Translate

onsdag 20. februar 2013

Eg kom ned med beina på jorda


Einskilde saker og ting skulle eg godt tenkt var ugjort. Nå er det rett nok slik at av feil ein gjer, lærer ein. Kanskje ein ikkje treng å lære alt då?  Mor mi herma ofte etter oldefar: Av skade blir man klok, men ikke rik. Han hadde nok eit poeng der. Kva er det så eg har rota meg oppi nå då? Første plan for hausting av oliva gjekk på at pensjonert politimann, komande svigerfar til meglardotter Daniela, skulle ta seg av haustinga. Av ein eller annan grunn gjekk ikkje det i boks. Eg fekk inntrykk av at Guido hadde fått tak i ein meir eller mindre tilfeldig nabo i gata, til å ta seg av jobben.  Då eg kom hit var eg nok noko overgitt over at det låg så mykje oliven att som ikkje var plukka opp. Tenkte ikkje meir enn at han som hadde teke på seg jobben, hadde gjort det han syns var nødvendig.
Naboen på nord var innom her og fekk nok gitt uttrykk for kor lite god jobb som var gjort. Kunne vel eg då vite at Angelo endå var i modus for henting.  Fekk ikkje uttrykt tydelig nok at der var avtale om henting. Naboen i nord er heller ikkje veldig lett å kommunisere med. Nokre, mellom dei Angelo, les på fjeset og kroppsspråket om ein forstår eller ikkje. Når ein absolutt ikkje forstår, blir det valt andre ord, enklare måtar å seie ting på. Naboen, ein mann på omtrent 80, forstår ikkje at eg ikkje forstår. Ikkje vanskelig å forstå at det kan bli rett så utydelig kommunikasjon ut av det.
På føremiddagen i dag kom Angelo på traktor med hengar og sorteringsapparat hengande bakpå der att. Ei som kanskje var mor hans kom i ein liten pickup med sweeper hengande etter. (eg veit betre nå, det var kona) Men kvar er olivenen? Eg får gjere mitt beste når Angelo og Gino kjem innom hit nå i kveld for å klare opp. Gino snakkar engelsk og eg håpar bare at eg ikkje har rota det meir til enn at det let seg ordne opp i.  Ein ung mann i 40 årsalder vil eg tru er meir å satse på, enn dei to gamle som har vore på så innmari intenst at det har vore vanskelig å vere tydelig nok.  Eg har gjort klar papir med alle opplysningar som trengs for framtidig kontakt. Det er det første som må vere på plass. Så må me gjere klare avtalar p kva arbeid som skal inngå i stell og hausting av oliventrea. Kor mykje olje av hausten me skal ha sjølv må og gå klart fram. Kva tid og korleis haustinga, beskjæring og henting skal gå føre seg, det får vere opp til Angelo å fastsetje. Han har nøkkel til porten og den håpar eg han framleis vil ha når me har fått snakka saman. 
Då tok eg til med å klargjere for påske. Helge og Knut kjem hit då, noko me gledar oss veldig til. Husvask må eg mest ta etter å ha vore her eit par veker. Vask ute kunne eg hoppa over, men det er liksom litt greitt er at ser sjebele ut når eg reiser. 
Litlahuset nedi hage, ein gammal utedo sikkert frå tida før Nick og Julie la inn vannklosett, det er sett ut til å vera som eit lite reflektorium. Ein stad å samle tankar, ein stad der ein kan be. 
Før etter, før til venstre, etter til høgre
Er nok ei tid sidan det sist vart gjort noko med veggene der, men nå dei klargjort, og nå veit eg litt meir om korleis det med kalking går føre eg. Treng  noko meir varme enn det me har akkurat no. Går sikkert mykje raskare når det tørkar på kort tid. Same kor, kvite lykter vart det og vegger skal nok bli kvite dei og etterkvart.

Der for han med nøkkelen. Me fekk snakka saman og vart vel innforstått med at det hadde skjedd noko eg ikkje hadde ønskt hadde eg bare visst. Det er dette med språket. Eg må nok setje meir inn på å skaffe meg i det minste eit nivå som held til meir enn bare å forstå prisen i kassen på butikken.  Avtalen er nå heilt klar med handtrykk som underskrift. Frå no av slepp ingen andre til på eigedommen. Det vil seie at Cosimo med gifta heller ikkje skal gjere meir arbeid i forhold til ugras. Det er kanskje litt overkill å kjøre på med jordfresar, men faktisk er det det eg tenkjer å gjera. Litt grønsakhage blir her nok og, men det får bli meir av det etter kvart. Mine luftige sprang då naboen snakka meg rundt for å få lov til å koma på olivenslang øydela heldigvis ikkje så mykje. Eg landa med begge bein på jorda kan du seie. Endå ein kandidat til norsk laks på neste tur. Gino inviterte til bruk av hans B&B. Han er i oppstartsfase og eventuelle gjester eg skaffa han skulle få overnatting for € 25 pr natt. Ca Nkr 190 pr natt er ikkje gale det. For oss har kan det vera veldig greitt å ha ein rimeleg plass å hyse evt gjester. Pr dags dato har me 4 sengeplasser på soverom, 2 på sovesofa i stove og til sommaren har me i tillegg 4 sengeplasser i Giottilinen. Ikkje særleg lågare standard der. Både do, dusj og kjøkken er tilgjengelig der bilen vert parkert. Guido arbeider med ei utviding av huset her. Ekstra soverom med bad til skal det bli så fort det bare let seg gjere.    


Eg har lenge visst at det bu ein liten designar i meg. Denne lampen var vel fin eller?

2 kommentarer:

  1. Jeg syns det er svært inspirerende at du snakker om en ung mann i 40-årsalderen ;-)

    SvarSlett
  2. Du skjønar det gode ungdom, eg kjenner meg helst ung endå sjølv og. I allefall på innsida.

    SvarSlett