Det er vel kanskje litt forvirrande når ein fer frå stad til stad og vegane er meir enn mange. Meir enn nok av høve til å kjøre seg vill. Gps er ikkje plent det beste, med mindre ein likar seg i hjulspor med gras som kostar under og gjer sitt beste for å halde understellet reint. Brått må ein stoppe eit bel, blomane ropar etter å bli ein del av den digitale tidsalder. Gult bare er kult. Om det så er ugras, gjer vel ikkje noko så lenge det ikkje er eg som skal få det vekk. Finn ein bare vegen mellom stadene nemnt nedafor, er ein vel belåten.
Me har jammen vore heldige med huskjøpet i Puglia. Dobbelt heldige rett og slett. Frå før kjende me bare nokre få innfødde i
området. Kollegaer frå tidligare
samarbeidsprosjekt med Vigrestad ungdomsskule, no Vigrestad storskule der eg
arbeidde frå 1994 til 2014.
Etter kvart har me og blitt kjende med ikkje innfødde,
stort sett delvis eller heilt utflytta rogalendingar.
Pedellen og pedellina har
markert seg som sterkt deltakande profilar i vår annektering av 8,5 mål land
midt i olivenlundane mellom San Vito, San Michele og Latiano. «ME tæge dette», var Sofie sine ord etter
at me hadde hatt runden i det som då
vart kalla Villa Julie. Anne Marie og eg var hjartans enige, og slik vart det.
I oktober 2012 var alle formalitetar på plass. Huset betalt med ein kurs på Nok
7,36 for € 1. Hadde blitt ganske mykje dyrare om me skulle
gjort handelen i dag. Fantastisk god hjelp har det vore når Livar seinare har
hjelpt oss med både det eine og det andre. Einaste hjelpa som ikkje har gått
godt, er hjelp me skulle få med hønehald. Ei uproduktiv høne og ei anna høne
som viste seg å vere hane, var liksom ikkje det me hadde tenkt oss.
Sommaren 2012, då me fann denne for oss flottaste plassen på
jorda, høyrde me snakk om eit par frå Sandnes som var ventande saman med ein
skokk med ungar i alle aldrar. Dei var ute i same ærend som oss. Hus ville dei
ha, og hus fekk dei.
Heldige oss. Ikkje bare hus i Puglia, men og mange nye
venner. Treng du lys i tunnelen tek du turen til Ikea. Nei ikkje Ikea Bari, det
klarer seg med Ikea Forus. I lampeavdelinga der treff du Lill Karin. Triveleg
dame det har vore gildt å bli kjent med. Gaute med det gode gliset er ofte å
sjå der Lill Karin er. Me er heldige som kjenner han, og heldige må dei vera, dei
han køyrer på skuleveg heime i Sandnes. Han er svær til å lage mat og, men eg
trur nok Lill Karin gjer meir enn å sørge for leselys til oppskriftsbøkene
når dei lekraste rettar skal lagas til.
Ikkje lenge etter vår etablering i området, vart me gjort
merksame på ein utflytta Varhaugsbu som og ville gjera Puglianar av seg.
Villa, ikkje langt frå Ceglie, med eit stykke jord til og eit udyr mest som sjølve
styggen. Terje er ein koseleg mann, som eg helst trur har bomma litt på
karriere. Det var operastjerne han skulle ha vore, i alle fall ut frå stemmeprakt og stemmebruk å døme. Målfrid er endå ikkje pensjonist, og difor har
det blitt mindre fartstid i Ceglie på henne. Gildt å bli kjent med henne og.
Aksel og Lise Lotte bur litt lenger vekke frå oss, der oppe
i Cisternino. Dei må vera dei einaste eg
kjenner som har eiga rundkjøring inne på eigedomen sin.
Oljekunnskap til
fingerspissane har resultert i pris i USA på særs god kvalitet på olivenolje
produsert frå eigne tre.
Trullo Pernoll med innhald skulle mest hatt ein heil blogg
for seg sjølv. I ein trullo som er som ein draum, har Gaute og Signe slege seg
til ro. Dei har blitt residente og held trullo der sør i Puglia heile året
rundt. Det oser kvalitet av både hus og hage.
Skulle på ingen måte sagt nei
takk til byte av medium for avkjøling på den heitaste tida av året. Vår stamp innbyr ikkje til dei lange
symjetaka, men som avkjøling duger det jo.
Noko av det som gjer bebuarane her ekstra interessante, er vekerapporten
eg er så heldig å stå på mottakarlista
til. Mange glupe tankar på både store og små spørsmål. Eg hugsar spesielt ein
kommentar til kritikk frå norske media til arbeidstilhøva for lausarbeidarar på
landsbygda i Italia. Fritt sitert: Alle innvandrarane kan vel ikkje leva av å
vandre gatelangs eller strandlangs med heile butikken på skuldrene.