Translate

søndag 28. desember 2025

Rettar på rekke og rad


Dei fjerne og samtidig nære  naboane, Lill Karin og Gaute,  måtte me innom når me først hadde ærend forbi dei traktene. Fjerne naboar i Puglia, nære her i Grønholsvegen.  Dette blir bare flott når dei blir ferdige. Håpar bare ikkje dei røynde huskjøparane blir så trøytte og leie under arbeidets gang at dei sel det heile når det står ferdig i all sin glans.

Og reven var ute med rompa så lang. Nei, det var visst hunden som har adoptert dei nye husfolka som sine. Ikkje godt nok då med naboar frå Vigrestad, så hunden stakk den før eg rakk å ta ei skikkelig bilete av den.

Signe tok oss imot for overnatting i Trullo Pernoll. Me fekk ein gild kveld i lag med mykje drøs. Et langt liv blir fortalt frå, og interessant er det. Korleis det går an å hugse så mykje detaljar kan eg mest ikkje skjøna. 
La Silvana på Selva di Fasano har eg bare godord å seie om. Mat i heilt suveren klasse. Mest slik at min eventuelle beskrivelse slett ikkje kan yte rettferd til jobben Anna, Aldo og Vito legg ned i å gjere gjestene fornøgd. Frå ypperste råvarer til behandling på kjøkken og ikkje mindre dandering ved servering. Det er ei oppleving som absolutt kan anbefalas.

Focaccia som start på måltidet
Ferskost produsert på huset, likande det som er inni burrataen

                      Pasta med soppsaus. Porcini, steinsopp. 
Panzerotti er små fritterte calzone som igjen er samanbretta pizza. Her fylt med ost og tomat.

Capocollo, tradisjonell tørrsalta og speka italiensk spekemat av 
svinehode og nakke. Capocolle betyr hovud nakke.
Agurk, sylta. Servert som eigen sjølvstendig rett.
Artisjokk, men sjokkskada blir ein ikkje av å innta dette
Parmigiana di melanzane, nærmast som ein vegatar lasagne.

Då hovudretten kom på bordet var eg visst bortimot svimeslått av alle dei delikate smakane. Det vart ikkje noko bilete av den retten. Einaste eg hugsar er at den gjekk ned på same vis som alt det andre. 
Frukt og kake vart servert til sist. Akkurat denne kaka var god. Festkaker elles i Italia fell ofte i smak hos meg, men dei gode nok for dei som likar det. (fritt sitert etter Gaute)
Til avslutning på eit nærast endelaust måltid er det vanlig å servere Limoncello på huset. Likør basert på sitron med mykje sukker i. Kor sterk den er veit ein aldri, men for min del held det med ein bitteliten munnfull. Hadde hostesaft smakt så godt, hadde den gått fort unna her i huset.

Eg tok vekk ein del skjemmande antenner frå utsikten der me parkerte bilen ved La Silvana.

Det vart kvelden før me var ferdige på Silvana. Vertskapet Signe og Gaute fekk fornem pandastisk Fiatskyss heim til seg. Me hadde ein dryg times kjøring heim til våre residens, der det meste var klar for retur til Norge. Sidan det me mest manglar er lagersplass i casa a strada senza nome, blir det allltid litt styr både ved avreise og når ein kjem tilbake. 
Så blir det litt å ta ut att når me etter planen kjem sørover sist i april. 


torsdag 18. desember 2025



Har vore høgare før ved Aiguille du Midi Chamonix, heilt til topps 3842 meter. Innsatsen då var ikkje meir enn å ta plass i gondolen.
Litt som i ei svime var me den gongen då me vel kom opp. 


Me starta på 1920 meters høgd. Dit hadde Pandaen tatt. 
Det er mest som magi. Med god hjelp går det fint å koma seg opp i høgda uten å slita seg ut. Buss for taubane på første etappe. Bussen stoppa på 2500 meters høgd. Så sleit me oss nokre høgdemeter vidare opp i det som kan minne om vandring i lecakuler.  Dyrelivet her oppe er sikkert ikkje mangfaldig, men eit par revar fekk me nå med oss borti hogget. Godt kamuflert for å gå i eitt med naturen rundt seg.Me såg ei humle og oppe på vel 2500 meters høgd, men den hadde sett sine beste dagar. Viste likevel godt att i den svarte lavaen. Den hadde gått inn for landing for godt såg det ut for.
Nokon gir seg ikkje så fort som andre. Ser kanskje ikkje så bratt ut, men det skal eg sei deg, her var bratt. Det fekk eg kjenna på då eg lurte meg sjølv til nedstigning til fots og ikkje pr buss.



