Translate

lørdag 13. oktober 2012

Det er til å leva med dette.


Kveld har det blitt etter vår første dag i Villa Felizia. Me er ikkje lenger på visning. Me er heller ikkje gjester. Det er oss to som er husfolket. Det vil seie første dag her er ikkje heilt rett. Me kom i går etter fin tur frå Sola til Baria via Amsterdam.
Etter halvannan time var me i San Vito dei Normanni og då var det tid for å ringe Guido, meglaren. Me avtala å møtas på kontoret hans. Når han bare hadde funne nøklane til huset bar det avgarde på ein skikkeleg svingete smal veg, mykje smalare og meir svingete enn der me tenkte å kjøre.  Var det kortare spurde eg. Nei, men det er mindre kjedelig å kjøre når det er så mange svingar. Han skulle hatt seg ein tur i hårnålene opp og ned til Lysebotn.
Eit utal av nøklar såg det ut til. Det må to til for kvar dør. Ikkje noko systemnøklar akkurat, men det blir me sikkert vane med. Det er eit «reise å handle knippe» med nøkkel til porten, til hovuddør og til gitterporten i hovuddøra. Me får lage oss små knippe til dei ulike dørene. At vindauga også har lås og nøkkel til, gjer at plastposen med nøklar i var nokså uoversiktleg frå starten av.
Forventningane til eigedomen vart innfridd så langt ein får oversikt utpå kvelden når ein er skikkeleg trøytt etter lang reisedag. 
Me tok tidleg natt etter eit første måltid som herrar i eig hus i Puglia.
Ser du forresten kva som manglar på bordet om de skal vere eit fullverdig måltid?
Tidleg morgon.
Sjølv om me tok tidleg natt vart det ikkje så overmåte mykje soving. Kunne mest tru den biologiske klokka har kome litt i ulage. 
Torsdag vart det ommøblering i stova etter tidleg frukost i følgje med pulverkaffien som mangla kvelden før.
Lurer litt på korleis kaffierstatningane under krigen smaka. Som de kanskje forstår er eg ingen stor tilhengar av frysetørka kaffi.

Me har hatt eit par månadar til å tenkje på, og i går fekk me prøve ut det me hadde tenkt.  Frå å vere ei stove som var overmøblert med ein diger toseter plassert diagonalt i ei stove som ikkje er så altfor stor, vart det ganske bra. Nå er ikkje stova staden der me reknar med å opphalde oss så veldig mykje, det er uteliv som lokkar mest. Me flytta ei Ikeahylle inn på gjesterommet og kunne slik få plass til spisebord like innfor døra inn frå kjøkkenet. 
Traust tradisjonell norsk plassering av den digre doble sofaen inntil ein vegg, fjernsyn i eit hjørne ved omnen og ein lenestol i det hjørnet som endå var ledig.  Rommet vart nytt og mykje større. Endå nyare blir det når me etter kvart får skifte ut sofa og stol med dobbel sovesofa og ein stol som passar til. Det er tomt på veggene og slik blir det nok nå og fram til sommaren 2013. Då blir det truleg bubiltur nedover straks skuleferien tek til. I bubilen er det liksom litt enklare å ta med seg større ting enn det ein får plass til når ein reiser med koffert. Me har alt nokre øskjer med ting som ventar på slik transport.
Medan det endå var føremiddag tok me turen til Centro Commerciale like aust for Mesagne.  Auchan har matvarer i hopetal. Utvalet av matvarer er stort. Av ein eller annan grunn ser det ut til av høve til val er veldig viktig. Omtrent 10 meter kjøledisk med ulike typar yoghurt er visst nødvendig. Slik er det med mange varer, og då må det heile ta ganske så mykje plass. Euronics, same kjede me har heime har og butikk her. Godlyd frå Spotify finn nå veg gjennom ein sub og to satelittar. Mykje lyd vart det, sjølv om det ikkje i seg sjølv er noko kriterium for god lyd. Me har skjemt oss fælt ut heime med kaffimaskin. Den er heilautomatisk og lagar kaffien av heile bønner.  For omtrent 600 kunne me fått noko tilsvarande. På grunn av både pengane og plassen på kjøkkenbenken her i Vila Felizia vart det ein enkel manuell maskin frå DeLonghi til ein mykje lågare pris. Den lagar kaffi av ferdig malt kaffi, men har og steamfunksjon og kan difor lage cappucino. Det er vel dei første overnattingsgjestene våre som først får smake på den drikka. 
Anne Marie fekk seg ein Singer symaskin til ein pris truleg lågare enn det det vil koste å reparere maskinen ho har heime.


3 lommelykter med batteri inkludert til same pris som bare batteria heime. Her er godt med utelys rundt heile huset, men gatelys lyt me fara av garde nokre kilometer før me finn.
Leroy Merin er ein rett stor byggvare, elektrisk, baderomsutstyr, redskapshandel og hagesenter i ei og same eining. Dusjforheng og teleskopisk stong til å henge forhenget på skulle me ha. Eit par leselampar til nattborda på soverommet vårt fekk me for 5,9. Ei fin afrikansk skål kom og i vår eige. Seljaren ville bli kvitt fleire skåler. "Special offer for you". Han gav opp då eg sa: "No cash, you are no bancomat". Skåla var fin den. Kva løysing Anne Marie fann for betaling av skåla hugsar eg ikkje, men skåla vart med oss heim. Ho hadde visst litt mindre enn det seljaren ville ha og det er vel og ei form for pruting. Sjølv hevdar ho at det var ei ganske så ærleg pruting, og litt sanning er det vel i det.


Har du klave får du ku heiter det. Har du skål får du sofa kan ein seie. I allefall når det gjeld farge. Fargen på skåla som vart kjøpt først passar nemlig veldig godt med fargen på sovesofaen me kjøpte ei lita veke seinare. Kva som vart avgjerande i val av sovesofafarge er eg litt usikker på, men kven veit?

Ny dag, fredag med nye behov. Først ein tur til Francavilla Fontana som hadde blitt vår by om me hadde kjøpt første huset me såg på. Stengetid midt på dagen er ikkje me vane med, så kl 13:02 då me stod utanfor døra til ein «Europris»butikk ville dei ikkje gå glipp av handel sjølv om det alt var stengt. Møblar hadde me og tenkt å sjå på. Sovesofa i stova vil gjere det noko lettare med overnattingsgjester. Sofaen som står i stova nå er stor med altfor store armlene. Plass til to i den, men den tek omtrent plassen til ein fireseter. Eit par stolar ville og vore fint å ha. Men møbelbutikken Nuova Reddo var og i kvilemodus. Auchan er alltid open, Leroy Merlin likeså. Anne Marie tok seg av mathandel, eg skulle handle stige og frø på Leroy. Ein annan fordel med Auchan er at dei kjører open Wi-Fi. Det gjorde det mulig for meg å betale Guido det han skal ha i honorar for jobben sin med vårt kjøp at Villa Felizia. Medan eg sat og gjorde meg ferdig i Nettbanken kjende eg nokon som banka meg i ryggen og der var han, Livar. Han var litt i punktert tilstand etter at Sofie hadde reist, det vil seie det var Forden som hadde punktert. Med Livar som guide og tolk på Leroy fekk eg tak i stige, det som må til for å lage eit enkelt vatningsanlegg + frø til fennikel og to tre sortar løk. Eit termometer for å vite kor mykje ein skal skryte av varmen her var det og godt å få tak i. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar