"D går så d grine" er eit sitat etter fødselhjelparen vår både for huset her heime i Helmikhølen 5 og for huset vårt i Italia, "Casa a strada senza nome" også kjent som Villa Felizia. Livar var vår kontaktperson ved begge desse høva. Akkurat i desse dagar kan du sei dette sitatet absolutt passar. Med hurtigtogsfart går me inn i det som nærmast kan definerast som eit jordskjelv for oss, eller kanskje ein skal kalle det husskjelv. Før me visste ordet av det sit me att med utsikt mot flytting til leilighet. Mine første 8 leveår hadde eg oppå Forbruken i Krambugata på Ålgård.
Butikken ved den vesle blå lastebilen var der eg budde mine første 8 leveår.Dei neste 11 åra av mitt liv budde eg oppå Jernvaren, på gamla handelslaget på Vigrestad.
Det vil sei nokså nøyaktig 19 år med handel i etasjen under der eg sov, åt, levde i lag med mine. 50 år har eg klart meg utan butikk i underetasjen, men nå blir det tilbake til barndom og ungdoms tilhøve. Me tek med oss det me eig og tar inn i den siste leiligheten i Grønholsvegen, leiligheten rett over REM. Med andre ord tok det rundt 50 år å gå frå kooperativt til Rema. Den som lever får sjå kor mange år det blir der.
Men kva har så dette med Villa Felizia å gjere? Det gjekk forresten fort for seg der og då me sommaren 2012 la turen sørover til Dolomittene heilt nord i Italia og hamna i Puglia heilt i søre enden av støvelen. Livar og Sofie gav god hjelp både med fart og utvalg. Då Sofie var ferdig med å sjå seg om i huset me enda opp med, var kommentaren då ho stakk hovudet ut av inngangsdøra: "Dette tæge me".
Opptakten til reisa denne gongen blir i allefall ganske annleis. Nå skulle veret hatt fokus. Korleis ligg det an der sør i Latiano?
Venner som alt er på plass har fortalt om ganske vått og kaldt ver. Ikkje så langt unna temperaturane me har her nord. Men framover ser det betre ut. Eg er i grunnen nøgd med regnet som endå kjem der sør. Utsiktene til regn utover våren, sommaren og første del av hausten er jo ikkje store sann statistisk seg. Planen om å installere irrigazione på dei nyplanta trea er uendra. Det er først og fremst det me må få gjort. Jordet under oliven, fiken og mandeltrea vart horva på mandag denne veka.
I same høvet fekk eg desse spørsmåla:"Buongiorno Geiri
La erba davanti casa lo tagliamo noi?
O quando vieni tu?"
Lite italiensk kan eg må eg bare ta inn over meg, men dette var ikkje verre enn at eg forstod. Den er på utlån hos Bøje og Lisa som dreg nytte av freseaggregatet. I Kodiaqen gjekk det heilt fint å kjøre den på eit skråplan av ein klappstol rett i i bagasjerommet. Det går ikkje i Id7, der måtte den delvis demonteras, men ikkje så gale arbeid det heller. Nå spurte Giulio om han bare skulle klippe graset med det same, og det sa eg ja til. Faktisk litt gildt å kjøre slåmaskin, men denne gongen får me bruke tida til andre ting i påvente av at gjestene våre, Inger og Carl Johan kjem. Så treng heller ikkje Bøje demontere maskinen før me ein eller annan gong til hausten dukkar opp med trong for slåmaskin.
Opprinnelig var planen å reise heim over Skagerak 5.juni. Takka vere flexi-billett har me framskunda heimreisa til 21.mai. Då rekk me å feira nasjonaldagen 17.mai i lag med utvandra nordmenn i Puglia.
Kva får me så tida til å gå med no som me ikkje brukar den til å sjekke veret og glede oss til å ta "asste". Lister over kva som skal me har jo sjølvsagt vore klar for lang tid sidan.
Sundag 30.mars visste me framleis ikkje noko om kva som skulle skje. Nå har me signert kontrakt, hatt møter el-installatør, røyrleggar, malar og kjøkkenprodusent. Tips til styling av huset for fotografering hadde me i går. Så har me att 10 dagar til pakking og klargjering for fotografering så fort som råd etter 21.mai. Hadde Villa Felizia vore menneske hadde det kanskje tenkt det var dumt så fort å bli etterlatt tilbake i einsemnda, men det problemet tek Livar seg av. Han tek inn dagen før me tek avgarde. Korlenge han blir i huset veit eg ikkje, me får nok ikkje mulighet til å fare sørover att før me er godt uti september eller kanskje heilt uti november.
Eg må få sitje litt i stolen ved vinduet mot torget og mimre frå barndom og tidleg ungdom då eg frå kjøkkenvinduet på gamla handelslaget kunne sjå mot torget bare frå andre sida.