Etna lever i beste velgåande. Pumpar ut røykfrå toppen, men der har eg aldri vore og dit kjem eg nok ikkje heller. Skal ein heilt opp mot kraterkanten må ein vere i betre form enn det eg både har vore og kan ha håp om å koma i. Får nøye meg med den røyken som kjem i sprekker i sida på eldre krater, 
Det totalt livlause svarte landskapet er rett og slett veldig fascinerande å gå i. Det knasar i lavaen, skoa blir gråsvarte av lavastøv, og etterkvart kjem det inn i skoa og. 
Buss opp vart bytta med bein ned.  Som eg sa: lurte meg sjølv til å bruke beina på nedstigninga. Gjekk fint i starten, men etterkvart vart beina meir og meir ustyrlige. Vile liksom ikkje vere heilt med på dette eventyret. Det er vel melkesyra som herja når muskalne ikkje lenger ville styrast. Det gjekk nå greitt med litt pausar. Den dryge times kjøreturen tilbake til Catania gjekk og greitt, sjølv om alle tre pedalane måtte betjenas. Tek til å bli ein røynd Cataniasjåfør. Sidemann Hadi hadde nok ein og annan kommentar, men eg trur ikkje eg hadde mista lappen på grunn av manglande kjøreferdighet i tett, rask og framoverlent trafikkbilete. Verre var det vel i vesle heimebyen Latiano. Då tenkete eg det var nok å sjå til høgre i det eg skulle krysse ei gate med forkjørsrett. Oversåg ein bil frå venstre. Sjåføren der oversåg ikkje meg. Så inderlig har eg visst ikkje blitt tuta på før under kjøring i Italia.
 

torsdag 11. desember 2025

Novembertur Sicilia

Så var det å kome seg på plass bak rattet. Hybrid må vel vera gode greier for meg som kjører heilelektrisk til vanlig. 

Er vel helst sjåføren som feilar noko. Litt  vel raskt å gløyme korleis ein girar. Er fort gjort når det har gått i automat i fleire år. Normalt ingen kunst å få bilen i revers. Slik Pandaen var parkert måtte det ryggas ut for å kome seg avgarde. Heilt til høgre, så inn med ein låsknapp på girstanga og deretter heile stanga bakover. Etter fleire forsøk utan å be reisefølgjet om hjelp, måtte eg inn til utleigar som straks kom ut og sette bilen i revers utan problem av noko slag. Å sjekka mengden drivstoff må og til når ein leiger fullt til fullt. Og der kjem hybrid inn i instrumenteringa på dashbordet. 

Ikkje heilt likt såg det ut i min bil, men ganske så likt. Indikator øvst her viser temperatur på motor. I Hybrid viser den ladenivå med ei ladsøyle og ein ledning til. Nederste indikator kasta eg visst ikkje eit einaste blikk på. Her jo ikkje full tank vart då min påstand mot utleigar. Kjende meg litt dum då svaret var at det var ladenivå på batteri for hybriddrift. Indikator nedst for bensin viste fullt på min bil. Då var det bare å gi seg ut på vegen.

Alltid spennande å sjå korleis det ligg an med vekstene i hagen ved "casa a strada senza nome". Basilikum stod svært så fint ved sida av ulike blomar som har tilkome oss frå Livar, Lisa eller som Anne Marie har plukka med seg frå ein grøftekant.
Bålpanna måtte og ut straks, sjølv om den faktisk ikkje vart fyrt i i løpet av dei 3 vekene det var folk i huset. 
Me har pizzabakar på Vigrestad. I nabobygget her me nå bur i Grønholsvegen  har me også bakar som frå tid til anna steiker opp ferdige pizzabotnar. Men det Rocco i San Michele lagar blir liksom noko heilt anna. Ikkje for det, er det noko som er lett å finne i ein omkrets  på 7-8 km frå huset vårt, så er det eit utal av stader der pizza blir laga for take away eller servering i deira eigne lokale. Og gode er dei alle eg så langt har smakt på.
Hadi ser nesten litt skeptisk ut før han høgg i. Veldig greitt når ein ved bestilling kan gje beskjed om der er spesielle ønskje om kva ein vil ha på, eller kva ein ikkje vil ha på. Ikkje heilt likegyldig om det er svin eller storfe liksom.
Det er eg som er så opphengt i Sicilia, spesielt Catania. Vart mest litt øvejidde då eg rekna på det og kom fram til at dette besøket var mitt 8.besøk på denne digre øya heilt sør i Italia. Har vore flest gonger i Catania, og det var dit turen gjekk denne gongen og. Overnatting på San Demetro midt i promenadegata i Catania. Der er det grei plass i portrommet for sikker parkering. Greie rom har eg hatt der, om enn ikkje av ganske ny dato. Kva meir treng ein vel for å sove? Reiser jo ikkje til slike byar for å sove. Der er meir enn nok å bruke bein og auger til.

