Det er jo litt begrensa kor mykje me kan få med oss på bare 14 dagar, som opphaldet vårt er på denne gongen. Men minnene er mange om velsmakende opplevingar og gode gjenvisittar på stader me har vore mest nøgde med.
Opera i Grottaglie serverte stinco og det smaka så godt at betre stinco har eg aldri smakt, truleg blir det ingen reprise heller, for Opera slutta av. Sofie og Livar snakka mykje om gottene på Osteria Pugliese i Ceglie. Å overgå calamare fritto som dei serverer, vil vera litt av ein kunst. Osteria del Cocopazzo med Stefano Colucci i spissen serverer og mat som kan trekkas fram.
Rett så enkel rett, kjøtt og løk omnssteikt med eit lokk av deig oppå som tek vare på alle gode smakar. Godt blir det, og litt spennende når loket blir opna sjølv om ein jo veit godt kva som skjuler seg i den eldfaste forma.
Sidan Taverna di Pascalone er histore, hadde eg eit ønskje om å få gå på Mangiafueco i Mesagne, der er konseptet det same som hos Meggie og Pacalone. Kjøtt i alskens variantar blir presentert i ein kjøledisk, så får kunden velje det ein vil ha. Men denne kvelden var det lite å gi ros for. Patata fritte kom på bordet, men gav ingen stor nyting. Involtine, polpette og entrecôte kom og etterkvart, men dei store smaksopplevingane uteblei. Anne Marie som normalt ikkje klager på min kjøredugleik syntes eg kjørte fælt hakkete: Eg blir neste kvalm, som ho sa. Mat smakar best i godt lag. Forklaringa på den manglade smaken på kvelden sine retter også for meg viste seg å vera ein omgang med spysjuke som slo Anne Marie ut eit heilt døgn. Heldigvis går slikt over.
Me våga oss til ein tur til DaBurghi. Trivelige kelnerar og spennande mat. Omsbakt sjømat med lok av deig over. Loket blir opna og lagt over på tallerken. Så auser ein over blåskjell, kreps, reker og pasta i ein aldeles herlig saus som har blitt fanga under loket. Når så dei som serverer ser ut til å trives i lag med gjestene, då blir det ei god stund rundt bordet.
Turen til Samaré vart omtalt i førre blogginnlegg, så då går me direkte tilbake til DaBurghi. Jean og Linda frå Gent Belgia vart me kjent med på Taverna di Pascalone. Fredagskvelden tok me i lag med dei nettopp på DaBurghi. Og der fekk me bekrefta at det fort er ein plass me skal tilbake til. Veldig hyggelige og imøtekomande folk. Plassen blir driven av ein storfamilie og det ser ut for at dei kosar seg i lag på jobb. Nyre, platespiller, spekulasje var mellom fellesorda for flamsk og norsk. Jann var nøgd med å lære seg norsk den kvelden. Før me gjekk frå kvarandre fekk han ein liten uformell språktest. Han vil iallefall sleppe inn i Norge som turist.
I dag har me lunsja i lag med Palma, Graziella og Salvatore. Palma har no vore aleine i 2 månadar. Sist vi var i lag 15. september då Palle og Arna var på besøk her sør. Då var Ubaldo med i laget.
Spilusa er mellom dei stadene me godt kan besøke på ny. God og spennande mat kan dei by på.
Palma gjer grundig jobb når ho byr på lunsj. Favepure, artisjokk og fennikel i fleire variantar, melanzane, røsti, gratinert vårløk, mozarella og skinke, cicori, polpette av cicori og ost, kjøttpudding fylt med ost og spinat.
Graziella hadde med seg cassata, siciliansk kake med ricottafyll og kandisert frukt under eit lok av grønnfarga marsipan.
Som de skjønar, her er ingen overhengande naud i matveien.
Morgendagen byr på resteparty her på tomta vår. M slår av frys og kjøleskap når me stenger av for dei neste 5 månadane. Me får visst cannelone med heimelaga fyll som søndagsmiddag. Det me ikkje klare sjølv, får me by fram for kattane.
Neste besøk for oss her blir frå sist i april 2025. Då er det nyplanting av oliven som står for tur. Det vil seie me får med oss jobben Giulio har tatt på seg. Utlegg av slanger for vanning blir det truleg og. 135 meter "sotto terra" har me rikelig tilgang på vatn. Men nå, nå er det heim til jul. Eit fint avbrekk med gode turar og heile dagen ute i dagslys har det vore. Sola står opp klokka 06:53 og går ned 16:22, det vil sei omtrent to og ein halv time meir sollys pr dag. Fint for tur i dagslys i passelig morgonturtid.