Etter halvering av tida i Italia i april-mai og ei ekstra lita veke i juni, på grunn av hussalg og leilighetskjøp, er me nå meir på det vanlige sporet. Me dreg sørover i bil 12.september og tenkjer på å bli til siste del av oktober. Har nå bestilt retur 22.okt med Fjordline, så det er nokså sikkert at slik blir det.
Me er ferdig med salg av hus og er vel innkomne i leilighet. Så langt me veit er alt vel i "casa a strada senza nome". Hadde ein kontakt frå The Rangers, dei som vaktar huset når me ikkje er der. Alarmen gjekk, men det var nok ikkje uinnbedde gjester som var på ferde. Var nok Eivind, han beinlause som gjorde seg gjeldande. Døra inn til cisternerommet er litt trøblete etter eit tidlegare tilfelle der tjuvar tok seg inn. Det førte til at døra må spennast fast med eit bord for å halde roen heilt når det bles.
Etter at alarmen i huset gjekk, hadde Giulio ein tur for å sjekke ut. Han har nøklar og kan slik sjekke det me sjølvsagt ikkje kan sjekke herifrå. Me har fått ein kunnig mann når det gjeld oliventre og kva som må til for å få trea til å trivast. Her er huset Giulio og Giulia held til i, i utkanten av den olvienlunden dei har ansvar for å drive. Huset deira ligg bare 2-3 kilometer frå vårt hus. Med så mange tre å passe på kan det ikkje vera tvil om at her er erfaring så det held.
Nå blir mykje ved det same som før. Gamle gode gjengen samlast med bare få unntak. Blir gildt å møtast att over baccalaogryta til Livar. Han har skaffa seg kjøkken på låning frå Aud og Leon. Livar si gryte, tek me med oss som spesialtranport ned gjennom Europa. Den er stor nok til kokkelering med utsøkt tørrfisk produsert i Norge eksportert som qualita superiore baccala til Italia.
Di Sandnes gjer seg stadig gjeldande der sør. Det vil seie, nå er dei Vigrestbuar så gode som nokon. Lill Karin og Gaute som flytta til Grønholsvegen 5 for eit år sidan, har kome på betre tankar og skaffa seg nytt hus i Puglia. På den tida me har hatt vårt hus i Latiano, det vil seie frå oktober 2012, har dei både kjøpt og selt 2 gonger. Nå er dei på veg til notaio for å underskrive kontrakt på kjøp av den 3. eiendommen i Martina Franca.

Lisa og Bøje gledar me oss også til å vere i lag med. Bøje er tidligare skipselektrikar. Det er erfaringa og kunnskapen derifrå han har brukt når han installerte automatisk vatning på tomta vår. Då får Giulio det slik han vil med tanke på dei nyplanta oliventrea. Lisa er ansvarlig for det som må vera Puglias mest blomstrande hage. Ho har samla først og fremst på blomar og planter som tåler lite vatn. Skal planter trivast i Puglia er dette heilt opplagt ein god egenskap, for frå april til oktober er det ikkje mykje nedbør i dette området.
Målfrid og Terje held hus her. Når eg står ved sida av Terje kjenner eg korleis alderen tyngjer. Han er nokre år eldre enn meg, men spretten til 1000. Slepp han avgarde aleine i bil på veg til Ceglie frå Sandnes, er det mest så det ikkje tek eit heilt døgn det som for oss tek minst 3 døgn med 3 overnattingar. Me er glade for at Målfrid ofte er med i bilen og held han i taumane gjennom Danmark, Tyskland, Austerrike og Italia.
Jann og Linda vart me kjendt med på Taverna di Pascalone. Dei kjem frå Belgia og har halde hus i utkanten av Latiano like lenge som me har vore der. Er dei der, får me nok til å treffast. Kanskje me ser noko til Kun og Mieke også? Det er eit anna par frå Belgia.
Sist men ikkje minst håpar eg å møte Palma. Ho bur i same blokk i utkanten av Brindisi, som då eg for ganske så mange år vart kjent med henne. Snakka med henne på telefon første gong 23.desember 1997, snart er det 28 år sidan. Det er på mange måtar ho som har vore kimen til vårt Italia-eventyr. Baccalaokokken Livar selde huset sitt i Ceglie, men er såvisst ikkje ferdig med området. I mai lånte har huset vårt eit par veker. Nå leiger han meir sentralt i Ceglie, for etter han meining er det nok Ceglie som er Puglias navle.Uansett blir det gildt å dra sørover for å sjå kva vatning jamnt gjennom sommaren gjer med vekstene på tomta vår, og for å treffe den gamle gjengen som me har hatt det så trivelig i lag meg.