Me set stor pris på å få besøk. Av dei som overnatta har me i kronologisk
rekkjefølgje: Anne Irene og Arnt Håvard,
Knut og Helge, Bjørn, Åse Marie, Jorunn, Ingeborg, Olav Johan og Marit og til
sist Sissel og Reidar. Frå ikkjeovernattande gjest, venn og meglar Guido fekk
me mail i går kveld.
Denne gladmeldinga var del av denne mailen:At least : I have a "very good new" !!! sometime ago you had guest in the storage room outside......but not in the house!
Eg vil tru at dei ikkje har overnatta, for dei har ikkje vore inne i anna enn tilbygget der vanntanken er plassert saman med diverse småting. Om det er same folka som sist, veit eg ikkje. Om det er dei same må dei ha likt seg så godt at dei rett og slett ville tilbake.Kanskje det første me må til med når me kjem nedover er skaffe nye gassflasker. Komfyren går på gass, og me må jo ha gang på den nokså fort.
Litt tungvint med gjester som kjem utan å vere invitert. Ikkje får me by dei på verken kaffi eller noko å bite i. Dei kan ikkje ha kjent seg så veldig velkomne.
Slik såg det ut sist me hadde gjester. Favorittgjester er dei ikkje.
Korleis det ser ut nå er vanskelig å vita. Får bare vera tolmodige og satse på
at litt av ugreia vert ordna opp i før me fer sørover til påske.
Me må nok vurdere om det vil vere best for oss å betale for jamnleg tilsyn med huset vårt som er så populært. Lina, naboen vår brukar Vigil Nova, og dei virkar å vere rett så effektive. Sist sommar løyste ho sjølv ut alarmen og før det hadde gått 3 minutt var vaktselskapet på plass. Tilfeldig ja, men merking av hus kan nok gjere "gjestene" våre litt meir skeptiske til å prøve seg.