Translate

onsdag 12. august 2026

Heim etter 5 dagar

 

Sol og varme får ein fort nok av sommarstid i Puglia. Då er det bare om å gjere å stå opp tidleg nok, før den heilt store varmen slår til. 10000 steg før klokka rundar 7 er brukbart det. Med podcast på øyret, kortbukse og elles ingenting og ein god kjepp i handa til å true eventuelle nærgåande laushundar. Det er ein god kombo for fin start på dagen.
Bilen stod klar for avhenting på C4 på Aeroporto Leonardo Da Vinci Fiumicino Roma. Litt uvant med ein gong i bil ein aldri før har kjørt. Men automatgira Jeep var slett ikkje verst, sjølv samanlikna med heimleg bil. Assistentsystem som varsla både ved fart høgare  enn fartsgrense, for kort avstand til bil framføre og om ein ikkje låg greitt i midten av kjørebanen. Sikkert meir og, men det var det eg fekk med meg. Ettter 2 minuttars kjøring ut frå parkering C4 på Aeroporto Leonardo da Vinci, sto eg plutselig med ein bil både på venstre og høgre side og bare 2 kjørefelt vidare framover. Er nokså sikker på at bilen frå høgres hadde stoppskilt som ikkje vart respektert, men litt  varm rundt øyrene blir ein jo når ein står slik og ikkje straks veit heilt kva ein skal gjera. 

Å stå opp alt klokka 03:30 er ikkje det aller mest behagelig å gjera, men må ein så må ein. Godt då å kunne dele reisa frå Roma til Latiano i to. 
Aggriturismo e B&B Selvanera var midt i blinken for mitt behov. Stille, nokre få kilometer unna motorvegen langs ein smal utrafikert veg. I Italia er det ganske vanlig å plassere hus høgast mulig i landskapet. Her låg overnattingssstaden midt oppå ein ganske smal åsrygg.

Antipasti på kvelden, og det var ekte haimelaga mat av høg standard. Men så altfor mykje for bare ein, ein som var på tur aleine.
Primo var pasta som også smakte godt. Om eg så etterpå skulle gått laus på secondo hadde det nok ikkje gått godt. Er ein overmett smakar ikkje maten lenger godt. 

Druene hang der, godt mogne. Eg hadde kome fram til staden vår, casa a strada senza nome cda Coltura.
Appelsingn eller mandarinen treng visst lenger tid for å bli mogen.
I seinare år har det vorte mindre og mindre oliven på trea våre. Dei gamle og sjuke trea er fjerna. Dei nyplanta ber sjølvsagt ikkje frukt. Men det gjer alle dei mellomgamle trea. I vår var der veldig rik blomstring, då lurte eg bare på kor mykje som ville knyte seg til bær/frukt. Nå fekk eg sjå resultatet. Det er rikeleg. Men om det er rikelig nok til hausting i november veit ein jo ikkje.
Oversikt over mandelhausting fekk eg og. Ingen av trea langs grensa mot nabo Lina hadde mandler til hausting. Fann likevel litt på andre sida, men slett ikkje i nærheten av mengda som skal til for å levera til knekking med maskin. 
Litt nyttig verksemnd vart det og tid til. 
Bommen har bare fått ein omgang med farge sidan me kjøpte i 2012. Nå var det på tide med eit nytt strøk.
Gitterporten frå 2017 i galvanisert stål fekk sitt første strøk med farge.
Innimellom slaga fekk eg dyppa lekamen i svalande vatn. Livet i heten blir fort veldig mykje meir behagelig om ein kan ordne seg ein tur i de våte element.
Frukost i hengestolen i skuggen umder den store sypressen i tunet vårt. Det gamle tuntreet som gav rikeleg med god skugge heile dagen vart heftig kupert når dei andre gamle oliventrea vart fjerna. Nå veks det rett nok ut nye greiner, men så langt er trekrona ganske gresen.
Barodontalgi er slikt ein ikkje vil har så mykje nærkontakt med, men der kom det. Etter murring sidan ankomst Roma oppsøkte eg apotekeren i San Michele. Han har vore til god hjelp før. Denne gongen kunne han og hjelpe.  Smertestillande i stor dose.
Å gå tur gjennom olivenlundane er noko av det fine når ein er der sør på hælen. Her foreviga kombinasjon av rein energi og energi frå meir ukjende kjelder. Store kraftlinjer frå Brindisi på austkysten og vestover til Taranto passaerer like sør for der me har huaset vårt.  Heldigvis langt nok unna  til at me ikkje ser dei frå eiendommen vår.
Ferragosta på Samare måtte vike. Tannplagene vaks på seg og gjorde omrokkeringar i hovudet mitt. Eg bestemte meg rett og slett for å reise tidlegare hein enn planlagt. 9 dagar tidlegare heimreise vart det, med tannlegetime alt dagen etter heimkomst. 

Her bare eit lite døme på kva det unne blitt om ikkje gebisset hadde lag plager. Fritert sjømat er bare noko av den beste maten sjøen kan by på.

Ser heilt gale ut dette heller. Skulle nok fått det til å gli ned utan motstand, men denne gongen vart det altså ikkje. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar