Det var gjestene som skulle koma som var det viktigaste i går. Etter å ha flaksa med vengene frå Sola til København, vidare derifrå til München
og så siste etappe til Bari var dei framleis ganske så oppegåande. Me pakka oss tett inn i bilen og tok avganrde Ceglie. Livar ymta frampå om pizzastopp der på den sraden der dei servere Ceglie sin beste pizza. Nå har ikkje eg smaka på pizza frå alle stader i Ceglie der slik spise blir servert, men det me fekk servert fekk ståkarakter og vel så det. Pris snakkar me ikkje om. 6 menn og ei dame gjekk frå bordet og var ikkje akkurat bråsvoltne lenger.
At niese Line og broder Oddvar vil bruke eit par veker av ferien sin her, er det vel ingen som har problem med å skjøna. Akkurat nå melder stokken 26 grader, klokka er 08:35, frukost tid er fleksibel for både gjester og huset sine eigne folk. Det bles litt, sola skin frå skyfri himmel, badevatnet er klar, alt er gjort for eit triveleg opphald vidare.
Feller fins i mange former. Denne er tilpassa eit liv i vatn. Om bare sirkuasjonspumpa jobbar, så er skimmeren i full sving med å fange både insekt og lauv og frø som landar i bassenget og held seg flytande. Det som søkk til botna treng manuell innsats. Då brukar eg ein slags vannstøvsugar som faktisk er utruleg effektiv.
I fjor kjende eg meg mest lurt etter å ha kjøpt felle for mygg. Den kosta nokre tusingar, men medlemstibod på Coop Byggmix heim gjorde at fella var innan rekkevidde.Eg har ein teori om at myggen ikkje høyrer med mellom dei som les. Om så skulle vera, hadde den nok halde seg langt unna denne innretninga, men det gjer den ikkje. I staden for å meske seg med friskt og ferskt blod frå folka her på tomta, let den seg lure. Ikkje alt som luktar godt er godt. Myggen endar i eit lite kammer der den med hjelp av varme og frisk gjennomlufting rett og slett blir dehydrert. Etter det reklamen fortalde om fella, kunne ein tøme restane av mygg, på videoen som følgde med såg det mest ut som ein tømte svart mjøl ut av siste stoppestad for myggen medan den endå var i live.
Hvis ingen går i fella, men passer seg for den, skal alle sammen snart få feire jul igjen!
Ho skulle nok høyrt på mora si denne vesle nesevise som virra rundt på golvet på soverommet mitt i natt. Emmentaleren frista. Siste gong denne vart frista, men eg er redd ho har både forelde og sysken.
Så ganske gale er det nå forresten ikkje. "Det er naturen", som Meggi sa. Me bur ut på campagnaen, og der er det slik. Forresten gjev det godt høve til å rapportere siste nytt på musefronten, og det reknar eg med må vere rett så interessant for dei som tek seg bryet med å lese.
Eit forbrukarspørsmål til sist: Kor lenge etter at du har fått noko kan du klage på kvaliteten?
Eg kan ikkje begripa kvifor det alltid er dei stolane eg set meg på som held slik dårlig kvalitet. Når eg set meg på ein murkant eller ein stein, då har eg aldri opplevd at det har gitt etter. Plaststolar, kvilestolar og nå hagestolar derimot, dei samarbeider dårleg. Vel er magen stor og tung, men eg har då sett andre med både dobbelt så stor og endå større mage utan at dei går rundt med tekst på magen:
FOR STOR FOR STOL.
Nå er det forresten ikkje magen ein sit med heller, det er baken ein brukar til det. Kan de forstå at eg ikkje forstår dette?