Men det var den ventinga. Etter bortimot 4 dagar utan anna vatn enn kjøpevatn i kjøleskapet og litt dusjvatn i bubilen, var endelig ventinga slutt i går på torsdag. Akkurat det å venta er ikkje ein disiplin eg er særs god i. Når så endelig det kjem folk som kan dette med styring av brønnpumper ikkje mindre enn 135 meter nedi bakken, då blir ein glad, svært glad.
Etter byte av fleirtrinnsbrytar som skiftar mellom automatisk og manuel styring av pumpa og byte av svidd kondensator var det fryd og gaman att. Vatnet strøymde inn i dagtanken akkompagnert av lyd som fossefall. 3 mann på saka ville koste både skjorte og frakk heime. Nærare ein times arbeid med to frammøte førte til eit krav på ikkje mindre enn 50 Euro. Ja du les rett, 50 Euro. Og då var brytar og kondensator inkludert. Kva lever dei eigentlig av tenkjer eg. I allefall ikkje av å flå nordmennn på videvanke heilt nedpå hælen av Italia.
Men skal det først vera, så skal det vera. Kranen i gjestedusjen var av gammal type med einhandsbetjening. Heime på Vigrest vart der eit par ledige temostatbatteri etter eit dusjkabinett som tok kvelden og frå eit bad i kjellaren som vart så hardt ramma av altfor mykje vatn, sjølv til dusjrom å vera. 7. august 2014 vart både dusjrom og kjellar utsett for flaum, og i staden for å kaste termostatbatteri syns eg det måtte gå an å bruke det her nede i vår andre heim. Byte gjekk heilt ok i badet for husfolket her. Men like greitt gjekk det ikkje på gjestebadet. Når me nå er så heldige at me får besøk til veka er det ikkje triveleg å by på ein dusj med bare hol i veggen der vatnet skule ha støyma i behagelig straumar ned etter varme kroppar. Heldigvis kom det ny røyrleggjar i dag. Han tok mål og noterte kva som måtte til for å gjere jobben. I morgon klokka 7:30 kjem han for å gjere røyrleggjarbiten. Så får eg prøve med mitt amatørskap på det som ikkje er så viktig. Vatn på frifot inni veggen er det vel ingen som vil ha.
Med vatn tilgjengelig tok Hadi og eg oss på tak og fekk sett opp bassenget. Ingen liten jobb det når bassenget er så "KJEMPESTORT". Hurtigfylling med full kapaitet på tre pumper samstundes. Ei nedi brønnen og to som pumpar vidare frå dagtanken.
Men med slike dimensjonar det her er snakk om, så tek det si tid å fylle opp. Kanskje me kan bada til kvelden når Anne Marie har kome.
For gjester og husfolk har me investert i propellar i taket på begge soveromma. Reknar med det vil falle i særs god smak hos våre to Afis-fullmektigar. Dei er jo godt vane med propellar i arbeidet sitt. Me kan ikkje by på kontrolltårn, men fjernkontroll det skal dei få. Alle som kjem her i varmen skal få det. Har aldri før prøvd slik vifte i taket. Utruleg effektiv avkjøling. 2 og 3 bordvifter kan på ingen måte hamle opp den svale jamne brisen som aldri tok slutt. Og stillegåande var det. Ei og ei av småviftene bråkar forferdelig mykje meir.