Translate

torsdag 4. september 2025

Sommar nr 3 dette året.

Den plassen som gjev ei kjensle av etablert ro, kom ikkje med i førre blogginnlegg. Ikkje på grunn av at det ikkje er viktig, snarare tvert om. 

Dei som bur der visste eg ingenting om då me skaffa oss hus i Latiano. Vår venn Livar, ein kontakskapar av rang, har satt oss i kontakt med mange andre nordmenn ramma av Italiasjuke. Gaute og Signe er mellom dei mest hardnakka. Dei har flytta til Puglia for godt. Etter ferdig yrkesliv i Norge flytta dei inn i Pernoll, ein seglbåt. Tilværet  som farande båtflyktningar i Middelhavet tok slutt då dei fann ein nyrestaurert trullo i Locorotondo. Og der har dei blitt verande i mange år. 

Ein fantastisk bil dette. Du går ikkje inn i den. Du tek den på.


I år hadde avtale om å feire 17.mai i lag med Gaute og Signe på La Silvana. Silvana er staden der me får ekte mat , laga frå botnen av med lokale råstoff. Råstoff som Aldo sjølv har sanka slik han gjer med trøffelen som me fekk oppå speilegg av vaktel. Rettane her brukar å vere mange. Det tek timar å ete seg gjennom menyen i eitt måltid. Minnerik plass. Det var der eg for første og einaste gong fekk oppleve a kjøre ein ekte Cinquecento. Slik vart eg for verten heitande nettopp Cingquecento

Trullo Pernoll har historie. Hatt funksjon både som skule, stall og danseplass. Nå smakfullt restarert slik at både det opphavelige kjem fram samstundes med at det er ein praktisk stad å bu for dei som no held hus de.
Pergola gjev skugge i ein solrik tilværelse i Puglia.
Basseng må ein ha i varmen. Detter er ein del meir påkosta versjon samanlikna med et me har. Heilårsdrift her, men tildekka og ikkje i bruk i vintersesongen. Her er rettnok haust og vinter ikkje slik som sme er vane med på Jæren, men badeliv er vel ikkje det osm står øvst på ønskelista i nov, des, jan, feb og mar.
Me er i grunnen heldige som får lov å ta med oss trekkfuglar som flyg heile vegen frå Norge til Puglia på besøk i Cupa. I dette tilfellet var dei besøkande sjølv røynde seilarar, om enn ikkje så langvegsfarande som til Middelhavet.
Halve moroa er nå litt å friste med ein ekstra sommar når sommaren her på Jæren er over. I sum har me nå hatt ein veldig god sommar. Litt tid til å få det med oss har me jo og hatt sjølv om  tida vår frå 11.mai til nå stort sett har gått med til salg, rydding og flytting og inn i ny leilighet med alt det inneber. 17.mai vart forresten feira alt den 11.mai. Me var annige etter å kome oss heimover att og Gaute og Signe akseptert at me kunne late som om 11. mai var 17.mai. 
Ser greitt ut med temperaturen her. Vårt enkle basseng skal fyllas. Sikkert nok solvarme til å få opp temperaturen til det som passar oss. Vatnet tek me rett frå vår eigen borebrønn, så det er bare kapasiteten på brønnpumpa som bestemmer kor fort det skal gå. Tek jo litt tid med 26000 liter som skal opp frå 135 meters djupn. For nokre er det sikkert nok med 20 grader som vatnet held når det blir pumpa opp, men eg likar det betre når det er nokre grader meir enn det.
Elles er me jo spent på korleis det ser ut rundt "casa a strada senza nome" no som det er etablert vatning både her og der på tomta. Oliventre var vel første prioritet, så fekk nokre epletre litt hjelp med væte og når Giulio og Bøje først var i gang, fekk sitrustrea og eit blomebed også meir hjelp til å overleve. Tenkjer nok graset rundt det er vatna og har hatt gode forhold.