Det skal sovast også når dagtemperaturen hamnar heilt oppi 42 grader. Blir jo ikkje kaldt sånn straks sola går ned heller.
Den varmaste natta med temperatur ikkje lenger ned enn til 26 grader, gjekk nå fint den og.
I slik temperatur er ikkje trongen for dyne veldig stor. Det klarer seg i grunnen med det ein kom til verda med, og det var ikkje ski for min del sjølv om eg er nordmann så god som nokon.
Då får ein bruke det som ligg tilrette teknisk for å klare å sove i adams drakt. Me startar med trylletingen som fiksar varme og vinteren, og kjøl om sommaren når det trengs. Innstilt på 26 blir ikkje kontrasten altfor stor.
Den syter for tilskot av kjølig luft som kjem både stove, kjøkken og soverom til del.
Tilskot av kjøligare uteluft sørgjer denne firblada utgåva for. Høgast mulig fart, og då kjenner ein vinden heilt inn på soverommet.
Badenymfen her sikrar seg forresten tre veker avkjøling ved å ra seg ein svipptur heim. Eg blir gartner og passar på at blomane ikkje turkar bort. Ein og annan svipptur kan det nå bli på meg og, for blomane held nok to tre dagar utan vatn om eg bare gjer jobben veldig grundig før eg fer. Det kan bli alt mulig, høgdedraga nord for Matera, tenkte litt på Napoli, med vart rådd frå pga stor tilstrøyming av folk i det området no som her er ferie for folk flest. På Sicilia har eg vore før, opptil mange gonger. Kanskje Palermo lokkar, eller Corleone eller Bronte på skråningane opp mot Etna.