Translate

fredag 29. september 2017

Her ber det frukt

Det obligatoriske "slik var det på flyturen". Ganske lenge sidan eg sist reiste til Italia i lag med Anne Marie.  Fekk sete ved sida av ein utflytta Varhaugsbu. Han hadde same reisemål som eg, men ei litt anna rute. Sjå elles soloppgangsfargane i flyvindu. Det er jo det som er hovudmotive, eller?
Eg landa i Milano og fekk dryge 5 timar med venting der. Fekk kvitta meg med Cappucinokartongen  eg kjøpte før avgang Sola. Gløymte av å drikke den, og slikt kan jo ikkje passere i sikkerhetskontroll. Kartongen frå Tine fekk forresten litt åtgaum. Sjå, sjå. Cappucino. Dermed for den i dunken for beslag.
Medan flyet vidare frå Linate til Brindisi venta på tur, kom det opp eit mindre privatfly som gjorde seg klar. Eg lurer litt på om ikkje det kan ha vore dei tre bukkane RimiReitan som har vore til Italia for å gjere seg pastafeite.

Vel framme i Brindisi stod Varhaugsbuen frå første etappe klar for å gje skyss til Latiano der bilen slik som før stod parkert hos Meggie og Pasqalone. Godt å få litt skysshjelp, så slepp eg å kalle ut Meggie for å hente meg på flyplassen.. Bilen er i godlage den. Starta på første forsøk. Klar for stadig nye oppgåver her i Puglia.
 Eit av mandeltrea bar på haust som eg aldri har sett maken til her hos oss. Plukkar me ned alt blir det fort tyngre enn det me har betalt for på flyet.
Ytste laget, innturka fruktkjøt  skal vekk. Tek ein bryet med å knekke skalet blir det ikkje noko dødvekt av det. Mandelsmør og marsipan + mandel i grøten.
Neste haust trur eg eg må ta bubilen sørover. Så kan eg hauste store mengder av desse fruktene. Ein finn dei i fleire butikkar i Norge og dei er ikkje billege pr. kilo.  Til is og som slush er dei veldig gode desse fruktige fruktene på Fico d'India.  
Fruktene av fantana frå i sommar sitt arbeid på tomata vår er nye dører. Inngangsdøra med engelsk låssystem let seg ikkje reparere med italienske deler. Gitterdøra i stål var så skeiv at den og vart vraka. 

Avtale var gjort med Gioia Infissi. Dørene inn i huset vart  så skeive under forsøket på innbrot i sommar at nye dører måtte til. 
 Vekk med det gamle


To dører skulle på plass att. Ståldør, nå ytst, deretter vanleg dør innafor med glas i øvste delen.
Litt finpuss står att og det vil dei gjera neste torsdag når insektnett/dør er klar for montering.
Her om kvelden var eg i Francavilla Fontana for å ta ut pengar til dørmontørane. Litt mat måtte eg og ha. Enda på Osteria Cegliese, og der var maten meir enn god nok. Mengdene var store og då gjorde det lite om eg sende trippa og sardin ut på kjøkken att urørt.  Mest litt flaut, for etter eg hadde sendt ut trippa forklarte kelneren nøye kva han serverte og spurde om eg kunne ha det. Ei kanadisk, engelsk tysk eit eller anna dame på nabobordet kom bort og spurte: Snakke de norsk? Var visst helst det ho kunne av mitt mål, men kontaktskapande er det jo. 
Heilt sidan vi kjøpte her på Contrada Coltura har me kjendt på trongen etter meir rom. Alt av møbler og reiskapar for "gardsdrifta" må inn for lagring. Det er eit styr er det, først ut og så inn. Me søkte om løyve til eit mindre påbygg som også kunne brukas til soverom om der evt var trong for det. Området er verna, protected var svaret frå kommunen, så då må me visst bare bera inn og bare bera ut og bare bera over med byråkratane som har sagt nei.
Dama på Osteria Cegliese i Francavilla Fontana sette meg på ein ide. Dei hadde ein trullo på 30 m². For å løyse problem med lagring hadde dei skaffa seg ein av dette slaget:
 Nei det vart visst litt vel dominerande med to oppå kvarandre.
Kan du ikkje finna noko som er meir passeleg? Denne rekk jo frå ein kanten av tomta over til andre kanten.

Me får sjå når tanken mognast, om dette kan vera noko å plassere mellom oliventrea våre. Får kanskje undersøkje litt korleis dei kommunale stiller seg til eit slikt alternativ.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar