Translate

tirsdag 27. januar 2026

Klar om 81 dagar

Endå er det god tid før årets første tur til Puglia. Det blir visst solotur denne gongen, i allefall kjøreturen sørover. Eg ofrar meg og tek den tida det treng å få bilen ned til Latiano.  Fekk akkurat tilbud om leigebil frå Discovercars.com.  Ein  Opel Corsa ville koma på rundt 20000 Nkr i den perioden me har planar om å vere der sør. Volkwagen Taigo som ikkje blir selt i Norge ville koma på        50000 Nkr. Renault Espace, som er ein ganske stor bil ville koma på 190000 Nkr.  Som du ser ville kanskje Opelen i tillegg til fly tur-retur Stavanger Bari kunne konkurrere med ferje Kristiansand-Hirtshals, vidare gjennom gjennom Tyskland, inn i Østerrike med vegbetaling (Vignette)og sist strekket på italiensk motorveg frå Sterzing til Taranto til ein kostnad av dryge 1000 ein veg.Eit par overnattingar må ein også legge til. Men eigen bil blir det, då får eg tiflfredsstilt trongen til å kjøre.

Anne Marie slepp lett unna, dei lange dagane langs vegane sørover treng ho ikkje ha anna sut for enn å tenkje på meg.  Ho  kjem med fly saman med utvalde gjester 11.mai. Då er planen min  at mykje av huset er kalka. Slåmaskinen har tatt seg av det høge graset der ikkje Giulio har vore med traktor og horva. Bassenget skal og vere montert og solfangarane skal ha fått starta jobben med å gjere solstråler om til varmt vatn. Men så er det også slik at dei som kjenner meg,  veit meir enn godt at planar er til for å endrast. Kven veit, noko av planane håpar eg no er gjennomført når storinnrykket kjem.

Apropos å ofre seg, det er bare tull. Nå som eg har passert 70,  må eg vel ha lov til å vere litt barnslig. Å leike med bilar var noko av det som var skikkelig gildt i barneår.. Hugsar godt ein liten kvit bil der det stod POLICE på sida. Bilen var utan tak og det sat ein politimann i bilen. Han sveivde på ein gammal sirene. Bilen kjørte rundt og rundt. Når den traff noko rygga den litt og kjørte vidare. Alle guter skjønar korleis dette virkar vil eg tru, jenter og for den del. 

Nå har eg tilgang på større leikety, og endå likar eg å kjøre. Når eg i tillegg kan kjøre fritt for lokale utslepp, så kan ikkje nokon av miljømessige grunnar klage. Einaste må vere fossilfolket, nokre av dei held veldig fast på den forferdelig auka belastninga på vegane som eit par tre hundre kilo ekstra vekt på bilen fører med seg.

Så får eg håpe det ikke blir noko bråstopp av denne turen. Ta ein liten kikk på hjelpemiddelet eg håpar ikkje kjem i bruk. Å ta skikkelige pausar og lange nok pausar undervegs vil vera avgjerande. 

Målet med turen er jo å få parkert trygt og greitt ved sida av det gamle dohuset. Halvvegs bak sjølve huset vårt. Litt unnalurt for ikkje å trekke til seg typar med mindre gode hensikter. Av erfaring veit me at det kan vera ok å ligge litt lågt. Bubilen vart besøkt i 2018. Døra måtte eg heilt til Italia for å få ny.  Skoda Roomster vekte interesse for forbifarande fant eit par år seinare,  men bare startbatteri og vinduspussarar forsvann. I 2021 forsvann heile bilen. Etter mykje styr med vaktselskap, politi, forsikringsselskap og bilutleigefirma men og ufattelig god hjelp av Meggie,  så stod Roomsteren brått ein morgon parkert rett utforbi porten til eiendommen vår. Kor trygt Id7en står veit eg ikkje, men den er nok endå verre å få start på utan nøkkel. Har bare høyrt eit rykte om at el-bilar ikkje er særs popuplære bilar å stikke av med. Håpar det stemmer. Det kan forresten veldig godt gå fint. I dei aller fleste tilfelle gjer det jo det. 

søndag 11. januar 2026

Sjå framover til april

Det er den tida. Det er Nytt år. Det er nytt Pugliaår. Endå kort tid sidan me for frå Villa Felizia., men likevel alt i gang med planlegging for neste besøk. Først må eg gjerne avslutte skikkeleg det som alt er historie. 

