Translate

fredag 26. juli 2024

Amici in visita

Den søvnen, den søvnen. Ein blir tydeligvis betre venn med den for kvart år som går. Har ein i tillegg ein hengestol å utøve i, blir det visst umåtelig godt. 
Me vart først kjent med Alemayehu då han flytta til Vigrestad i 1989. Kjennskap og vennskap har me halde på sidan då. Men det var ikkje slik at han bare sov. Han gjorde faktisk ein veldig god jobb med det me kallar tuntreet vårt. Xyllela fer hardt fram med oliventrea våre, tuntreet er kanskje det som er mest ramma. Treet blir ikkje kurert av beskjæring, men det ser i det minste mykje betre ut. Ein ungdom som Alemayhu tek trinna i stigen enkelt som bare det. For min del har eg høyrt frå folk som har peiling at eg er gammal nok til å halde meg på bakken. Lift eller stilas kan sikkert gå endå nokre år.

Det vart ein liten kamp mot dei visne greinene, men Alemayehu vann over alle han prøvde seg på.

Gjestene veit at eg set stor pris på mat, særdeles stor pris på mat frå Etiopia. Krydder og mjøl fekk me med oss i bilen på veg sørover. Etterkvart kom dei som hadde kontroll på gryter og panner. Det vart duka til etiopisk festmåltid, og då måtte me ha med oss Signe og Gaute. 
Bodena vart steikt av fruen, medan mannen tok seg av det meste av det som var i grytene. Me gjekk bokstavelig ut for å eta den ettermiddagen.

Gode venner i Locorotondo måtte få sjanse til å vere med i slikt eit matgilde. Uvant å ete utan andre hjelpemiddel enn fingrar og bitar av bodena, men det er jo litt av stasen med denne maten.



Om nokon skulle oppdage Synnøve utan nål og tråd, då syns eg dei skal gå til optiker og sjekke synet. Utrulig korleis ho klarer å utnytte ressursar andre knapt legg merke til, og korleis ho skaper  små fargerike kunstverk.