Kunne kanskje kome godt til nytte dei handjerna forresten nå, 35 år etter, når me feirar i Catania på Sicilia, men dei som har bruk for slikt der har nok tilgang god nok på den sorten hjelpemiddel.
Etter råd frå lokale valde me denne staden, og jammen viste det seg å vera eit godt råd.
Fine dukar i same vevnad som gobelin på bordet. Godt tilpassa det som hamna i glaset.
Forventinga om eit got måltid mat stod skriven med store bokstavar i pannen.
Antipasti er ein fin måte å få smake litt av alt på, og når litt av alt i tillegg er godt, då kjenner ein at måltidet er vellukka.
Små bitar av tunfisk, varmebehandla var den, men fekk godt fylje av surt, eddik. Kanskje litt som kald kokt laks eller makrell, sylta fisk.
Sjølve hovudretten var Involtine di spada. Rullar av sverdfisk med fyll som ikkkje bare var godt, et var meir enn godt. Himmelsk kunne ein fort seie, men for ikkje å ta i altfor mykje kan eg strekke det så pass langt oppover som me kom den dagen me var turistar på Etna. Maten var rett og slett topp.
Så toppen vart for vår del 2853 meter over havet. Kor mykje skryt ein skal ta av det er eg meir usikker på. Me brukte jo bare føtene dei siste sei 30 til 40 høgdemetrane. Før det var det Skoda, Funivia og til sist terrengbuss.
Enn som det bles der oppe. Mest så det heldt hardt å halde seg på beina. Men denne dama har stått stødig i verre stormar enn dette.
Det var den sommarturen til Puglia. Godt ikkje alle gale har det likt, for nå ligg det rett og slett an til endå ei reise ned til Pugliaradis. HSC FjordCat får i kveld (torsdag 26.juli) med seg ein halvgal/heilgal ein (stryk det som ikkje passar) og ein framifrå kjekk attpåklatt saman med ein av kameratane hans.