Translate

fredag 4. november 2022

Ikkje nødvendigvis siste vers

Me hadde fine dagar der i "sørens land". Ver og føreforhold var absolutt av dei beste. Meir enn 20 grader, ja heilt oppi over 30 grader nokre av dagane. Me kunne nyte frukost ute kvar einaste dag. Det er seint på kveld ein merkar mest at det ikkje er full sommar lenger. Då er det godt med eit bål å varme seg på. Lenger utpå natta og på morgonkvisten var temperaturen faktisk heilt nede i 6 grader ein morgon.

Besøk skulle me få, og difor hadde me laga planar for 10 dagar. Nokre av dagane var stappfulle av ingenting, det vil seie me rekna med å slappe av ved huset. Otranto, heilt søraust på hælen av støvelen var mellom byane me ville besøke. Sidan gjestene vart forhindra frå reise, tok me likegodt turen sørover frå det som er veldig sør heimefrå. Ikkje alle byar som har slik ei fin bystrand. På trass av det, vart det ikkje noko bading for oss denne dagen. Me vandra litt rundt, fekk med oss ei imponerande borg. Katedralen måtte me og ha med oss sjølv om me har vore der fleire gonger før. Det som gjer inntrykk der er ein fantastisk mosaikk på golvet.



 Eit slags triptykon med hovudkallar bak glas er heller ikkje noko ein ser kvar dag. 


Når me letta anker frå Otranto (løysna handbrekket) tok me turen endå litt sørover til eit område er dei har vunne ut bauxitt. 



Bauxitt er eit av råstoffa som må til for å lage aluminium. Har forresten heilt frå første besøk i Otranto fått høyre at det er mogeleg å sjå over til Albania på austsida av Adriaterhavet når det ligg tilrette for det. 


Denne gongen fekk me sjå konturane av fjella der over havet som skil Italia frå Balkan.


Overnattingsbesøk i Matera var lagt inn i planane våre, og bortsett frå at me gjorde om på bestillinga vår frå to til eitt rom, så heldt me fast på planen. Då Mel Gibson skulle ha ein by som kunne illudere Jerusalem rundt 2000 år tilbake i tid, då fann dei Matera. Det seiest at det einaste dei trong å gjere var å fjerne søppel og kjøre vekk bilane, ellers var det ok. Gamle delen av byen er holer i fjellet som har fått fasade i opninga ut. 
Heilårs julekrybbe med figurar i full storleik.
Tronge smau og trapper i ei slags organisk eining. Byen er ein av dei tre eldste sivilisasjonane som framleis er bebudd. Midt på femtitalet og utover gjekk det opp for styresmaktene at butilhøva var skikkeleg ille i holebyen. Sjukdomar som tuberkulose og malaria herja og gjorde livet hardt og døden ganske nærgåande. Flytting fra området vart sterkt oppfordra til. Mange hamna sikkert i betongsiloar eller betongklossar frå 50 talet og utover på plåtået ovanfor gamlebyen. Sist på 70 talet vart sassiområdet gjenoppdaga. Nå er det rett så trendy med overnattingstader og plasser du kan få tak i mat rundt nesten kvart hjørne.
 
Alarmen i huset vårt er ganske så følsom. Ein kveld skulle eg skifte frå luftestilling til heilt ope på kjøkkenvindu, men då tok det til å ule som om me skulle bli overfalt av ei heil tropp tjuvar. Så var det altå bare eg som ville opne vindu. Fann fjernstyringa av alarmen, og fekk slått av ganske så raskt. VigilNova skjøna nok at det var ein feil.

Mykje ryddearbeid å ta fatt i, og jammen fekk me gjort ein heil del. I panikk nærast, har me ved avreise frå Villa Felizia normalt tatt alt inn. Denne gongen har me nøyd oss med reiskapar og maskinar. Det andre står ute under tak i plastkassar, og skulle det kome nokre "ladri" framom, og dei ser syn på det som står, ja så er dei rett og slett frie til å forsyne seg.  Jordfresar, slåmaskin, x antal motorsager ( bensindrivne og elektriske) kantklipparar, skøyteledingar, korgstolar er trygt plassert inne i stove og gjestesoverom. Litt av grunnen var at me ville helst begge soveromma skulle vera mulige å kjenne att som soverom. 

Gjesterommet har til tider sett meir enn kaotisk ut pga alt rått og rote som skulle ha plass der. Ser betre ut slik som dette, rett nok med nokre maskinar dandert langs sida og enden av sengene.
Reknar slett ikkje med at siste ord er sagt.  Ikkje overdrivent optimistisk med tanke på sal, men prøver me ikkje, så er det ganske sikkert at det ikkje går. Har trua på at me har fått tak i gode folk, ikkje minst ingeniøren som jobbar opp mot kommunen for å få på plass slikt som  diverre ikkje var på plass då me kjøpte paradiset vårt. Går nok greitt til sist. Blir det ikkje nå kan me godt nyte 5 år til på plassen. Får ta utgangpunkt i at helsa held, då klarer me kanskje 10 år til.

2 kommentarer:

  1. Artig at du nevner Mel Gibson og Jesusfilmen innspilt der. Dere har selv møtt rektoren på den amerikanske skole i Roma, hvor hans barn gikk, mens innspillingen pågikk.

    SvarSlett