Den planen me hadde 2.april, då me fekk aksept for vårt bud på leiligheten i Grønholsvegen vart det heilt nødvendig å omarbeide. Raska på med returen ikkje mindre enn 2 gonger. Men kvifor i all verda tok de ut då? De måtte vel vite at det var meir enn nokre timars arbeid å rydde opp ein bustad der de har budd sidan september 1986, altså mest 40 år.
Etter tre intense veker med rydding og vekkjøring, delvis til Resi og noko til bod tilhøyrande vår framtidige bustad, var det herlig å setje seg i vår superkomfortable Id7 og rette nasen mot Kristiansand.
Der låg Stavangerfjord klar for å ta oss over Skagerak, for å få unna første etappe av dei attståande 2753 kilometrane til me kan trille dei siste metrane ned mot vårt enkle krypinn, vårt vesle Paradis midt ute på Campagnaen i Latiano, Puglia.
Godt me hadde ordna oss me folk som skulle kome på besøk. Hadde me ikkje hatt den avtalen klar, hadde me nok vorte frista til å gå kontinuerlig i rydding og ordning her i huset dei vekene og.
Me nådde akkurat å bli klar i Villa Felizia til å ta imot gjestene. Ein kveldstur til Bari for å hente,
og så hadde me det gåande. Lite kravstore gjester, skikkelig hyggelig besøk å ha. Så fekk me då høve til endå ein gong å vere turistar i nærmiljøet. Bettys cafe i havnepromenaden Brindisi måtte med. Og ganske rett, Inger hadde som ung interrailturist reist via Brindisi med båt til Hellas. Å helse på vår venn kelneren frå Albania er alltid gildt. Det er han som sa dette ein gong eg ville bestille dessert: Du treng ikkje noko dessert, du har jo henne sa han og peika på Anne Marie. Om gjestene er der bare ein ting å seie, dei var veldig greie. Dei gjorde akkurat som me sa, dei slapp å sitje gjerandslause i ein stol og tvinne tomlar.
Me fekk oss ein tur til Alberobello. Ei turistfelle av dimensjonar, men likefullt, etter mi meining, verd eit besøk. Etter å ha vandra i dei smale bilfrie gatene mellom dei eigenarta husa tok me oss ein tur innom Trullo Pernoll, der Signe og Gaute har etablert sitt puglianske paradis som er mykje meir paradis enn det me har skaffa oss.
Men dei har jo tenkt å tilbringe alderdommen der og eg unner dei så vel det dei har fått til. Me fekk oss ein ettermiddag til Grottaglie og. Keramikkbyen har mykje å by på, både det som vakkert er og det som i mine auge meir må karakteriserast som glorete.
6.mai pakka me bilen på ny og tok avgarde mot Sicilia. Der er noko uforklarlig med den øya. Byen Catania er intens og forlokkande.
Turen opp til Etna Rifugio Giovanni Sapienza tok me med buss utan tak, ikkje cabriolet, heller ein busbriolet med flagrande presenningtak. Taubane vidare oppover og buss med ganske vaksne hjul tok oss endå lenger opp. Etter det måtte me ha brukt beina, men då måtte me ha meldt oss på og gått i lag med førar.
4 netter eller 3 dagar går fort når Catania skal utforskast. Sentrum er ganske kompakt, ein når over det meste til fots utan at ein treng gå og svive i det same heile tida.
10.mai var det tid for oppbrot frå Via Tineo, den tronge einvegskjørte gata der bilen vår hadde fått stå i fred medan me for byen rundt dag etter dag for å få med oss det pulserande livet. Ferge frå Messina til Villa San Giovanni der me let etter oss Carl Johan og Inger, dei sa takk for seg for denne gong og reiste med tog direkte til Roma. Nøye tima for at Inger skulle få feire fødselsdagen sin der.
Me la bak oss 420 kilometer på for det aller meste god motorvegstandard. Så var det pakking og samstundes klargjering for neste innrykk. Vår venn Livar som hjelpte oss med å finne akkurat det huset me nå sit som eigarar av i Latiano, spurde så forsiktig her i vår om han og Gerd kunne få låne plassen vår. Kan vanskelig sei nei på slikt, når ein erfaren campagna-bebuar inntek eit enkelt hus på landet, tenkjer eg det kan bare gå godt.
17.mai feiring skulle me hatt i lag med Signe og Gaute frå Trullo Pernoll. Etter planen skulle me lunsje i lag på La Silvana. Ettersom planane våre stadig vart endra, måtte eg høyre med dei om me kunne late som 11.mai var 17.mai, noko dei tok på strak arm.
Aud og Leon var og med og kompletterte. 5 timer med kontinuerlig straum av godsaker måtte til før me sa takk for oss å la i veg nordover. Ein ladestopp hadde me rett etter at me var ferdig med tangentiale rundt Bari. Overnatting på hotell Dragonara Pescara, valgt utfrå det at billig Tesla superladar var tilgjengelig inne på parkeringsområdet deira. Vidare bar det nord og vest over. Me tok vegen gjennom Sveits, som faktisk inneber ein liten svipp på ein halv time gjennom Austerrike. Så var me så heldige at me dumpa borti eit lite gjestgiveri like nord for Bregenz. Gästehaus Fechtig Hergensweiler. Nyoppussa rom og veldig trivelig vertskap. Rolig plass, og det var jo godt etter ein lang dags ferd heilt frå Pescara. Rundt Milano var det ganske så tett med trafikk så ei rolig natt var ikkje å forakte.
Bakeriet i Hergensweiler kan anbefalast. Mykje fristande bakverk både søtt og mindre søtt. Ei godt råd likevel, ta med deg ditt MasterCard når du går derifrå. Litt tungvint å klare seg utan når ein først oppdagar det etter nokre mil på motorvegen. Fint med smarttelefon då, inn på rett APP, sperr gjengløymt kort og vent nokre dagar så får du nytt i posten.
Neste overnatting fekk me like nord for Hamburg, Quickborn. Hotel-Restaurant Seegarten hadde stengt restauratdelen då me kom, men me vart vist til eit idrettsanlegg like ved der dei meinte det var mat å få. Nydelig italiensk mat som ikkje bare gav seg ut for å vera italiensk, det var ekte saker me fekk mette oss på etter endå ein lang kjøredag.
Nattferje frå Hirtshals til Risavika var siste strekket utanlands. Dvs me var visst innom ein snartur i Kristiansand før Stavangerfjord tok leia langs kysten opp forbi Lista, utfor Eigerøy og langs Jæren.
Eg meiner på at Asgeir har har vore på utsida av Festein i kano. Ikkje så gale i stor båt heller når sjøen ligg nærast heilt stille.
Ofte har det vore slik at neste tur har vore ganske settla før ein har vore ferdig med den enn så lenge siste turen. Nå er det helst kortare tur ein prøver å planlegge, ikkje ein gong ein heil kilometer. Men det er den turen som får all oppmerksomhet nå. Men ver sikker, så snart det heile er i boks, me er vel plassert i leilighet og huset er ferdig rydda, vaska og selt, då blir det ny Italiatur. Heilt sikkert ikkje i juni, heller ikkje i juli, lite sannsynlig i august, meir mulig i september og ganske så gode odds for at oktober blir månaden der danske grevlingar bør halde seg i sine tunnelar når me fer forbi.