Translate

tirsdag 13. oktober 2015

Rudolf er rød på nesen heilt til Puglia?

Det regna her om dagen. Ikkje bare litt.  Det ausa ned. Då er det godt at hus er hole, slik at me har noko me kan søkje ly i. Det vart mest som jorda hadde fått afro-fletter. Men bare ikkje prøv å stige uti, då dreg du halve åkeren med deg inn på "land" att.
Dei som les bloggen her, veit at me har fått ganske så god kontakt med eit par som driv ein restaurant i byen vår Latiano. Taverna di Pascalone er vel verd eit besøk om du er på desse trakter. Me har hatt Meggi og Pascalone som gjester her på pinnekjøt, og det gjekk godt. Nå var det finnbiff på menyen. Tydelig bevis på at det ikkje alltid er slik at kortreist er best. Heilt frå Varanger til Puglia, det er eit stykke veg det. Men så var det slik at underteikna laga seg til med ein omgang influensa. Tett i nasen, tett  pappen, ustanselig kribling i halsen og ikkje heilt god elles heller. Meggi reiste i dag til Torino for å ta ein planlagt operasjon, så då eg fortalde om min labre form, valde dei å stå over denne gongen. Er jo ikkje så lurt heller å utsetje seg for slik smitte når ein skal opererast. Det vart ein utflytta Varhaugsbu som fekk nyte godt av finnbiffen og som forhåpentligvis ikkje fekk startpakken for min tilstand sist helg.

   

Halvtint reinsdyrsteik vart skoren i tynne skiver og steikt saman med rikelig med løk og sopp. Etterkvart måtte det i same gryta for koking saman med fløyte, sennep, pepar, litt brunost og salt. Smaken vart akkurat slik den skal vera, sjølv om alle ingrediensar utanom kjøtet og brunosten var italienske. 


Tenk, midt i matlaginga måtte eg ein tur til Auchan. Eg skjønar meg ikkje på å lage potetstappe frå botn av utan melk. Eg er inderlig og intenst mot sundagsopne butikkar, men så må ein gjera eit og anna unntak frå regelen om ein skal vera truverdig.
Kastanjehausten hos Sofie og Livar såg ut til å vere stor, men for amatørar som meg og Anne Marie var det ikkje lett å fastslå om dei grøne stikkertballane var mogne. For å kjenne smaken, kjøpte me i butikken. Litt snitting av skalet, ein omgang i omnen, så litt smør og salt og kastamjane var klar for vegen forbi smaksløkane våre ein sundagskveld.

Av og til manglar varer merking på Leroy Merlin. Då brukar det bli eit hersens styr med kø kø kø, og folk i kassen som må kalle opp folk til å hente inn rett pris frå hyllemerkinga. Eg har sett det før, så då dei profilerte listen mangla merking på kvar list, tok eg like godt bilete av hyllemerkinga. Det funkar som bare det.


Corsaen svelgde unna den. 2 meter lange plater må finne seg i å stikke litt ut bak, men ingen problem med å kome seg heim når sola skin og det er 23 grader i gjennomtrekken inni bilen.

                         
Fruktene på fichi d'India på vår eigedom er å finne i tre hovudfargar, røde, oransje og grøne. Dei er alle mogne. I kveld måtte eg prøve å lage sorbet av safta frå desse fruktene. Det smaka godt det. Eg likar det meste som er kaldt og friskt, bare der ikkje er melk innblanda. Endåtil slush, både rød og blå fell i smak for meg. Litt barnsleg er det visst, men ganske så godt på smak.



Elles må eg jo sei at her blir noko tomt og merkelig når steinhentar, kvinnelist og kvinnemakt blir fråverande på tomta.


Anne Marie reiste heim til Vigrestad i dag. 
No må eg finne brillene sjølv. Kan det gå godt?

onsdag 7. oktober 2015

Drone på tokt over parsellen?



