Translate

tirsdag 3. april 2018

Det blir fort ein ekstra Italiatur av slikt





Det lagar seg, det lagar seg.  
Korleis ei ramponert  bubilsdør kan bli til Pugliatur kan du få høyra litt om her.
Då Giottiline Graal Y400 stod parkert heilt aleine langt ute på Contrada Coltura  utanfor huset vårt i Latiano, vart den utsett for innbrot. Hadde fantane hatt vit nok til å gå inn ei av dørene i førarhuset, så hadde det ikkje vore noko stort problem. Eitkvart  Iveco-verkstad ville klare å skaffe ny standard-dør. Annleis med bubilsdøra.
Døra inn i huset tok det to månadar for å erstatte med ny. 
Den måtte lagas etter mål, og 26. september fekk den plass der den  nå er.
Bubilsdøra treng ikkje mindre enn 9 månadar på å bli ny. Årsakene til det er mange. Bilen er ikkje heilt ny lenger. Nokre kilometer på baken har den. Akkurat passert 100 000 km på 12 år syns eg forresten ikkje er så ille. Når det gjeld tilgang på deler er det derimot ganske mange år. Ekvipasjens eleganse kjem delvis av at veggene er bua. Fint for augene, ganske så vanskelig å tak i deler som passar.
Abobil på Bryne fekk ikkje svar frå Giottiline fabrikken i Poggibonsi som ligg ein snau times kjøretur sør for Firenze. 
Norli Bil Roa AS på Hadeland er importør av merket for Norge. Eg reiste austover i starten av november full av forventning om at dette skulle la seg løyse. Fekk gjort avtale med forsikringsselskapet Eika om at me fekk vente med oppgjer til etter utført reparasjon. Uti februar fekk eg endelig avklart at ny dør ikkje let seg skaffe frå fabrikken i Poggibonsi for Nordli Bil Roa AS heller. Sidan veggen er bua, må døra og vere det. Etter 12 år finns det ikkje fleire dører på lager heller, det vart mest som om eg fekk heile døra i fleisen. 
Skulle eg bare gi opp, og bygge om den øydelagde døra? I eit siste kjepphøgt øyeblikk sa eg til dei på Nordli Bil at eg fekk bruke kontaktar eg hadde i Italia. Har før vore innom på Eurodue i Poggibonsi og fått ny støytfangar bak på bilen. 
Tok kontakt der pr e-mail, og eit par dagar etter dukka det opp eit svar. Det er då ein lurer på kor materialistisk ein eigentlig er. Euforisk lukkekjensle fekk meg så høg at eg nesten gjekk gjennom taket. Når noko ein trur er umulig, viser seg å likevel vere mulig, då blir eg både letta og glad.
Det blir fort ein ekstra Italiatur av slikt. Så mykje meir input treng eg ikkje før heile turen er nærast ferdig planlagt. 
Litt detaljar stod rett nok att, som det å få avtalt sikkert med Eurodue kva tid eg kan koma dit. Min italiensk er lite å skryte av, heller bør eg vel skjemmast djupt og inderleg. Mange gode forsett gjennom seinaste åra, men resultatet let vente på seg. Ein venn som har gjort byas av seg ville gjere seg på telefonen til Poggibonsi tenkte eg for å få på plass tid for reparasjon. Men nei, han var meir smålåten enn eg trudde. Ei apotekdame frå Catania vart redninga, etter litt venting var Eurodue klar for å gjera avtale. 23. april blir det dørsskifte på bilen, pluss litt anna smårusk eg håpar dei kan fikse. 
Heldigvis vart ingenting av det tekniske øydelagt den gongen eg klinte meg inntil ein gammal Hyundai Getz. Eigaren fann eg ikkje. Politiet vart kontakta, men det er nå meir enn to år sidan, så eg trur ikkje det skjer noko meir på den fronten. Bilen var forresten ganske så herpa frå før av. Tyggi og tape er glimrande til Donald-reparasjonar lik dei eg gjer, men det held ikkje i lengda. 
Eurodue har jo jobba ganske langt inn i materien før. Då vil eg tru dei klarer litt utvortes jobbing og.
Ikkje på vår bil, men dei har tydeligvis fagkunnskapen på plass. På vår bil er det bare litt smårusk med skjørtet som bør ordnas.
Hadde det ikkje vore mykje enklare å få sendt døra hit tenkjer du kanskje. Faktisk ikkje. Blir nokså det same i kroner og øre for døra, men då hadde eg ikkje fått fiksa det andre. Håkull går god for rekneskapen min når det gjeld frakt,  og momsing av dør ved innførsel.
I staden for at Håkull får rundt rekna Nkr 8000 for frakt, blir det nokre tusen på Fjordline og resten fordelt på diverse Tankstelle nedover i Tyskland og Italia. Men ikkje minst, eg får mitt lenge etterlengta møte med


Truleg er der ganske så frodig nå på denne tida. Det tek til å bli passelig varmt, det heile er rett så velbehagelig.
Heimreisa treng eg vel ikkje tenkje på, men det blir vel ein gong det og. Tek meg ein tur heimom for å hente med nedover Anne Marie den 14. mai. 

Elles blir vel ikkje dagane heime frå 9. til 14.mai ein heilt vanlig parentes i mitt liv.  Ein farfar i livet  skal det bli. Ei lita ei er venta å sjå dagsens lys rundt 20. april.  Prosessen med døra har tatt 9 månadar. Tek eg ikkje feil, er det omtrent den tida det tek for eit lite under å utvikla seg slik at ho er klar for møtet med mor, far og farfar. Onklar, tanter, besteforeldre og farmødre er vel ikkje så interessert i det vil eg tru, sjølv om dei sørgjer for å vere i nærleiken når underet skal skje.

Det blir truleg eit imponerande 17.mai tog ein eller annan stad i Puglia. Me i Latiano, Marina Franca og Ceglie Messapica er sprekkhuga alle mann til å få gå i tog. Kven som skal står for musikken har me ikkje avtala endå, men flagg må me ha. 


Denne er vel nasjonaldagen verdig. Kven fiksar ei slik ei?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar