Det er mest litt ille, men så langt går ein i overvaking om ein bare har fått så inderlig meir enn nok. Med kamera på taket skal ikkje mykje gå ein forbi av det som finn stad opp mot vegen. Kameraet er testa også, så er der mørkt klarer det å lage ganske gode bilete då og. Har ikkje heilt klart for meg korleis kamera skal festas, men eg trur eg lagar ei innnretning på taket slik at når nokon skal slå det daudt, så får dei litt bry. Eg tenkjer jo ikkje å setje att stigen ute for å gjere det enklare å kome seg på taket. Og før dei har fått tatt kverken på kamera, vipps så ligg dei lagre på server på ein heil annan kant av verda. Då kan eg finne fram rett video og overlevere til Carabinieri. Dei gjorde særs god jobb etter innbrotet sist i september. Har endåtil sendt saka vidare til Procura della republica di Brindisi, men me har etter konferanse med avvocato Daniela bestemt oss for ikkje å gå vidare med saka. Ingen spor etter gjerningspersonar og då hjelper det lite om me brukar pengar på noko som ikkje kan føre oss nokon stad hen. Mitt hjem er min borg seies det. For ytterligare å sikre vil eit likt kamera halde oppsikt med motsatt side av huset. På appen på mobilen blir det bare galltøft. Splitscreen frå Villa Felizia. Synd det er lenge til det kan setjas i drift, men det som trengs er på plass.
Dei gamle oliventrea blir tatt vare på på mangt slags vis. Tufosteinar som held oppe tunge greiner er ikkje uvanlig. Her er det stammen som truar med å dele seg. Tønner oppbundne med tau hjelper nok, men så veldig fint ser det jo ikkje ut. Fekk forresten ein liten tanke, kunne det vere med og hjelpe underteikna sin tendens til å reke ut sånn omtrent på midten? Kor får ein tak i gamle metalltønner?
Så får me setje vår lit til månen, at den er like god til å fange hell som nokre trur hesteskoen er. Må bare passe på at opninga på hesteskoen vender opp, elles renn vel lukka ut like fort som den renn inn. Skulle vere litt plass for lukke på månen når den er i denne fasen.