Ikkje rusk det dei får til. Ja om du trudde eg hadde skaffa meg drone, så tek du feil. Rett nok var eg ganske frista her i sommar, men så tok fornuften overhand. Mykje er kjekt å ha, men akkurat då var ikkje drone kjekt nok til at eg ville ha. Her om dagen såg eg resultatet av Google sine aktivitetar. Biletet deira er tatt etter 3. juli og før 21. august, for det var i den perioden bassenget var montert. Frå huset og bort til vegen er vårt domene, det er der me prøver å halde rimeleg standard på jorda. Grøderikt som bare det når det gjeld ugras. Sprøyting kunne nok gjort susen, men då hadde ikkje eg fått kjøre fresaren så ofte. Og det å kjøre fresar det er faktisk skikkeleg gildt. Å sjå korleis jorda jorda smuldrar og den rødbrune fargen blir ekstra tydeleg. Påske, sommar og haustferie får jorda gjennomgå av roterande stålblad.
Frå huset og til endes av tomta er Clemente sitt domene. Her er avtalen at han steller trea og jorda under, han haustar og får avlinga pressa. Som løn får han den olja som det vert av hausten. God avling, god løn. Lite avling inga løn. Me skal etter avtalen ha 30 til 50 liter alt ettersom hausten er liten eller stor. 


Her har vore ganske så tett vegetasjon opp mot vegen. Tre som eg har kappa litt og litt av for å hindre at dei breier seg ut i vegen. Kunne mest virke som di meir ein kappa di betre vaks det. Nå vart det kort prosess, trea vart kappa ikkje heilt til rota, men nesten. Dei kjem heilt sikkert opp att. Blir ikkje så glane av den grunn. Hugsar dokter Uberg på Ålgård når kona ynskte å trekke for gardina og han ikkje ville: "Jamen, vi gjør ke no galt." Me gjer heller ikkje så mykje gale, så dei få som fer forbi kan  fælt gjerne for meg få eit lite glimt av bebuarane i Ville Felizia. 
Me har ikkje kome over noko grav frå folkevandringstida eller nokon annan tidsalder for den del. Kapersbuskane må ryddas i anten ein vil nyte synet av blomane, eller ein vil ta knoppane for bruk i matlaging. 
Sist sommar gav me oss litt før alle greinene var saga opp til småpinnar. Var visst dei tynnaste greinene som låg att. Med  nytt godt utstyr rigga me oss til Anne Marie, sagkrakken, eg og saga. Ein fordel er det i allefall med tjuvar som ryddar reint i lagerrom og skur. Det blir veldig god rotasjon på utstyrsfronten. Med heilt ny sag med ny patent for straming av kjede, skulle det vel vera bare velstand. Eg slost med  saga i sikkert bortimot ein time i går. Kva er bruksanvisning? Det er slikt ein kan lesa i om ein blir ståande heilt fast, og eg må kava i meir enn ein time før eg tenkjer eg står fast. Til sist fekk eg leggja på kjedet og strama passelig slik at det ikkje etter første gasspådrag spratt av. Fekk ned nokre tre i går, så i dag skulle vel saga vere i godlune. Ho starta villig som bare det når fikentreet skulle pyntas på. Neste års kolleksjon av fikenblad i størrelsar frå XS til XXXL ligg klar i knutar på greinene, men nå ville me gje treet meir luft. Som sagt, saga starta utan problem av noko slag. 
Når det tok til å mørkna tenkte me at me skulle klare greinene frå i fjor. Fort gjort det med slik ei god ny sag. Men nei, nå hadde den visst jobba nok for i dag. Drog og drog gjorde eg, men helt fånyttes. Kan ikkje stort ta til å dra i kjedet heller. Då kan sangen "Han hadde bare fire fingre" bli veldig aktuell.
Det vart mørkt. Så mørkt at Lidl lampene våre tende. Dei har lyst så trufast på muren ned mot huset. Dei er kopla opp mot den store lyskjelda, sola.  Første gongene me reiste heim tok eg lampene inn i lagerrommet. Glad for at eg har slutta med det, for hadde dei stått der når takfantane var innom mellom påske og sommar i år, ja så hadde dei ikkje stått der meir. Ute blir dei sikker rekna for å vere del av muren, sjølv om eg jo veit at den gråbrune glassfiberkassen bare står heilt laust og er kamuflert i same kvitkalking som muren.
Det har vorte jobba godt i dag. At det ikkje er mørkare, er kun takka vere Samsung Note 4 som faktisk klarer seg med svært lite lys. Men sjølv Samsung eller lyse hovud klarer ikkje lyse opp meir enn dette når skumringa har kome langt nok og det har blitt kveld.

tirsdag 6. oktober 2015

Ein treng all den hjelp ein kan få

Ein treng all den hjelpa ein kan få når halsen kriblar og hovudet kjennest heilt tett trass i at nasen renn konstant. Er ein litt av den sytne sorten skal det ikkje meir til enn dette for å bremse framdrifta. 