Nokre dagar på Sicilia i Catania saman med Hadi var fin opplading til siste Italiaopphald 2025. Turen frå Latiano til Catania over Messinastredet tek oss gjennom mange slags landskap. 

Først endelause druemarker ved Taranto. Så langs kysten  mot Trebisacce. Der kryssar ein over til vestsida av Calabria. På dette strekket er der enorme vidder dekka av sitrontre og mulighet for å stoppe å kjøpe sitronar langs vegen, akkurat slik ein kan stoppe og kjøpe grønsaker langs vegen her på Jæren. 

Landskapet endrar seg etterkvart frå store vidder til bølgande landskap med gras eller skog heilt til topps. Lenger sør er me midt i eit fjelland. Ved Cozenza er deler av vegen bygd som bruer i bratte fjellsida. Ein vekslar mellom veg understøtta av søyler for så å kjøre rett inn i svarte hol i fjellet. Men fram kom med med den pandastiske Pandaen. 
                   Hvorfor være stor når man er lykkelig som liten.                 De fleste gikk det ille som større være ville.

Turen over Messinastredet går på omtrent 25 minutt. Etter det er det bare att ein dryg times tid, før ein er framme i Catania, ja for min del er det Catania som gjeld,  saman med Etna då. 
Det blir kanskje ei tid til neste Cataniatur. Reisefellen fantaserte om å leige denne på neste tur. Så spørs det då om ikkje det bare er ein fantasi.

Det vart etterkvart vaktskifte. Han som passa på meg første Pugliaveka reiste heim med same fly frå Bari til Stavanger som vaktavløysinga kom med. 
Me hadde ein liten stopp i Polignano a Mare. Ganske spesiell by der den ligg heilt ute på klippekanten mot Adriaterhavet. 
Midt i klippeveggen ligg Grotta Palazzese, restauranten der me i 2008 feira sølvbryllup i lag med venner frå Vigrestad og kollegaer frå Brindisi. 
Gild by å vandre rundt i, slik like før jul var her ikkje så mykje folk ute og gjekk. Spiseplassene var helst stengt, men denne var endå open. Veldig enkel plass, men maten var god den. 
Ta deg bare ein liten tur inn, og kjem du på traktene er dette eit godt alternativ til dyrare og meir påkosta plasse. Var akkurfat nok ofr langvegsfarande Anne Marie og ein travle skysskar.

Det er vel kan henda neste måltid som er vert dradd opp.

Her er både tunnel og lys i andre enden. 
Litt av dette lyset finn ein i samvær med venner. Alder ingen hindring seiest det. Skikkelig gild å vere i lag med folk som har levd nokre år meir enn meg sjølv, og som i tillegg har tatt lærdom av livet sitt.
Ein tur til La Silvana er også slikt som lyser opp i tilværet. I allefall om ein er slik laga at ein set pris på det som mettar i magen. Forresten, her oppe på Selva di Fasano kan ein sitje og ete i både 3, 4 og 5 timar utan bli bli stappa og uvel. Dei lekraste rettar kjem inn på rekke og rad, alltid i passe små porsjonar.

Limoncello er ei fin avrunding på eit måltid i godt lag med trivelig vertskap, Aldo, Anne og Vito. 

Kva kom først: Bordet, 

bilen 
eller mannen?

Sanninga er at alt var tilstades samstundes.

Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,-
i den blir somren til!
Så vil eg bare legge til: 
             Dette blir den daglig turvegen både sist i april, heile mai                     pluss noko av juni. 
Bra å ha noko å sjå fram til når meteorologane lovar både 

Sterk kuling fra sørøst med vindkast på 29 m/s, 
litt nedbør og bare ei varmegrad natt til mandag 12.jan