Translate

mandag 25. november 2024

Oliventremassakren

Det er alt mange år sidan me såg det første teikn på sjukdom på oliventrea våre.
I 2017, då me hadde besøk av Nihad og Ali saman med Karin og Torodd, kjørte me via Lecce til Galipoli. Var vel første gong eg ante kva omfang xylella kunne få. Nesten fullstendig skada tre i store områder. Sakte men sikkert har det dei meiner er ein virussjukdom spreidd seg nordover på Salentohalvøya.  Kanalene som fører væske frå rota ut i greinene vert ødelagte, og grein etter grein visner bort. Det går an å klippe bort døde greiner, men det blir ikkje anna enn makeup på treet før det til sist tek heilt overhånd og treet kreperer. 
Godt me ikkje baserte kjøpet av huset vårt på inntekt frå sal av olivenolje. Med til saman 14 skikkelig gamle tre, rundt 200 til 250 år gamle og 35 nyare, 40 til 50 år gamle, så kunne det o beste fall eit godt år blitt ein heil del flytande gull. Så vart det nok til å dele med venner, men ikkje så mykje meir heller. Dei pat siste åra har me handla olje her lokalt, så har i det minste jord og klima vore sånn omtrent som om oliventrea stod på vår grunn.
Giulio som har stelt jorda under trea, hausta oliven når der har vore noko å hausta og teke seg av beskjæring av trea våre har gitt gode råd undervegs.
Ta vare på ein eller to renningar  ved rota av kvart tre. Gjerne den renninga som ser kraftigst ut. Nå.ser me kva nytte det var i det.
Her om kvelden kom det forbi ein traktor med diger transporthengar med ein liten gravemaskin oppå, 2 store Iveco lastebilar med høge karmar, ein liten Iveco lastebil og til sist ein mannskapsbil, ein Opel Zafira. Maskinene vart parkert på tomta til Netta, vår nærmaste nabo. Morgonen etter forsvann heile bøtteballetten i det det lysna av dag.                                                                    

På denne staden var det sikkert søkt om løyve til å fjerne både tre og rot. Dei gamle trea  må gjennom ei byråkratisk mølle om dei skal fjernas heilt. Me fekk hykke tak i arbeidsfolk då dei starta på arbeidet hos nabo Lina. Giulio, vår venn som steller tre og grunn hos oss, kom og tok over kommandoen. Eg har full tillit til at han veit kva som kan og skal gjerast. 
Hos oss står det att ein kraftig renning etter at infisert stamme og greiner er fjerna. Det er denne renningen som fritek ein frå plikta om å søke for å fjerne også rota. 
I tillegg har Giulio lova å plante i eit nytt friskt tre av slaget lecciono, som er eit tre slag som taaler angrep av xylella betre enn dei godt tilårskomne trea som nå er fjerna. Me har eit tre av denne sorten her på tomta frå før, og det treet har klart seg midt mellom virussmitta tre. Blir nok greitt med dei nyplanta trea når det bare går nokre år.  Kanskje ikkje i vår tid, men fint å late etter seg noko andre kan kome til å ha glede av.
Dei som har vore på tomta vår med bil veit kor trongt det kan vera.
Dugleik av høg klasse ligg tydeligvis til grunn når store maskiner tek seg fram mellom murane i innkjøringa.






Det kjennes faktisk godt at dei sjuke trea har  blitt tatt. Ikkje mykje gildt å sjå på korleis det meir og meir har tørka ut og visna på dei fleire hundre år gamle trea.
Noko rydding vart det jo på oss og, men det går fint. Brenning er jo bare  god underhaldning når det går føre seg i kontrollerte former.  Arbeidsveret  i dag byr på sol frå mest skyfri himmel, 
17 gr pluss og lett vind.  Blir god tærre for klesvasken av det.

mandag 21. oktober 2024

Vegen heim fant me

 




Takk vere først og fremst Lisa, men og Bøje, har me eit lite håp om litt blomsterflor også på vår parsell. Alle desse plantene har sitt opphav frå hagen deira oppe i Ceglie. Dedikert blomsterelskar er vel ikkje å ta veldig hardt i om ein skal omtale Lisa. Ho jobbar iherdig med å stelle nøye utvalde blomar i hagen deira. Hentar frå alle stader der tørkeherdige blomar er å finna. Resultatet er overmåte fint, og heilt uventa midt oppi alt det brunnsvidde etter månadar utan nedbør.




