For meir enn 60 år sidan plasserte dei meg i dette kjøretøyet. Guten var søt og vogna av ypperste merke. Hugsar eg som 7 - 8 åring ville ha hjula til Ola-bil, men nei. Vogna skulle takast vare på. Kompakt kjøretøy med mjuke linjer. Eg trur alt at då interessa mi må ha blitt vekt. God design med motor inni seg, det er interessant det.
Grandtante Ingrid skaffa seg ein slik som dette tidleg på 60-talet, med sjølvmordsdører. Hugsar far undrast på at slekta inni Oslo kunne gå ned så mange størrelsar i bil, men alt då var det nok lettare å finne parkering for ein Seicento enn for den digre amerikanaren dei hadde før.
Det vart aldri noko Ola-bil av barnevogna mi. Draumen eg hadde som barn fekk aldri liv. Barnet i meg har derimot blitt halde godt i live opp gjennom åra. Alle andre karakteristikkar enn barnleg fryd ville vera feil å bruka om opplevinga av å få setja seg vel tilrette inne i ein Cinquecento. I den grad det er mulig å setje seg vel til rette. For ein som stadig må ha XX og gjerne ein X til saman med L, er det mest så ein må både vri og vende på heile seg for få på seg ein bil i storleik XS.
Den er søt, den er smilande som bare ein liten Fiat kan vera.
Han som eigde bilen kunne opplyse om 5 cavalli bak i motorrommet. Høflig som eg er, eller i det minste gjerne vil vera, let eg vere å bidra med kunnskapen om at modellen i utuna versjon rår over 18 hestar. Dei blir tatt ut av ein knatrande lilleputtmotor på 594 kubikk.
Hadi og Attaullah krølla seg saman og fekk ein minitur i baksetet der på parkeringsplassen. Med knea opp mot taket og føtene såvidt inn under setet framme gjekk det greitt nok for dei få metrane me kjørte. Bagasjerommet hadde definitivt ikkje vore plassen for transport, verken på korte eller lengre distansar.
Idrettsstjerner lever gjerne på sponsormidler. Ei slags sponsing var det vel snakk om her og. Han i den raude buksa hadde fiksa det heile på rett så bra vis for meg. Prøvesitjing og prøvekjøring av bil først. Deretter inn på La Silvana for etegilde, ja det er nettopp etegilde det blir når ein set seg til bords der. Har vore der eit par gonger før, og forventningane blir ikkje mindre for kvar gong. Utvalet av rettar er stort, og denne gongen var det heile sett saman på ein måte som gjorde det greitt go for dei to ungdommane våre, Hadi og Attaullah.
Besøket oppe på Fasano di Selva vart starta og slutta av med spretne småtassar, den putrande 500-en først og til sist kjøt av kje som hadde putra i leigryta og godgjort seg saman med potet, tomat og ulike urter.
Eg må mest avslutta med den herlige klisjeen: Me var alle samde om at me hadde hatt ein gild dag.