir servert i eit ok lokale av ok både servitør og kjevlemeister. Må liksom ha ein tur innom der minst ein gong pr. Pugliavitjing. Du finn Broadway i San Vito dei Normanni.
Hos Sofie og Livar står det klar for mottak av huset sine eigne folk til påske.
Kanskje åkeren får seg ein omgang med eit velvakse udyr, men kva veit vel eg. Den eine av dei to som held til her skal feire stor dag til sommaren. Då hadde det vel vore fint med heimeavla grønnsaker å fore gjestene med.
Blomstrar gjer det og inne ved gapahuken. Eg tenkjer det blomstrar nok i fleire krukker når dei bare kjem seg nedover dei som høyrer til her.
Me styrer med vask og muggfjerning innvendig og kalking av vegger utvendig. Endå litt tid att før Lill Karin og Gaute er heilt på plass oppi bakken der dei har funne sitt Puglianske hus nr 2. Men fint blir, det er ikkje vanskelig å sjå, sjølv nå medan det endå står att litt finpuss før det blir ferdig.
Det blir faktisk såpass, ja biletet altså gjennom ikkje heilt reine vindauge inn i eit heller dunkelt rom. Litt skryt må eg vel få koma med av det utruleg gode fotoapparatet eg skaffa meg. Det går forresten an å ringe med det og, både på telenett og internett.
Når her blir fuga blir det supert gardsrom. ENEL som før fekk sin inngang oppå veggen til trulloen, er i ferd med å flytte. Har dei sendt flyttemelding mon tru?
Omfattande arbeid både inne og ute, gjev som resultat at dei til påsken 2019 får bu inn ein skikkeleg fin plass både når det gjeld hus og trullo og også når det gjeld området der huset ligg. Det er faktisk slik at eg blir litt misunnelig. Men eg manglar både mot, pengar og kjøpar av det gamle. Ikkje for det. Cda Coltura er ein fantastisk fredelig og god plass å vera, både for å samla nye krefter og for å ta vare på dei krefter ein endå ikkje har brukt opp. Absolutt ingen andre forventningar enn dei ein sjølv har. Livet er rett og slett extra godt å leva når ein er der. Og nå minkar det på tida til neste tur. Anne Marie fer nedover med fly 11. april. Hadi og eg kjører via Risavika - Hirtshals med avreise herifrå fredag 12. april. I ein alder av 63 år er det jo litt spesielt å bli far til skuleungdom. Skulerute som det er fleire år sidan eg sist eg måtte forhalde meg til, styrer no både avreise og retur. Roomsteren har vore til Eu-kontroll og blitt funnen skikka til 2 nye års teneste i Puglia. 80 hestar blir henta ut frå 3 sylindrar, ikkje så mykje på autobahn tenkjer du kanskje, men eg har nå kjørt same etappe før med bilen og den klarer seg forbausande godt. I fart rundt 120 -130 drikk den 0,58, så me må innom for brønning innimellom. Elles hadde me tenkt å kjøre på skift, eg søv Hadi kjører, Hadi søv eg kjører. Det blir visst ikkje heilt slik ser det ut til. Men tek me tida til hjelp skal me nok vera nede til mandag ettermiddag kveld. Eit døgn seinare enn opprinneleg tenkt.
Beina i veret, godt tilbakelent, god mat på bordet og godt lag. Det er dette me lengtar etter.