03.10.2013
Truleg har det vore overspenning i
straumnettet som har tatt knekken på pumpa som forsyner kranane i huset med
vatn. Her er 13 uttak i alt når vaskemaskin og varmtvannsbereder er rekna med.
Om så er, så har kjøleskapet også tatt kveld av same grunn. Frysedelen fungerer heilt fint,
men sjølv kjøleskapet er heilt duglaust når det gjeld å få temperaturen
ned. Etter Øystein Bratland sitt tips
for mange år sidan, har skapet vore ålveltes i ein halv time. Deretter kom det
på rett kjøl, men like lite kjøl vart det inni skapet. Nytt kjøleskap er det,
men eg finn ingen papir på kvar det er kjøpt eller kva tid det er kjøpt. Er
redd for det endar med at me må kjøpte nytt det og. Slangen for kondens
innanfrå skapet er tett, men eg kan ikkje tru det er det som drep kjølinga.(Men eit iskaldt spor er det) Eit
siste forsøk blir å bruke kompressoren i bilen for å prøve å blåse opp slangen
og få vekk det som blokkerer. Kan bli endå litt meir mas att på hjelpesmannen
Livar. Greitt nok å ta kontakt på telefon med ein elektrikar eg har snakka med
før. Verre å ringe helpdesk for Indesit kjøleskap når mine italienskkunnskapar
avgrensar seg til å telje frå ein til hundre, namn på vekedagar og månadar og
elles ein heil del gloser.
Før me for til Villa Serena hadde me ein
tur innom banken i Francvilla Fontana. Roberto Ricchuta ringde for å finne ut
om me kan få nettbank, men svaret var framleis negativt. Men der er endringar
på gang. I løpet av året kunne det bli endra slik at personar frå land utanom
EU også kan få nettbank i Deutsche Bank Italia. Han lova å maile når
forandringa kjem. Ein kjem heller ikkje utanom den etter kvart obligatoriske
ærend i banken espressoen/cappuccinoen. Har i god tru kjøpt cappuccino i
Stavanger eit par gonger i det sist, men det har på ingen måte vore nokon
saliggjerande oppleving. Ok at prisen er forskjellig, snaue 20 kroner her mot
40 i Stavanger. Skummet som er det som gjer cappuccino til cappuccino skil
cappuccinoen i Stavanger ut som skvip med litt melkesøl i.
Då me kom frå til Villa Serena hadde Livar
alt vore på nett og samla tilbod p nye kjøleskap. Han hadde og funne fram til
fleire adresser der me kunne spør etter hjelp. Mellom anna to adresser i San Vito dei Normanni. To karar for attende
til der eg kom frå. Damene vart igjen for å stelle i huset. Første adressa me
prøvde var bom. Skilt med namn på alle slag kjøkkenmaskinar, Whirlpool,
Zanussi, Beko, Miele, Husqvarna var til lite hjelp i seg sjølv så lenge portane
var nedrulla og ingen folk var på plassen anna enn me to nordmenn på leit etter
kjøleskapshjelp. Den andre adressa viste seg å vera ganske tett på den første,
men heller ikkje der var der folk tilstades. Ein kikk inn vindu viste ei heil
rekkje med nye og gamle kjøleskap, utstyr elles tyda på at det var slikt som
blir bruka til påfyll av kjølemedium. Dette må heilt klart vera rette staden om
nokon reparasjon skal bli gjort. Ein rask telefonsamtale fortalte at staden
ville opne att rundt ½ 6.
Vel tilbake på Villa Serena venta Sofie
sin velsmakande heimelaga lasagne på oss, dessert av typen me tek det me finn
(fiken, druer, eple, nøtter, litt rødvin, dryss av brunt sukker og topping med
ein smørklatt) og så til sist ein liten kopp krutsterk kaffi. Godt med gode folk som kan ta vare på oss
ferskingar i faget «Å leva det gode liv i Italia»
Utpå kvelden når kjøleskapsreparatøren
opne verkstaden sin fekk eg forklart at frysedelen av kombiskapet heldt -24C°
medan kjøledelen kava med temperatur rundt 17 -18C°. Er det eit NO-frost skap
spurde reparatøren om. No currente venti quattro ora, porti operta.
Det bar
heim for å ta ut stikk-kontakten. Fælt å måtte setje frysevarene for
øydelegging på kjøkkenbenken, men isbitar og fryseelement funkar kanskje godt
nok i ein kjølebag til at noko av maten kan etast nest dag.