Ein avtale om kva tid eg og Pascalone skulle reise til Francavilla for å kjøpe dekk, vart "helaften" med husets folk på Taverna di Pascalone. Denne gongen var det ikkje "carne". Sidan det var mat for husfolket, var det sjømat. Velsmakande var det og, og no pay, no pay. Det er mest så eg skjemmest til tider av slik oppvarting, men eg har funne ut eg får bare lene meg tilbake og bli traktert. Akkurat slik eg bare må finne meg i å bli kjørt til og frå flyplassen utan minste bidrag til drivstoff. Me får prøve å vere lure nok til å finne noko å gje dei tilbake. Finnbiff kan vera eit greitt alternativ i så måte.
Nokre dagar før aveise nordover, oppdaga eg at kjøleskapet i bubilen absolutt ikkje ville spele på lag. Eg høyrde at tenninga fungerte, men noko start på kjølinga vart det ikkje.
BrinCamper fiksa saka. Eg fekk kald drikke og kunne oppbevare mat som trong kjøling dei dagane som måtte til for å kome seg heim att til Helmikhølen.
Og jammen var det nødvendig med kjøling. Det var helst varmare nordover gjennom Italia enn det var heile sommaren sør i Puglia. På vegen nordover heldt eg meg oppdatert pr mobil om korleis situasjonen var heime. Lite hadde Telenor tent på meg så langt. Det var Skype som gjaldt for samtalar og SkyDSL som på den måten drog inn pengar. Innteninga for Telenor kom seg då eg stod i kø for å få tak i saksbehandlar hos TrygVesta, det er der me har innbu forsikra gjennom kollektiv avtale i Utdanningsforbundet.
Ikkje langt frå Pescara dette, om eg då ikkje hugsar feil. Heilt ordinær god mat og utover det vanlege flott terrasse med utsikt rett mot Adriaterhavet.
Den vanlege vegen frå Tyskland til Italia går for vår del frå München via Rosenheim, Kufstein og Insbruck. Tilbakevegen rekna eg med bare var å spole det heile bakelengs, men Gps-en ville det annleis. James gav beskjed om at eg skulle halde til venstre. Til venstre der eg trudde det skulle gått til høgre. Inn, bortimot til sentrum av byen bar det og over elva Inn. Kan dette vera rett tenkte eg ikkje bare ein gong. Stoppa til sist på ein Shell- stasjon. Der såg eg ein av den gode gamle sorten, endåtil med rett farge. Då fekk eg grunnen til omkjøringa vest og over fjella. Ferietrafikken hadde starta på den vegen eg ville ha kjørt. Det var mykje kø og sikkert difor James heller ville ta turen innom Seefeld og Garmisch-Partenkirchen.
Fer ein langs vegane i sentral-Europa er det så mangt ein får sjå. Denne varianten av bil å bu i har eg aldri tidlegare sett. Målsydd presenning over heile sulamitten. Ingen problem med mykje regn vil eg tru.
Kjøretøyet som viste baken til fotografen i Hirtshals trur eg mest hadde forvilla seg dit. Bjarne på langtur? Kva gale den vesle lastebilen har gjort for å måtte gje slepp på eit meir autentisk italiensklingande namn, er meir enn eg veit. Ingenting gale med Bjarne, men som namn på ein Ape går det bare ikkje an.
Godt når ein endå er eit stykke heimefrå (Vigrestad) opplever at noko er litt heimsleg i det store utland (Danmark). Pizza og is med opphav frå Italia er det "nulla mi manchera", ingen problem å få tak i varene heilt nord i nabolandet vårt i sør. Italianos italienske isbar får representere dei 8 - 9 plassene som reklamerte med Italia for å lokke kundar i havblåsten frå Skagerak.
Ei hard natt til sjøs, tre timar forsinka, der såg me land. Risavika ligg bak der, eit sommareventyr på 9 veker er snart slutt.
Det bar heim og der gjekk eg rett i kjellaren. I allefall i bokstavelig forstand. Endå ikkje i overført tyding, men det tek på. Generalopprydding er bra, styr i forhold til forsikringsselskap mindre bra. Eg må vel kanskje ikkje konkludere for tidleg heller. Kan faktisk godt hende at alt ordnar seg til slutt. Dei seier det ordnar seg for snille jenter. Nå er ikkje eg jente, men eg har ei å støtte meg til, og ho er snill. Får satse på at det ordnar seg for meg på hennar kvote.
Eg måtte sende ein SMS til ho snille nå i dag.
Elles er lukka i livet alltid å ha noko å leite etter.
Nå er det pengetaska.
Kan den liggja i bilen/Skodaen tru?
Den leitinga gav resultat. Det gjorde leitinga før det igjen og. Nå ligg nøkkelknippet med far sitt skinnfutteral og grøn fargemerking klar. Trykk på knapp 1 så blir alarmen til Villa Felizia dearmert. Men eg må jo ned dit for å få det til. Det er bare Anne Marie si fjernstyring som fungerer på slik avstand . Fjernstyringa for alarmen fungerer bare på 60 - 70 meters hald.