Skal ikkje sjå heilt bort frå at nokre av desse kjem frå Villa Serena der nye eigarar nå har inntatt festningen.
Livar har opp gjennom åra vore ein framifrå kontaktskapar. Alle dei norske rundt Ceglie har me blitt kjent med via han.  Her er gjengen samla hos Aud og Leon. Dei skaffa seg hus like ved Ceglie for 6 - 7 år sidan. Dei hadde funne Livar sin blogg om livet i Puglia, og tok kontakt med han. Då dei var nedover for å ta i øyensyn eit hus dei ville ha som dei hadde sett på nett. Akkurat då var Livar i Stavanger, medan eg var i huset vårt på Cda Coltura. Slik fekk eg møte dei først av alle oss i gjengen rundt Livar. Me møttes på hjørnet av Piazza Sant'antonio i Ceglie. Hos Stefano på Osteria del Coco Pazzo i Martina Franca fekk me mat og tid til å bli litt kjende.
Hus fekk dei og godt integrert med roglianarane har dei blitt. Før dei reiste sørover nå i haust, vart dei lovformelig gift, så bacalaopartyet Livar tok initiativ til, vart mest som eit lita bryllupsfeiring. Det kom og eit lite og forsiktig ynskje frå kokken, han meinte me kunne jo feire meir kjærleik når me først var samla. Og feire kan me visst meir enn gjerne. Gerd passerte testen med glans. Ei elskelig dame seier Anne Marie.



Dagen etter, 6.oktober tok me på heimveg. Planen var eigentlig å reise mandag 7., men då med ein ganske så lang førsteetappe. Latiano  -  Bussolengo er 925 kilometer. Grei nok dagsetappe om ein startar tidleg og kjem seint fram. Men same kor god bil ein kjører, blir ein sliten. Ladepausane er ikkje samla sett lenger enn mat og pisssepausar, så total kjøretid blir nokså likt har me funne ut. Vasto, sånn omtrent midt mellom vart nytt mål. 
Me trega ikkje på besøket i den byen. Mykje fint  å sjå, både gammalt og nytt.
Byen ligg på kanten av eit platå, 
noko som gjev fin utsikt sørover langs kysten. 
San Nicola di Tremiti kjem me sikkert aldri nærare enn dette.
Denne portalen var heilt tilbake frå romersk tid. 
Delvis murt opp av murstein.
Og der dukka sanneleg San NMicola di Tremiti opp att, 
denne gongen med bakgunn av lyset frå ei oppadgåande sol.

Inspirert av Lisa,  fekk Anne Marie med seg eit håp om meir blomsterprakt på Cda Coltura. Men dei tålte ikkje transporten til Vigrestad. Hadde fuktig transport og fekk så mykje vatn dei ville ha, men dei ville rett og slett ikkje meir. 
Resten av ferda nordover gjekk som normalt, med eitt par unnatak. Like nord for Verona, i Bussolengo overnatta med på l'Upupa, ein stad me har overnatta på før. Me visste kva me kom til der me fann vegen inn gjenom bom og inn i eit stort gartneri. 



Vertinna Zara tok imot oss som om me i årevis hadde vore faste gjester der. Etter ein del fram og tilbake mellom anna på leit etter lading, vart me enige om å gå på ein kafe/restaurant i tilknytning til eit idrettsanlegg. Ganske enkelt egentlig, men du verden for ein pizza dei kunne servere. Pizza med tomatsuas, masse parmaskinke, burrata og konfiterte tomatar. Betre pizza enn det har eg aldri smakt før, og dette var altså på ein plass tilsvarande kafeen på idrettsklubben heime på Vigrestad. Absolutt utanom det normale vil eg sei.
 
Utanom det normale nummer to var då me stoppa ved Lantz på Brenner. Der er det mulig å lade med Tesla sine superladarar. ABB Stazione di Ricarica ligg like ved. For første gong sidan 20 mars 2024 slo ladeangsten til for fullt. Rett nok straum nok til å kome seg heilt til Tysklsnd utan lading, men det var jo på grunn av bilen sin evne til å lade seg opp ved kjøring nokså mange høgdemeter ned frå Brennerpasset til landskapet flatar ut ved Innsbruck. Teslaappen fekk ikkje kontakt med ladestolpane. ABBladaren ville ikkje autorisere verken ladebrikke eller bankkort. Prøvde meg på oppringing via knapp på ladestolpen til ABB, men ingen svara i andre enden. Enden på vår vise vart etter etter litt leiting og gjennomtenking å snu tilbake mot Italia for å kome over på vestsida av motorvegen. Der fann me ladar som funka og roen i heimen kunne senke seg att. Medan me venta på ladinga fekk me sjanse til å besøke OUTLET. Merkevarer av alle salg hadde dei å by på i ganske så smakfulle lokale. Tregar endå at eg ikkje kjøpte dei Adidas og Salomon turskoa som eg har så god bruk for. Men, men, det får heller kome ved eit seinare høve.