Det gamle taket frå Villa Serena har likevel kome på plass. Siste bordet måtte tilpassast noko, Når ein brukar gamle bord er det ikkje lett for underteikna å halde linja heilt. Å splitte eit to meter langt bord med ei lite samarbeidsvillig handsag er meir enn eg orka akkurat nå. Hadde nå endå folk her passa på sakene sine og ikkje latt dei bli stolne, så kunne eg ha lånt sirkelsaga me lånte då dette taket vart laga til.
Men men, let ein saga ligge og slenge innfor altfor tynne garasjevegger av mur, kan ein vel ikkje anna vente enn at folk forsyner seg, om så gjennom hol i murveggen. Hadde garasjeveggene vore laga etter prinsippet "min garasje er min borg", hadde det vore lettare for meg. Då hadde eg hatt tilgjengelig ei sirkelsag   Endå ein gong vart det Leroy Merlin som kunne by på hjelpa som trengs.

Slike små elektrisk stikksager er ikkje lette å kjøre beint med. Denne har laser styrelys og i tillegg ein pinne som skal vise veg. Første jobb gjekk bare heilt flott. Bordet eg måtte splitte, smatt på plass som skulle siste brikke i eit stort innfløkt puslespel.  Kutting av endane på fjølene får bli med hjelp av ei list eg kan føre saga langs.


Som de ser, er ikkje oppsida av taket ferdig endå. Nå har me vore TO avgarde  for å bestemme type. me tok dei billegaste, dei som ikkje gjev seg ut for å vera takstein, som bare enkelt og greitt tek seg av oppgåva å halde vatnet ute. Platene er laga i bitumen, same stoff som dei platene tjuvpakket bare bretta til sides før dei forsynte seg av skuret sine mange gleder. Plater  er nokså like shingel, men noko tjukkare slik at det er mulig med profilar i platene. Får me bare platene frakta hit i Opelen, så bør det gå ganske så lett å få dei på plass på taket. Overgangen mellom takplater og vegg er det sement som skal tette. Det ser ut til å vere slik dei mykje gjer her. 

Her om dagen fekk eg ei melding på mobilen. Kitty, som me vel ikkje har sett på eit kvart århundre, fortalde at ho var på sykling her i Puglia. Starta i Matera, vidare til Alberobello, Ostuni, Lecce og Gallipoli. Santa Maria de Leuca og Otranto skulle dei og til. Me fekk gjort ein avtale om å treffast i Ostuni. Når nokre meldingar går gjennom og andre ikkje, kan det lett bli misforståingar ut av det. 
Men me fekk i allefall til å møtast, og triveleg var det. Uteplassene var opptekne, der var i allefall ikkje plass til oss to halvitalienarar å sitje ute.  Litt parlamentering med kelnerane når Kitty og reisefølgje ville inn for å dele bord med oss. Me fekk bord ned to trapper i ein kjellar med tak og vegger av sjølve grunnfjellet.  Når ein møter folk det er lenge sidan ein har sett, må ein mest ned i grunnfjell når det gjeld vennskap. 25 år vert fort borte når ein tek seg ein tur tilbake i historien til der ein har flest treffpunkt. Interessant måte å feriere forresten. Ein får gode doser av både campagna og småvegar når ein skal trø seg fram frå Matera og heile runden via Santa Maria de Leuca og tilbake til Lecce.


onsdag 30. september 2015

Han vart jammen flat


Det er alltid fascinerande "å fjoga øve" Alpene. Nysnø denne gongen. Går litt fortare enn med bil. Elles viser det att og på slik ei reise at ting endrar seg i Europa. Har aldri før sett væpna politi rundt mange stader i terminalane på Schiphol. Sjefen for Ryan-air er i grunnen ganske tøff. Han ville slutte å krevje innreisedokument av flyktningar og han ville endåtil betale bota flyselskapa får dersom dei fraktar personar som ikke har gyldige papir.



