Eg reknar
med de har hug til å få vita meir om alle mandlane frå Puglia, dei fleste av
dykk i alle fall. Konkurransen i førre
blogg vart avgjort på målstreken. Heile to stk deltok, og det er ein auke på
200 % frå i fjor om kvar person skal reknast for 100 %. Rett nok var det første
gong slik konkurranse vart skipa til, men bare sånn hypotetisk, dersom eg hadde kome på den glupe ideen sist
år. Terje og Asgeir hadde fylgje mest
heit til rett linje, men Asgeir drog av med sigeren. Høgtideleg
premieoverrekking i Helmikhølen. Glitter og stas er aldri fjas. Mandel med ekte
trekk av sølv vart overlevert til verdig vinnar. Sidan nummer to kom så tett på
vanka det trøystepremie på han. Fri
tilgang på frisk vatn frå borebrønnen på Cda Coltura, så lenge bare pumpene
går. Ilåd må han halde sjølv, men det er jo det sildrande klare vatnet som er
premien. Eg treng vel eigentleg ikkje føye til at Målfrid og Terje alt har
forsynt seg av premien lenge før Terje kom i mål som god nummer to, men det er
dei vel unt. Me har det vatnet me treng når bare ikkje det er for lite eller
for mykje straum til pumpene. Alle skjønar at for lite straum er det lite hjelp
i. Nyttar lite med for mykje og, for då går det som det gjekk her i førstninga
av oktober då Tor var så sinna og buldra grov i målet, slo med hammaren så gneistane spruta. Ein
gneist lurte seg heilt til botnar ned i boreholet for brønnvatnet og la
pumpemotoren død.
Sidan me
ikkje brukar å ha graut midt på dagen her i huset, må me finne andre måtar å
ordne med mandel i grauten. Går ganske
godt med mandel i riskremen og. I det kremen skulle på bordet kom spørsmålet:
Har de hatt mandel i kremen? Nei. Ned i kjellaren med Hadi og opp kom
der 2 mandler ganske så fort. Eg
skålda raskt i kokande vatn og fekk lurt den vesle kvite oppi riskremen før kremen
hamna på bordet. Sjølvsagt drap Helge eit kvart tilløp til spenning. Alt i
første munnfull sat han med noko større enn riskorn i munnen. Me andre måtte
bare slukøyra sjå at mandelpremien den gjekk til andre enn oss. Ei lita stund
etterpå sat han med endå ei mandel i munnen. Slik er det når det framleis står
kilovis i ein kasse i kjellaren og ventar på å bli påskemarsipan og eventuelle
kransekaker til bryllaup og andre store familiehendingar. Men eg la bare ei
mandel i grauten, kor kom den andre frå. Når to hypereffektive legg seg i selen
samstundes, blir sidesynet fort nokså fråverande. Samstundes med mi gryteskolding
tok Anne Marie den litt raskare varianten skolding i mikrobølgeomnen. Utan at
eg såg det plasserte ho og mandel i riskremen, truleg før eg fekk mi mandel på
plass. Det heile kan vel ikkje tilskrivast anna enn at me har for mange mandlar
å halde styr på?
Framleis god mandeljul!
Fer eg ikkje mykje feil kan det bli god mandelpåske
og utan at me må hauste og knekke på ny.