Translate

søndag 1. august 2021

Markens grøde

Dei åtte og eit halvt mål som eigedommen vår her i Pulia måler, kunne vore meir til bry enn glede. Skulle me stått aleine om å halde jorda i hevd, hadde det fort blitt ganske så utriveleg. Men nå er me så heldige at me har fått kontakt med folk av beste slag til å ta vare på oliventre og for den del andre tre som og treng stell.

Me tok turen bort til Giulio og Giulia nå i ettermiddag for å gjere opp for fleire omgangar med traktor på jordet under oliventrea. Harving først, og så slådding i eit par omgangar. Normalt burde ein kan henda avtalt pris på førehand, men erfaring viser at det er ikkje naudsynlig. Arbeidet blir gjort med glede og stolthet.

Så langt har me lite visst om bakgrunnen for dei gode hjelparane våre anna enn at dei opphavlig kjem frå Albania. Son deira Ymer, som er maskiningeniør og jobbar i Torino, var heime på ferie. Sjeldan god i engelsk, og det gjorde at me fekk litt meir  kjennskap til både kva jobb Giulio har og at han er utdanna innan faget stell av oliventre. Samstundes fekk Giulio og Giulia høve til å spør litt om kva bakgrunn eg og Anne Marie har. 

Etter utført oppdrag, vart det spurt om me ikkje ville ha med oss litt friske grønnsaker. Rett frå ortoen vart det plukka nærare 4 kilo, både kjende og ukjende vekster. I tillegg tok Giulia ein tur inn på kjøkkenet og kom ut att med ei flaske rødvin. Rødvin av eigen produksjon. For min del blir det som perler for svin, men det fins andre i huset som kan setje pris på slik drikke.

Ymer hjalp oss med avtale om tagliare av oliventre når haustinga er gjort. Elles fekk Giulio frie tøylar til å gå laus på alle tre han ser er i trong for beskjæring. Godt å vite at me har ein avtale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar