Translate

lørdag 16. oktober 2021

Blomekaren

Mangt og mykje må passas på. Når Anne Marie flyg heimover for å feriere, då bli maken kommandert til å vere blomevatnar på tomta vår. Mest slik vatning med vannkanne, men og litt slik vatning med ganske så god gjødselverdi. Underteikna er minst like god til det som Barneys som er i pensjon hos oss medan Knut er på Svalbard på jobb.







Blomane fekk vatn, dei treivst og dei vaks. Dei var rett ut eit syn då fruen kom tilbake og såg kva intenst arbeid hadde ført til. Morgonvatning før varmen tok til og kveldsvatning like i det det vart mørkt. Hibiscus med eit drøss av blomar. Kronblad vart turka for kveldste på kalde vinterkveldar i Helmikhølen. Men så skjedde det såpass mykje i det me skulle reise heim, at skal det bli te av det, får andre ta seg av det og slett ikkje på Vigrestad.

Blomar må passas på. Det fns anna og som må sjåast etter. I Puglia sender dei ikkje sauene til Sirdalsheiane. Sauene går frå jorde til jorde med gjetar som ser til at alt går greitt for seg. Det hender dei tek turen innom ein by, og då er det visst bare å rette seg etter trafikklysa.
Grønt gav lov å gå, og om det ikkje gjekk fullt så fort som med bil, så vart nå kjørebanen klar etterkvart. Rettnok med ein god del sauepertar som bare fekk lov å liggje.
Eg lurer litt på desse gjetarane. Er det dei som eig saueflokken? Kor overnattar dei? Kva gjer dei når temperaturen går opp i det aller høgaste på sommaren? Gjetaren overlever  i motsetning til sauene.


 

onsdag 13. oktober 2021

Heilt til himmels, eller eit godt stykke i allefall.

Me er vane med høge fjell her i Norge, men jammen har dei fjell så det held også i Italia. Til forskjell frå oss nordmenn, som stort sett legg byane våre i låglandet med Røros som heiderleig unntak, så ligg ganske mange italienske byar på høgaste punkt i landskapet. Pietrapertosa er ein slik by. Utrulig fascinerande å sjå korleis husa ligg i forhold til terrenget med smau og gater som buktar seg etter landskapet. 

Litt pause må ein ha undervegs. Så mange slags behov som melder seg når ein fer slik langs vegen. Dei som  har vore på tur i lag med meg veit veldig godt kva behov det er snakk om.
Parkering fann eg, sjølv om det på denne dagen var mange andre turistar og som gjesta byen. Byar med respekt for seg sjølv har ferdige biletrammer i jern med rett namn på byen.
Husa ligg ikkje heilt inn i himmelen, men jammen ikkje langt unna. Det er bratt, så bratt at ein mest kan lure på om dei ikkje fort kan kome på gli ned fjellsida.
Her må alle bilar på veg inn til byen passere. Ligg godt an til kaos, men tek ein det med ro går det nok oftast godt.
Løna for klatring opp til 1088 meters høgd over havet, er utsyn over grøderikt landskap mellom dei høge fjelltoppane.
Ein liten rast fekk eg meg, med litt å bita i og litt å drikka. Bakveggen i lokalet var sjølve fjellet.
Hatten på og munnbind av, klar til å holve innpå litt væte. Det var varmt denne dagen. Tett opp mot 40 grader om eg ikkje hugsar feil.
Med hus dryssa ut i fjellsida vert det og smau innimellem. Smale, kunne lett ta i veggene samtidig på begge sider. Trappemot (nyord produsert av meg) kjem og godt med på slike stader, for her er det mange bratte bakkar og trapper som tek over når det blir for bratt.

Brua her ser ut til å vera bygd for å kome rundt i enden på byen. Der var lite plass for normal u-sving, og då vart det tydeligvis ei bru som løyste det problemet,

Startpunktet for Volo di Angelo låg ganske så mange trinn opp frå sentrum av byen. I pesande varme klarte eg å ta meg opp, måtte mange pausar til. Det er stritt i nærare 40 heite grader å samtidig forsere trapper tilsvarande 10 - 12 etasjar. Men belønninga er god. Dei som vågar får seg ei glideflukt over dalsøkket til ein naboby på neste fjelltopp.

Og me var alle samde om at det hadde vore ein gild tur. Med andre ord veldig samd med meg sjølv i dette tilfellet.


tirsdag 12. oktober 2021

Ikkje gje opp

Det vart etterkvart vanskelig å skrive blogg. Pc-en min ville ikkje samarbeide med mobilen. Til vanlig går det heilt av seg sjølv, men ikkje denne gongen. Var inne på tanken å skrote heile bloggen, men vel heimkomen spør ein av sønnene kor det har blitt av blogginga, og då vart det blod på tann. 

Teknisk sett går det lett å hente bilete direkte frå Google foto nå i nettverket heime. Haugevis med bilete i minnet på telefonen er overført, så då kan eg plage eventuelle lesarar i lange banar. Har nok materiale til lenge etter neste Latianotur. Kva tid det blir er nokså i det blå. Har billett til 16. november, men er usikker på "If I shall or not". Det er fleire ting som spelar inn enn det å ha billett for Stavanger - Brindisi - Stavanger. Meir om det seinare når eg har fått krota ned noko om det som skjedde i løpet av august og september.

Det som har brent seg fast i minnet etter sommaren 2021 i huset på Contrada Coltura er varmen. Lukkeligvis har me hjelp av  vifter, propellar i taket, aircondition og opne vindauge. Likar å tenkje at me og brukar hovudet for å overleve.






Det er faktisk ganske så heftig med slik varme som dette. I løpet av ei veke i juli hadde me 3 slike dagar. Dei andre dagane same veka låg temperaturen tett opp under 40. Korleis kjennest det då lurer du kanskje på? Rett og slett vanskelig å finne ord for det, men tenk deg at du går ned i eit badekar med litt for varmt vatn. Når du badar i den varme lufta blir du ikkje våt, men varmen kryp innpå deg, inn i kvar minste hudfold. Hadde det vore kroppen sjølv som laga varmen hadde du vore ille ute med altfor høg feber. Naturen tek ikkje febernedsetjande, så løysinga vart inneliv på heitaste del av dagen. Morgon og kveld var ikkje verre enn at me kune tåle det.



onsdag 4. august 2021

Troppo caldo, heise hett.

 Det skal sovast også når dagtemperaturen hamnar heilt oppi 42 grader. Blir jo ikkje kaldt sånn straks sola går ned heller. 

Den varmaste natta med temperatur ikkje lenger ned enn til 26 grader, gjekk nå fint den og. 

I slik temperatur er ikkje trongen for dyne veldig stor. Det klarer seg i grunnen med det ein kom til verda med, og det var ikkje ski for min del sjølv om eg er nordmann så god som nokon.

Då får ein bruke det som ligg tilrette teknisk for å klare å sove i adams drakt. Me startar med trylletingen som fiksar  varme og vinteren, og kjøl om sommaren når det trengs. Innstilt på 26 blir ikkje kontrasten altfor stor.

Den syter for tilskot av kjølig luft som kjem både stove, kjøkken og soverom til del. 

Tilskot av kjøligare uteluft sørgjer denne firblada utgåva for. Høgast mulig fart, og då kjenner ein vinden heilt inn på soverommet. 


Ope glas på soverommet er del av totalpakken. Med vifte der ved det opne glaset får me inn litt ekstra av den ørlite kjøligare nattelufta.


Eit godt kjøp var det då me skaffa propellar i taka på soveromma. Skikkeleg skal det vera om enn det kostar nokre Euro. Hadde me satt venger på huset, montert propellane på veggen, så er det sikkert ikkje langt frå at me kunne teke ein sightseeing i frå lufta her i Brindisi regionen.
Me får heller gå inn for landing. Bidrag for å halde passe temperatur på skrotten får me frå hyppige besøk i bassenget som utrulig nok ser ut til å ha blitt tett. 

Badenymfen her sikrar seg forresten tre veker avkjøling ved å ra seg ein svipptur heim. Eg blir gartner og passar på at blomane ikkje turkar bort. Ein og annan svipptur kan det nå bli på meg og, for blomane held nok to tre dagar utan vatn om eg bare gjer jobben veldig grundig før eg fer. Det kan bli alt mulig, høgdedraga nord for Matera, tenkte litt på Napoli, med vart rådd frå pga stor tilstrøyming av folk i det området no som her er ferie for folk flest. På Sicilia har eg vore før, opptil mange gonger. Kanskje Palermo lokkar, eller Corleone eller Bronte på skråningane opp mot Etna.

søndag 1. august 2021

Markens grøde

Dei åtte og eit halvt mål som eigedommen vår her i Pulia måler, kunne vore meir til bry enn glede. Skulle me stått aleine om å halde jorda i hevd, hadde det fort blitt ganske så utriveleg. Men nå er me så heldige at me har fått kontakt med folk av beste slag til å ta vare på oliventre og for den del andre tre som og treng stell.

Me tok turen bort til Giulio og Giulia nå i ettermiddag for å gjere opp for fleire omgangar med traktor på jordet under oliventrea. Harving først, og så slådding i eit par omgangar. Normalt burde ein kan henda avtalt pris på førehand, men erfaring viser at det er ikkje naudsynlig. Arbeidet blir gjort med glede og stolthet.

Så langt har me lite visst om bakgrunnen for dei gode hjelparane våre anna enn at dei opphavlig kjem frå Albania. Son deira Ymer, som er maskiningeniør og jobbar i Torino, var heime på ferie. Sjeldan god i engelsk, og det gjorde at me fekk litt meir  kjennskap til både kva jobb Giulio har og at han er utdanna innan faget stell av oliventre. Samstundes fekk Giulio og Giulia høve til å spør litt om kva bakgrunn eg og Anne Marie har. 

Etter utført oppdrag, vart det spurt om me ikkje ville ha med oss litt friske grønnsaker. Rett frå ortoen vart det plukka nærare 4 kilo, både kjende og ukjende vekster. I tillegg tok Giulia ein tur inn på kjøkkenet og kom ut att med ei flaske rødvin. Rødvin av eigen produksjon. For min del blir det som perler for svin, men det fins andre i huset som kan setje pris på slik drikke.

Ymer hjalp oss med avtale om tagliare av oliventre når haustinga er gjort. Elles fekk Giulio frie tøylar til å gå laus på alle tre han ser er i trong for beskjæring. Godt å vite at me har ein avtale.

lørdag 31. juli 2021

Elezione parlamentarie norvegese 2021

Då det gjekk opp for meg at eg kom til å vera vekke når stortingsvalet skulle gå føre seg, fekk eg nesten panikk. Førehandsrøysting var heller ikkje mogeleg sidan me reiste sørover til Puglia såpass lenge før valget 13. september. Det går heller ikkje så lett å få andre til å stemme for seg, det stemmer rett og slett ikkje. Kva gjer ein så? Det fins ein ambassade i Roma, men litt i lengste laget å reise dit, nære på ein dagstur med overnatting. Ikkje for det, eg hadde gjort det om det hadde vore naudsynlig. Det er både ein rett, men og ei plikt å stemme slik eg ser det.

Så viser det seg at det i Bari, som ikkje ligg lenger vekk enn 11 mil, der er det eit norsk konsulat. 

Gode venner her sør har gjort avtale, og klokka 17 torsdag 29. juli var me klar utfor døra til konsulatet. 

Bilen fekk lov å stå på parkeringsplass merka CC. 

Eg hugsar frå tida då far tok imot førehandsstemmer på Vigrestad at det var veldig nøye. Alle slags opplysningar som dokumenterte kven semmegivar var vart notert. Deretter var det valglister som valgfunksjonær ikkje skulle sjå når den vart putta oppi ein konvolutt. Prosedyren var ikkje mykje annleis her, bare det at nå var det i Bari.

Det er litt høgtid over det når stemme skal avgis. Litt alvor på ein annan måte enn annan kvardagslig alvor.

Når ein skal avgarde på slike alvorssame oppdrag er det fint å vera godt førebudd. Signe saman med assistent og sjåfør Gaute stilte med dette som lunsj. Velsmakande som alltid i den trulloen.

Til laks åt alle kan ingen gjera, men i desse valgtider blir det gjort ganske mange forsøk.

Betre og lettare å fordøye skinke enn om ein skulle ta til på det som vert så rikelig servert i desse dagar: Valgflesk

Ein liten komentar til sjåføren. Lommeparkeriing som ein lek, og då er det lommeparkering det er snakk om.  Ikkje inn i ei luke der det er plass til både to og tre bilar. Respons og reaksjon i tett Baritrafikk som skulle det vera snakk om ein røynd taxisjåfør.

 Takk for innsats både på næringsinntak og transport.

  

fredag 30. juli 2021

Og vannet sank......


Eg har godta meg meir enn ein gong ved problema tjuvane hadde då dei stal oppå bakken bassenget vårt her ved Villa Felizia. Duken, rammeverket, begge deler er til å handtere, men alt vatnet, korleis har dei fått det med seg? Vel 20 tusen liter H20 er ikkje gjort i ei handvending å få med seg.
Men det fins mange måtar å stela på. Bare bittelitt om gongen,men lenge nok kan og vera effektivt.
Nå var det vel ikkje personar av noko slag som tok sikte på å ta frå oss gleda ved 26 tusen liter avkjølande vatn i varmen. Ein aldri så liten sprekk, trua med å velte bassengleda vår.
Det vart som ein bitteliten bekk. Vatn til å fylle på har me jo, men med ein lekkasje pr natt på omtrent 6 tusen liter, vart det tid for åtgjerder.

Nokon kunne fort ha meg mistenkt for å fikse sprekken sjølv. Skal slett ikkje motseie nokon om dei tenkjer eg har fått meganomani. Jo større, jo betre. Nedgravd basseng her på tomta er ikkje aktuelt både av reguleringsomsyn og ikkje mindre av økonomiske grunnar. Då får me halda oss oppå bakken, og der er litt av kvart å velje i. Det største av slaget blir rett så store, nesten 10 meter lange, 4 meter breie og 1,32 djupe. 

Men nå er det altså ikkje eg som har forårsaka sprekken. Me får gjera eit forsøk på å reparere. 
Reknar med at skadestad må vera tørr og nokolunde rein.
 
Store holet er det ikkje som du ser, men vatn finn alltid ein veg ut eller inn om der bare er ei opning.
Fekk tak i tape for takluker, takrenner og anna som skal tåle vatn. Det er forsøket verdt, så nå går pumpene for fylling av dei 26 tusen litrane me måtte tappe ut for å kome til tørr botn. 

Ikkje mindre enn 3 pumper i sving. Den 135 meter nedi bakken går, den i dagtanken går, i tillegg får me hjelp av ei lensepumpe som var god å ha ein gong den gamle cisternen uvilja vart fylt med vatn.