Me har kjørt forbi Taranto, Grottaglie og Francavilla når me passerer dette skiltet. Denne ruta er ikkje den normale verken når me kjem eller når me reiser heim, men eit par tre gonger og litt til har eg nå reist forbi her likevel. Det var forresten like ved her at eventyret vårt med hus i Puglia tok til. Nokre få kilometer sør for Francavilla var me og såg på eit hus, men det fall ikkje heilt i smak. Me er mykje meir fornøgde med huset på Contrada Coltura.
Slik tidene er no for tida, er det heimekontor som gjeld. Å ta ei reise virtuelt er slett ikkje umogleg og hjelpemiddel har ein. God linse på mobilen har eg og, men rett og slett ikkje nok til å forevige dagens veg og føreforhold i Francavilla, Latiano og Mesagne. Kven skulle vel trudd at dei nede på hælen av Italia bortimot har meir av det kvite stoffet enn me har her på Vigrestad.
Som de ser er her nok til eit fint dekke av kvitt. Kunne sikkert blitt snømann av det og, men så langt eg ser, har ingen gjort seg nytte av den ideen.
Blir nok ikkje så mange dagane til vårveret tek over. Får heller vere at eventuell våronn for vår del må tas her på Vigrestad. Blir nok langt utpå sommaren før me stikk sørover. I mellomtida får me halde armen klar for stikk her lokalt.