Denne stakkaren var det første som møtte meg då eg kom heim til heim nummer to. Han var ganske så flat kan du sei, men det hadde vel både du og eg vore om me hadde enda i klem slik den gjorde. Hjelper lite då om den har evne til å gå på loddrette flater når den i farten gøymer seg der det akkurat då er aller farlegast. 





Eg er den skuldige, men har ingen problem med å tilgje meg sjølv. Ikkje såg eg stakkaren, ja han hadde sett seg i slik ein penibel situasjon sjølv. Kva skulle han vel der å gjera anna enn å gøyme seg. Ingen mat i gapet på porten. Bare akkurat så vidt rom for den vesle skapningen til å klemme seg inn og håpe at faren over signalet skulle kome fort. Først når eg hadde låst opp porten vart eg var den. Halen levde, men elles var den ganske så død.

Sidan sist for bare 4 -5 veker sidan, rekna eg ikkje med at så mykje kunne ha skjedd, og det hadde det heller ikkje. Så langt eg har sett er det ikkje andre enn autoriserte folk som har vore på ferde.
Sidan sist i august har Clemente jobba med jorda under oliventrea.

Det ser enormt mykje finare ut, og så sparer det han for mykje arbeid i samband med haustinga. Dette året ser ut til å bli det beste året så lenge me har hatt plassen, om det ikkje blir utsett for ei eller anna uhæme av ver i tida frå no og fram til november desember når innhaustinga tek til.

Hadde meg ein trimtur til fots i dag. Det vart slik ein kontrast då eg kom forbi ein lamia (enkelt hus) som står til forfalls med mykje rot rundt. Midt i eit stygt gjerde som såg ut som om det var laga av rusta armeringsmatter strutta desse fram.



Jammen har dei nå jobba for føda tjuvane frå førre episode.  
Med drill, hammar, piede di porco (svinefot som svarar til vårt kubein) og stige tok det ei stund før eg fekk tak på jobben. Når første plata var av, gjekk det fortare. 

Overgangen takplater vegg er tetta eller prøvd tetta med sement som var lagt på over og underside av platene. Ei god stripe med silikon toppa, og det har no vore tett nok så langt. Har ikkje sett renning eller spor av vatn verken på frukostplassen eller inne i cisternerommet. 
Eg tenkjer å bruka same 

prinsippet når taket er skifta med panelbord og shingel.
Det har vore dag for arbeid i høgda. Eit valnøtt-tre vart hausta. Rundt 100 valnøtter vart det av det. Litt stigespenning vart det og. Vårt valnøtt-tre er rett så høgt. Første greinene som støa stigen, gav etter med meg 2 - 3 meter opp stigen. Lukkeligvis var dei av ein litt grovare dimensjon dei neste greinene som stigen traff. Det kan fort gå godt.



fredag 25. september 2015

Det lugga litt . . . .

For 10000 kilometer sidan vart den trufaste Corsa-en sjekka med omsyn til bremser. Det var Meggi som tok bilen og meg med til ein verkstad i Francavilla. Der vart det konstatert at bremsene ville vera fullgode endå minst 10000 kilometer. Det lugga litt når bremsene vart brukt i starten etter at bilen hadde stått i ro nokre månadar. På verkstaden sa dei det skuldast anløp til rust på breseskivene. Beste måten å fikse det på var å bremse litt hardt fleire gonger for å slite vekk det tynne tynne laget med rust. 
Pris for bytte av bremseskiver og bremsebelegg fekk eg, men det kosta ingenting å få det sjekka. Bilen på bukk, av med alle fire hjul og nøye inspeksjon til ein kostnad av null €uro.

Ettersom det nærmar seg retur ti Puglia for min del, har eg meldt ankomsttid til Meggi. Eg spurde henne samstundes om ho kunne gjere ein avtale for meg ved den verkstaden der dei for 10000 km sidan sjekka tilstanden på bremsene. Meldinga tilbake på telefonen lyd slik:   If you want we can bring your car before so when you’ll arrive your car will be ok. Tilbodet var for godt til å seie nei til. Skamvitet mitt heldt på å ta overhand, det er då grenser for kva Meggi skal styre med for vår del. Men så tenkte eg som så: Ho veit at eg veldig fort takkar ja til hjelp, og då skulle hennar erfaring tilsei at ho ikkje skulle by på hjelp om ho ikkje meinte det.
                          