Kø og litt forvirra sjåfør, det var eg som starta kjøringa frå Brenner. Me enda på ein liten smal veg nedst i dalen og såg bare hovudtrafikken på bruen som slynger seg langs dalsida.  

Etterkvart overtok Anne Marie og då blir det fart på sakene som de ser. men bare ta det med ro, nå er me over på motorveg og mulighet til å kjøre såpass fort.

Der la me Danmark bak oss. 
Bare timar att før me kunne svinge inn i gardsrommet for siste gong.
For siste gong med Id5 får eg vel seie. På heimveg svinga me oppom Fossveien Tengs og fekk eit lite glimt av dette gliset. 
Pippi sa jo at dette har eg aldri gjort før, så det klarer eg heilt sikkert. Eg har heller aldri kjøpt bil i Egersund frå adresse Contrada Coltura. Alle avtalar klar for overtaking så raskt som mulig etter heimkomst. Betaling vart utført langs vegen frå Kristiansand til  Mandal. Forsikring var alt ordna før meir tok ut heimover. Omregistrering vart også gjort mellom Kristiansand og Mandal, så då var handelen så å seie fullført før me som sagt svinga inn i gardsrommet heime for siste gong med EF91925. 
Utrydding frå bilen vart gjort kjemperaskt. Ein runde med børstane til Kjell Gunnar på Best pynta på utsida så godt som gjerast kunne. Innvendig rydd og vask måtte eg sørge for sjølv. Klokka 10 fredag 11. oktober kunne eg levere nøklane til den gamle som egentlig var nokså ny den og. 
10 til 15 mil lenger rekkevidde er gunnen til galskapen.
Når dette blir lagt ut på nett er det 27 dagar att til Lufthansa tek oss sørover til Bari og 2 førjulsveker i Puglia.

lørdag 19. oktober 2024

Litt av kvart, kos og alvor.

Det er vel best å skunda på litt om eg skal rekke å blogge frå siste opphald før ny tur til Cda Coltura.

Nå som dei gilde gjestene har reist heim, kan eg stå der ved bommen og undrast. Kva meir har denne sommar nr 3 å by på? Ja, me hadde jo sommar på Contrada Coltura i mai, ny sommar heime på Vigrest i juli og august for så å legge til ein ekstra sommar på Cda Coltura i september. 
Passar utvilsomt betre for meg med sommar enn med vinter. Difor juksar me litt slik Ingrid Espelid gjorde, og skaffar oss ein smak til av sommar dette året med eit par ekstra veker der sør i slutten av november, starten av desember.Temperaturen då kan iallefall vere på høgd med dei ringaste sommardagane her på Jæren.
Det er natt over Europa. Omtrent der hælen er festa til støvelen har me funne staden for oss. 12 år har me halde til der i periodar av året. Tidevis har det vore fint, men innimellom har det også vore krevjande. Lite gildt å kome dit når det første ein ser er at taket over skuret der me lagra diverse elektriske reiskapar rett og slett var opna som om det var ein hermetikkboks og reiskapane hadde forsvunne. Endå verre var det då me sov vår djupaste søvn medan tjuvar var inne i huset vårt og forsynte seg av det dei måtte ha lyst på. Og me sov og sov og sov, like til eg vakna av ruselydar frå bilen og såg frontlysa på ein bil ryggande i full fart opp mot vegen forbi tomta vår.  Men det går over som han sa reven då han vart flådd. Nå går det faktisk an å slappe av igjen om natta slik som før. Ikkje stadig oppvakning med trong for å sjekke eventuelle lydar i det fjerne eller nære. Planar om salg er satt på is enn så lenge. Gleda ved opphald i huset er tilbake også nattestider.

Denne møtte eg ein kveld eg var ute og gjekk tur i stupmørket. Ingen gatelys som forstyrrer nattsynet. Her skulle Fie har vore. Fie er vårt første barnebarn, ho likar alt som er slimete og ålete. Kanskje ho hadde vilja gi padda eit lite kyss, og kven veit kva då som hadde skjedd. Europeisk grøn padde kunne fort blitt ein PRINS.
På den vesle turen i totalt mørke og lett regnver med hovudlykt på for å halde meg på vegen, såg eg 11 av denne arten. 3 av dei rett nok ganske så flatklemde etter å ha blitt påkjørt. Det kunne fort blitt ganske så mange prinsar den kvelden om bare kysseviljen hadde vore tilstades.

