Det er nok ikkje så mykje meir enn statistikk frå tidlegre år, samanfatta i noko som ser ut som ei vermelding. Men som eg før har sagt; melder dei godt ver er eg førstemann til å høyre etter. Kor realistisk det er er ikkje så nøye. Ikkje for å skryte, men 16 dagar med sol av 17 er slett ikkje verst.Tett skydekke ein dag og 5 dagar der ho bare gøymer seg delvis bak skyene. Temperaturane liknar meir ein sommardag på Jæren, så det er og til å leva med.
Og det var vesle Jensemann han strever dagen lang,
han snekrer på no spennende som snart skal bli presang,
nå er det bare kassebord, men gjett hva det sal bli,
et sybord slik som mor vil ha med mange skuffer i,
det vil hun sikkert ha det og hun blir sikkert glad,
og at det er nyttig ting kan ingen komme fra
...................
Og nå er gaven ferdig selv om langemann er blå,
og tommeltott har plasterlapp så fryder han seg nå
for gaven ligger pakket inn og gjett hva mor skal få,
en spekefjøl som hun kan smøre skolematen på,
det vil hun sikkert ha, da blir hun sikkert glad
og at det er en nytting ting kan ingen komme fra.
Her er ein del saker som må ordnast slik at eventuelle framtidige gjester ikkje kjenner seg så velkomne som dei har gjort ved eit par høve i løpet av dei snart par åra me har vore olivenoljebaronar i Puglia.
Korleis det skal ordnast reint praktisk er eg ikkje heilt sikker på, men eg har ei kjensle av at hjelp ikkje er langt unna. Låsesmeden som fiksa låsane etter førre innbrot vil sikkert kunne sveise på beslag på dørene slik at kraftige hengelåsar set stoppar for langfingra gjester.
I det minste vil det gjere arbeidet med å kome inn såpass tidkrevande at
rekk fram før gjestene har kome seg inn.
Det er nå det er fint å bli henta på flyplassen. Eg melder tidspunkt for landing på Aeroporto Salentino Brindisi i dag eller i morgon. Meggi som er med og eig og driv Taverna di Pascalone gjev meg
(Alfa) skyss for at eg skal få plukke opp Opelen som har kvilt seg bak høge murar sidan sist i oktober.
Er eg heldig startar bilen på det som er att av straum på batteriet. Viss ikkje vert det viss vas i første omgang, men deretter blir det nok ei råd med det og.