Litt dumt at det ikkje viser meir att når ein skal leggje ut nærare 3000 kroner  for total gjennomgang og bytte av bremsedeler, men det vil nok vise att når ein eventuelt har bruk for ein bråstans, og i eit uoppmerksomt øyeblikk kan det fort nok bli trong for ein slik stans.
   
Slik gjekk det til at Corsa-en får seg ein liten tur før eg kjem nedover tysdag ettermiddag.  

lørdag 12. september 2015

Ta tak for nytt tak

Det er tid for nye tak. Ettersom dei ukjende vennene som var innom ein eller annan gong i mai juni dette året, ikkje var så nøye med korleis dei gjekk frå det,


måtte me bare legge opp til nytt tak. Ikkje plent i varmen i sommar, men nokså snarleg. 

Vår gode venn Livar fekk det for seg at han måtte ha nytt tak over uteplassen sin, og der baud det eg ein sjanse for både han og oss. Vinn vinn må ein vel kalla det. Eg reiv gamletaket hans, og fekk den materialen eg kan gjer meg nytte av. Transportmiddel fekk eg låne. 
Varmen var der lite å gjere med. God var den, men passande for arbeid midt i solsteiken var den ikkje. Når gradestokken ligg mellom 35 og 40 er det ikkje mitt første val å gå på taket for å jobbe. Nå derimot, når temperaturen er på veg nedover skal eg ta tak i taket. Med panelborda frå Villa Serena som undertak, skal det bli eit noko meir solid tak enn det som var. Bølgeplater av bitumen har ikkje stått mot varme og nedbør. Det bølgar der det skal, men og på tvers.
Forsikringsoppgjeret gjekk forresten veldig fint. Gjenkjøp av reiskapar er null problem med Leroy Merlin bare snaue 2 mil unna.
Reparasjon av tak var heller ikkje noko problem. Eg visste at taket var dårlig og hadde difor planar om å skifte det ut. Gjorde bare eit anslag på fjerning av gammalt tak, sette opp pris på nytt tak og gav beskjed om at det nye taket ville eg betale sjølv, men eg kunne godt ha dekning for fjerning av det gamle. Det måtte nokre e-mailar til for å ordne det, men då eg veldig detaljert forklarte korleis eg tenkte, var det visst ok for INTASURE at dei IKKJE skulle dekke anna enn fjerning av gammal tak.  Noko anna som er fint med INTASURE er dei trekkjer ikkje frå på alder. Dei erstattar det det kostar å kjøpe att nye tilsvarande maskinar som det takvennene våre for av med.  I forsikringsoppgjeret etter flaumen her på Vigrestad i august 2014, vart det trekt ikkje mindre enn ca 50000 kr med grunnlag i alder på øydelagde gjenstandar. Akkurat som om me hadde planlagt å skaffe både kjøleskap, fryseskap, vaskemaskin og tørketrommel på ein gong. 

Ein månad aleine i  kan fort bli litt mykje. Anne Marie kjem heldigvis nedover eit par tre dagar etter at eg har kome dit. Då kjem ho til duka bord, der utemøbler er på plass, stova rydda for lagra gjenstandar, golv vaska, kort sagt alt skin. Me får mest eit par veker i lag i Villa Felizia på ei tid der me kan vente godt norsk sommarklima. Ikkje slik som siste sommar, nei passe varme rundt 25 grader og gjerne litt regn i ny og ne. Valnøttene våre skal og bli tatt hand om, og får me ikkje nok er der meir å hente oppe hos "amice di Ceglie". 

Eg blir eit par veker til, og då har eg tenkt meg på ny tur til Sicilia. Leiger hus av ei matglad friskus av ei dame som nå er busett på Nærbø saman med norsk ektemann og ein liten norsk-siciliansk etterkomar. 
Kan fort bli ein dag til på vulkansk grunn, for staden der eg skal bu ligg ved foten av Etna. San Giovanni La Punta er heller ikkje langt frå Catania. Ein og annan bytur blir det ve og, og denne gongen vil eg prøve is i lompe. Pistasjeis servert i ei flat tynn kake rulla saman som om det skulle vere pølse i lompe.