Ved ankomst skulle det ikkje vera folk i resepsjonen, men med oppringing til oppgitt telefonnummer opna porten seg. Då skulle det ikkje vera vanskelig å finne plassen for parkering.
Tydelig instruksjon om korleis kome seg inn kom på Whats app. Enkelt nok å finne ut av når ein bare fekk områ seg litt.  Verre var det å kome seg forbi eit par bilar som stod akkurat der me måtte køyre for å få parkert. 
                           

Etter litt ventetid, måtte eg rygge ut att i hovudgata for å gje plass for eit par bileigarar som også måtte ut for å sleppe meg forbi inn på avtalt og på biletet oppmerka plass.
Døra inn i bygget hadde nøkkelkode, så der slapp me greitt inn. Opp 2 etasjar og så inn i sjølve overnattingsstaden ved hjelp av same nøkkelkode. Video viste så vegen vidare til rommet, som faktisk låg endå ein etasje opp.

At der ikkje var video heilt inn til rommet skjønar eg. Det var rett og slett ikkje noko å skryte av. 2 enkelsenger var bekrefta, men det stemte ikkje. Vart heller ikkje på førehand informert om at makshøgde på leigetakar var ca 5 cm høgare enn min høgde over havet. Eg vart for å seie det slik ganske så skuffa over staden der eg fleire gonger før har vore veldig nøgd. 
De trur det vel vel ikkje, men her står Hadi med føtene godt planta på golvet. Så låg takhøgde var det. Senga viste seg å vere 2 som var sett ved sida av kvarandre. Med litt ommøblering fekk me nå såpass avstand mellom at kunne slå godt ut med armane i løpet av natta utan å vekke reisefellen.
Grunnen til den låge takhøgda er nok at dei har delt opp ein etasje til 2. Rommet det frokost blir servert hadde sikkert 5 meter opp til taket, og er ein kreativ kan ein jo då lett få inn ein ekstra etasjen om ein det vil.



Friterte grønsaker servert i kremmerhus av papir. Etter min smak var det supergodt. Crispy poetet, gulrot, aubergine og sikkert meir til. Litt utrivelig lukt rett nok, men lukta kom av at denne plassen ligg like ved der fiskemarkedet er. Markedshandelen var slutt for dagen, men lukta heng nå i den. 
Etterkvart vart det kveld på ankomstdagen. Då hadde me lagt bak oss ein del timar i leigepandaen. Stor nok med omsyn til plass, men med bare ein liten helst sløv bensinmotor måtte eg planlegge på ein litt annan måte enn når ein fer rundt med ein sprek elmotor som drivkraft. Fratsgrensa nedover gjennom Calabria måtte eg bare gløyme. Marsjfart vart vel 100 -110, på skilta langs mesteparten av strekning står det 130 km/t. Fritert Streetfood sat ikkje så lenge i, då vart det fortausrestaurant på ein av dei utallig restaurantane i sentrum av Catania.

Så var det liksom ingen høydare det heller. Maten Hadi fekk var visst ok nok. Eg ville ha entrecot. Halvparten av den var like seig som det berømte bikkjeskinnet. Skulle vel ha sagt frå på plassen, men rekna ikkje med å besøke plassen meir enn denne eine gongen. Dei har sannsynligivs bare vore litt uheldige med eit innkjøp. Har forresten heilt slutta med å forvente av kjøt skal vere så mørt som det Pascalone nennsomt kjøpte inn og like nennsomt grilla før Meggie kom og serverte. Tida går den. Det som har vore kjem ikkje tilbake anna enn som minner. Så får ein bare prøve å dra lærdom av dei erfaringane me får med oss.