Med internett på plass att, kunne ein følgje med på kva som skjer heime i Norge. Stadig gjentakande tema er den forferdelig kursen på den norske krona.  Lite skjønar eg. Skjermdumpen over syner jo ganske så tydelig at før dei som har skulda for eller ansvaret for den dårlige kursen nå overtok styringa, så var det helst verre en verst. Tilbake til oktober 2012 då me kjøpte huset vårt på Contradaen, var krona sterk. Me betalte 7,36 for 1 Euro på det tidspunktet. Etter det har prisen gått jamnt og trutt oppover, og kven har vel skulda for det lurer eg på?  Finst visst ingen tvil om det, les me i media heile tida. Eg har nå mine tankar om det. Kanskje det ligg utanfor det politikarane har styring over.



Mykje brød i Supermercado Dok,  Famila, EuroSpin eller Coop er laga først og fremst av fint mjøl. Litt grovare brød får me lage sjølv. Samarbeid mellom Anne Marie og meg førte til det som iallefall ser veldig bra ut. Anne Marie blanda deigen og eg gav deigen hjarte lungeredning kvar halvtime i sikkert 6 til 7 omgangar.  Men steinbakte brød vart det ikkje. For å kontrollere varmen, fekk den elektriske omnen duge. Brødbaking i vedfyrt steinomn har me så langt ikkje øvd på. Motet held rett og slett ikkje. Lett nok å fyre den opp til 350 til 400 grader, men å halde den på rett temperatur for steiking av brød trur me er vanskelig.



Det tek litt tid å gjere steinomnen klar for bruk. Må fyre godt i fleire timar for at det skal bli varmnt nok. Omnen er så stor at det passar best å fyre den opp når me har gjester. Er den først fyrt opp, så har den god kapasitet. Kapasitet for mykje meir enn det 4 personar klarer å setje til livs.
Det er tid for pizza. Me brukar helst å ordne med den heimelaga varianten når me får gjester. Underhaldning og måltid i eitt.  Omnen er fyrt opp. Sprengfyring i 3 til 4 timar gir god temperatur. 
Når Silje og mormor Sissel inntok Villa Felizia, vart det tid igjen for skikkeleg heimelaga pizza.

Klarer me å vente til taket i vår "forno a legna" blir askegrått, då er det tid for steiking. Eit par minutt i varmen, så er maten klar for munnen.
Treng ikkje så veldig avansert fyll for at det skal smake godt.

Me tek til å bli gamle kjenner eg. Ikkje så unormalt at venner fell frå, eller rett og slett døyr. Gode venner frå livet i Puglia er mellom dei som har gått bort dette siste halvåret. Først Meggie i februar, så Sofie i april og nå sist Ubaldo  i slutten av september.

15 september var me var me ute i lag og åt, Palle og Arna, Ubaldo og Palma og Anne Marie og eg. 


Det vart nok siste utemåltid for Ubaldo. Han måtte direkte til legevakt på Ospedale Antonio Perrino i Brindisi. Etter 11 timar med venting vart han innlagt seint på natta. 2 veker etter fekk eg melding frå Palma, god venn frå The More you know, the more you grow. Ho var aleine. Ubaldo stod ikkje over sjukdommen. Så fekk me med oss korleis ei gravferd kan gå føre seg i Italia.
Dødsannonser er ikkje avisstoff som i Norge. Plakatar blir klistra på husvegger der den døde har budd. I tillegg på store oppslagstavler for det føremålet. Desse var hengt opp på kyrkjeveggen.


Bare nokre hundre meter frå der Ubaldo budde i lag med Palma, vart det bygt ei heilt ny kyrkje i seinare år.. Bygginga har gått føre seg i den perioden me har hatt huset vårt i Puglia. 
Noko av seremonien likna våre skikkar, noko var ulikt. Nattverd midt i ei gravferd er ikkje me vane med. Minneord frå næraste pårørande kjenner me jo igjen. Det som kanskje skilde seg mest ut som veldig uvant, var då båra me avdøde skulle berast ut. Utgangen gjekk føre seg akkompanert av applaus frå lyden inne i kyrkja.

Etter at det heile var over tok Stella oss med på ein kaffibar der me fekk sjanse til å oppdatere litt. Stella var rektor på den skulen Vigrest uungdomsskule hadde samarbeidsprosjekt i lag med. Eg har møtt henne nokre gonger sidan prosjektet vart avslutta i 2004, men har ikkje hatt regelmessig kontakt slik som eg har hatt med Palma og Ubaldo. Dei har eg møtt minst ein gong kvar tur her sør, og det har jo blitt ein del turar av det i løpet av 12 år. Møtte dei mange gonger frå 2004 til 2012 og.