Då det gjekk opp for meg at eg kom til å vera vekke når stortingsvalet skulle gå føre seg, fekk eg nesten panikk. Førehandsrøysting var heller ikkje mogeleg sidan me reiste sørover til Puglia såpass lenge før valget 13. september. Det går heller ikkje så lett å få andre til å stemme for seg, det stemmer rett og slett ikkje. Kva gjer ein så? Det fins ein ambassade i Roma, men litt i lengste laget å reise dit, nære på ein dagstur med overnatting. Ikkje for det, eg hadde gjort det om det hadde vore naudsynlig. Det er både ein rett, men og ei plikt å stemme slik eg ser det.
Så viser det seg at det i Bari, som ikkje ligg lenger vekk enn 11 mil, der er det eit norsk konsulat.
Gode venner her sør har gjort avtale, og klokka 17 torsdag 29. juli var me klar utfor døra til konsulatet.
Bilen fekk lov å stå på parkeringsplass merka CC.Eg hugsar frå tida då far tok imot førehandsstemmer på Vigrestad at det var veldig nøye. Alle slags opplysningar som dokumenterte kven semmegivar var vart notert. Deretter var det valglister som valgfunksjonær ikkje skulle sjå når den vart putta oppi ein konvolutt. Prosedyren var ikkje mykje annleis her, bare det at nå var det i Bari.
Det er litt høgtid over det når stemme skal avgis. Litt alvor på ein annan måte enn annan kvardagslig alvor.Når ein skal avgarde på slike alvorssame oppdrag er det fint å vera godt førebudd. Signe saman med assistent og sjåfør Gaute stilte med dette som lunsj. Velsmakande som alltid i den trulloen.
Ein liten komentar til sjåføren. Lommeparkeriing som ein lek, og då er det lommeparkering det er snakk om. Ikkje inn i ei luke der det er plass til både to og tre bilar. Respons og reaksjon i tett Baritrafikk som skulle det vera snakk om ein røynd taxisjåfør.
Takk for innsats både på næringsinntak og transport.