torsdag 8. mai 2025

På tur, sjelden sur

Om dei og var på veg mot Italia veit eg ikkje, men dei såg ut til å kosa seg der dei trilla i godt tempo sørover på motorveg gjennom Tyskland.

Trur ikkje me kosa oss meir me som sat bak ein skjerm og følgde med på ladestatus undervegs.

Me har vel laga det til for oss sjølv kan ein seie. Å gje seg sjølv bare dryge to veker på å rydde eit hus der me har budd snart 39 år.  Visste me heilt kva me gav oss ut på?

Men Latiano kallar. 
Avreise frå Kristiansand 22.april er det me legg opp til. I Silberstedt overnattar me før me legg i veg sørover mot Aichstetten, der neste overnatting finn stad. Eit og anna besøk på ladestasjonar må me jo rekna med. Me kjem til å lade utan Teslaskam. Det er av ein eller annan grunn slik at når Tesla opna ladepunkta sine for lading av andre bilmerke, så klarer dei i å levere energi mykje billigare enn andre ladeselskap. Det er heilt ned i halvdelen av det andre prisar kilowattane til.
Når det gjeld ver, er det endå noko tidleg å tru på meldingane som ligg føre. Me kan sikkert rekna med ein del grader høgare temperatur der enn her, men som sagt, litt langt fram og vanskelig å melde rett om temperaturane blir slik eller slik.

Silbertedt første natt vart som planlagt. Fin rolig plass med nøkkel i avisrøyret ved inngansdøra. Herlig frukost gjorde oss klar for time etter time trillande på tysk motorveg retning sør.

Lett å ta litt vel i når ein legg planar for langkjøring, så Aichstetten gav me opp. Litt kortare kjøring og ganske så enkelt Gasthaus for overnatting utan frukost. Ein kveld i Modena fekk me og med oss. Det var der me fekk sjansen til å lage våre eigne pannekaker eller lappar ville kanskje vere rettare namn på dei. Eit trykk på knappen, så sette automaten i gang.
Det er vel helst langtkomen vår det synet som møtte oss vel framkomne på Contrada Coltura. Eit par veker har det blitt, og me har nå fått med oss mykje av det me rekna med på førehand.
Første søndag var me i lag med Signe og Gaute til La Silvana. God mat og gildt å vere i lag med dei som bortimot har blitt innfødde.

Gjestene våre kom som forventa til Bari.  Eg forstår det slik at dei set pris på livet her sør. Med hus inst ved Limavatnet er dei godt vane med å vera litt avsides. Her har me ikkje meindre enn tre byar like nær oss, Latiano, San Vito dei Normanni og San Michele Salentino. På Lima har dei bare Ålgård.
Men travelt er det å gjere unna ein Italiatur på bare 3 veker når me til vanlig brukar 6 veker.  Kan godt vera at dette blir einaste blogg frå innverande tur, men me får sjå kva som skjer. Fokus for tida er noko delt. 

Å bytte stad bustad krev sitt av etterkvart tilårskomne folk. Det som godt er, er at den digitale verda byr på muligheter me ikkje hadde før. Kommunikasjon herfrå til dei som har med salg av hus og kjøp av leilighet heime går like greitt frå i lita gate her i Catania som om me skulle vore heime i Helmikhølen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar