onsdag 11. juni 2025

Vaktmestertur

Sidan me reiste frå Puglia 11.mai dette året, har det runne litt vatn i havet. Det har visst faktisk regna litt og. I går, 4.juni slo 2 erfarne sjømenn sine pjalter i hop og fekk gjort noko som burde vore gjort for lenge sidan på tomta vår i "strada senza nome Contrada Coltura, Latiano". Automatisk fylling av cisterne ved hjelp av ein nivåbrytar som slår på og av brønnpumpa  sånn cirka 135 meter nedi bakken ettersom dagtanken tømest. Og dette storverket gjer vatning mulig også når huseigar ikkje er tilstades. Må nok utplassere eit sett med nøklar til betrudde personar i nærmiljøet, det vil seie Giulio og Giulia.

Desse unge trea som vart planta hos oss etter den store oliventremassakren i november 2024, treng friskt vatn for å overleve første sommaren i jorda ved casa a starda senza nome contrada Coltura Latiano. 

Ved hjelp av den pangsjonere danske skipselektriker og ein utflytta Varhaugsbu som egentlig er overkvalifisert til å vere handlangar, skal trea våre få betre service enn dette. 
Her er det visst nødvanning som går føre seg. Ei kanne med vatn for kvart tre, men så skal kannene fyllast og det blir jo ganske mykje jobb gjennom 4 månadar med lite eller kanskje ingenting nedbør. Slik går det  ikkje an å ha det gjennom ein heilt pugliansk heit sommar. 

Oppi det heile må eg absolutt ikkje gløyme Giulio og Giulia. for det er takka vere dei at me fekk rydda vekk dei 250 år gamle sjuke trea og erstatte dei med unge friske meir herdige tre. Me får all mulig hjelp og rettleiing av Giulio og kona og må bare få lov å uttrykke stor takksemd for måten dei stiller opp for oss "amatørolivenbønder". Me er vel knappast verdige til å titulere oss som bønder sjølv i hermeteikn, men bondeblod har me jo i årene både Anne Marie og eg. Så om me ikkje har tatt opp arven her, så har me jo tatt bittelitt av arven opp der sør i Puglia.

Når Terje og Bøje i dag torsdag 12.juni har vore og installert timer i styringsskapet, 
bør det heile svive og gå utan meir tilsyn enn evt det eg ber Giulio om å utføre. Han har sjekka tilhøva nøye så langt, og sørgd for at dei unge trea ikkje skulle lide skade av lite vatn.
 
Il tempo som er den meteorologiske teneste me gjer oss mest nytte av der sør, gjev dei oss i dag dette biletet av veret framover. Som de skjønar er det naudsynt med tilførsel av vatn nedanfrå når det kjem så lite ovanfrå. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar